Studere medisin? Vel Haugesund
Kjenn du ei legespire er dette rette tida for eit studietips før søknadsfristen går ut.

15. april er alltid siste frist for å søke om opptak til høgare utdanning. Datoen er også første søknadsfrist – nokon gong – for å bli utdanna lege i Haugesund.
Heiko Bratke er overlege, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og fagleg leiar av Vestlandslegeprosjektet i Helse Fonna. Han håper mange lokale vil søke.
– Vi har ein gjeng skikkeleg engasjerte legar som gler seg til at medisinstudentane skal komme. Eg lovar at vi skal ta godt vare på deg som kjem til oss.
Ein studiestad der du skal trivast
Målet som er satt er å utdanne 80 % av legane vi trenga sjølv. Difor er det oppretta fleire studieløp der ein del av medisinstudiet skjer ved sjukehusa. I Helse Fonna er dette ein del av ordninga kalla Vestlandslegen. Dei første tre åra er ved Universitetet i Bergen, medan dei siste tre er i Haugesund.
– 20 plassar er lagt til oss, forklarar Bratke.
– I samband med dette tilpassar vi no lokalar for å legge til rette for ein solid fagleg utdanning. Men vi planlegg også den viktige sosiale biten. Studentane skal trivast i Haugesund.
Klinikknært og mykje pasientkontakt
Bratke er verkeleg ein av dei engasjerte legane.
– Dette er ein sjanse vi ikkje kunne gå frå oss eller studentane.
Han ser på dette som et akademisk løft for sjukehusa våre, og som vinn for studentane.
– Dei som vel å ta utdanninga i Haugesund vil få ein klinikknær utdanning med mykje pasientkontakt, framhev han.
– Når du har studert hos oss stiller du sterkt til arbeidslivet. Både på grunn av den praksisnære, solide utdanninga, men også fordi du allereie kjenner det lokale nettverket og fagmiljøet godt.
Svara på alle dine studiespørsmål
Sondre Gunleiksrud er prosjektleiar for det meir praktiske. Han har samla det du måtte lure på som framtidig student.
Når kan du søke på medisinstudiet i Helse Fonna?
Du kan søke no på studiestad Bergen-Haugesund innan 15. april. Om du kjem inn startar du å studere i Bergen til hausten og kjem til Helse Fonna i august 2029 for å fullføre dei tre siste åra.
Korleis vil dei tre første åra av studiet vere?
Då vil du studere ved Universitetet i Bergen. Men, allereie no til hausten legg vi opp til ein studietur til Haugesund. Dette blir mest sannsynleg i november. Vi planlegg å treffe deg før det, og vil halde regelmessig kontakt med deg gjennom dei tre åra du er i Bergen.
Kva kan du forvente når du kjem til Helse Fonna?
Det blir spennande. Studentarealet blir midt i indrefileten i sjukehuset. Vi skal bygge om den gamle intensivavdelinga til flotte moderne lokalar. Desse lokala ligger ganske sentralt i sjukehuset slik at det blir kort veg til alt. Det som også blir spennande er at studentane vil vere tett på forskingsmiljøet vårt då forskarane sitt i nabolokala. Det same med simuleringsmiljøet vårt, som vil vere vegg i vegg med studentlokala. Høgskolen er også ein nær og god nabo. I tillegg vil vi jobbe tett med samskipnaden og knytte studentane til det gode studentmiljøet vi har her i Haugesund.
Vil du kunne jobbe hos Helse Fonna medan du studerer?
Ja, sjukepleiarstudentane jobbar jo her allereie, og det vil dukke opp moglegheiter også for medisinstudentane. I tillegg vil det nok vere gode moglegheiter for å jobbe utanfor sjukehuset også. Haugalandet har eit variert og spennande næringsliv, så her er det moglegheiter også for eventuell partner.
Kven kan søke?
Alle som består opptakskrava til medisinstudiet kan søke.
Kvar kan eg bu?
Vi skal jobbe godt saman med dei lokale aktørane for å sikre at det er eit godt tilbod til deg som treng det.
Vil det vere ledige jobbar etter studiet?
Det vil alltid vere behov på sjukehusa og i kommunane.
Kvifor Haugesund?
Hos oss får du noko unikt med å vere tett på våre fagmiljø. Undervisinga vil i stor grad vere pasientnær, noko som er utroleg lærerikt og spennande. Du vil i all hovudsak bli lært opp av våre dyktige legar. Vi gler oss til du kjem.