Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styremøte: Ei retningslinje for trygg skulder

Styremøtet før påskeveka var på Stord sjukehus.

Eirik Dankel
Publisert 27.03.2026
En mann som står foran en gruppe mennesker
Ole Marius Ekeberg er avdelingsoverlege i Avdeling for rehabilitering på Stord. Han snakka om skulderplager. (Alle foto: Eirik Dankel)

Det heile starta fagleg om skuldrene våre.

Ei trygg skulder

Ole Marius Ekeberg er avdelingsoverlege i Avdeling for rehabilitering på Stord. Han stilte følgande spørsmål:

«Gir innføring av ei retningslinje betre pasientforløp og tryggare legar?»

Litt fakta først. Muskel- og skjelettlidingar er ein av dei store utfordringane våre, forklarte Ekeberg.

– Faktisk er det blant dei største ikkje-dødelege plagene. Og det er ei betydeleg plage for dei som har det.

Så kjem ein liten brannfakkel.

– Trening er viktig. Løysinga er ikkje i hovudsak kirurgi. Fastlegar opplev at skulderlidingar er vanskeleg.

Saman med forskingskollegaer, i samarbeid med Helse Vest, Universitetet i Oslo og Allmennmedisinsk forskingsfond, er det utarbeida retningslinje for behandling av skulder. Ekeberg kallar det «Trygg på skulder».

– Vi så at det mangla ein rettleiar for skulderplager i primærhelsetenesta. Difor er det høgt forbruk av avanserte undersøkingar som MR og at pasientar tidleg blir sendt til spesialisthelsetenesta. Effekt av implementering av tiltak er vanskeleg. Korleis kan vi få det til?

– Som helsepersonell må vi ikkje henge igjen i gammal praksis, men det er vanskeleg. Kan vi implementere denne retningslinja vi har laga? Kan vi endre klinisk praksis? Vil pasientane ha nytte av det? Og påverkar det kor mykje vi bruker av ressursar? Vi veit at overdiagnostikk kan føre til at fleire uroar seg. Forsking syner at enkel informasjon til pasientar gjer at bruken av diagnostikk går ned. Korleis kan vi nytte oss av slike lågt hengande tiltak?

Spørsmåla har ført til forsking. I forskingsprosjektet som følgde fekk alle som møtte til fastlegen med skulderplager tilbod om å vere med. «Trygg skulder»-prosjektet rullar vidare.

– Dette er eit utruleg spennande prosjekt og det første eg høyrte om i Helse Fonna, kommenterte administrerande direktør Anders Hovland etter presentasjonen.

Styremedlem Anne Marit Særsten Halvorsen har erfaring som fastlege og er kommuneoverlege i Bømlo.

– Det er spennande at det kjem så nært på primærhelsetenesta. Eg opplever at det kan vere vanskeleg for ein fastlege å nå fram. Vi treng å styrke dette.

En kvinne og en mann som ser på en projektorskjermStyremedlem Anne Marit Særsten Halvorsen har erfaring som fastlege og er kommuneoverlege i Bømlo.

Evaluering av sjukefråvær 2025

Å redusere sjukefråværet er ein del av Helse Fonna sin strategi for kvalitet, pasienttryggleik og berekraft. Målet er å fremme helse, førebygge sjukdom og utvikle ein helsefremmande arbeidsplass.

HR-direktør Siren Eldøy Hinderaker presenterte sjukefråværet for 2025.

– Helse Fonna har hatt ein god utvikling i 2025, konkluderte ho.

– For å halde fram den positive utviklinga må vi vidareføre innsatsen i einingar med særlege utfordringar, styrke leiarrolla, sikre god oppfølging av sjukmelde og halde høgt fokus på arbeidsmiljø og bemanning. Arbeidet som er gjort i 2025 gir eit solid grunnlag for vidare forbetring i 2026. Vi er blant dei med lågast sjukefråvær i Helse Vest. Tala er også låge sett i eit femårsperspektiv.

Hinderaker trekk fram langtidsfråværet som ei sentral oppgåve.

– No skal vi jobbe vidare med å redusere langtidsfråværet. Vi jobbar systematisk for at våre tilsette skal være på jobb, i godt samarbeid med NAV, med eigen oppfølging av tilsette og vi satsar vidare på rekruttering.

Her er leiar viktig.

– Vi satsar på leiing og gode leiarar, ein god kultur og bra arbeidsmiljø. I Helse Fonna skal det vere trygt.

Gjennom året har mange leiarar delteke på samlingar som har handla om oppfølging av langvarig sjukefråvær. Dette er ein del av Spekter sitt IA-program.

– Og så skal vi fortsett det nære samarbeidet med NAV, tillitsvalte og vernetenesta vår, avslutta Hinderaker.

En mann som holder en presentasjon
Administrerande direktør Anders Hovland presenterte status for Helse Fonna.

Årleg melding og årsrekneskap

I møtet fekk styret presentert årleg melding, årsrekneskap og berekraftsrapport for 2025.

– Eg vil takke for ei god årleg melding, sa styreleiar Petter Steen jr., før styret gjekk vidare til årsrekneskapen.

Fjoråret var det 23. driftsåret til Helse Fonna. I 2025 hadde Helse Fonna ei omsetning på 5 560 millionar. Av dette var 1 159 millionar kroner pasientrelatert inntekt inkludert ISF, 4 289 millionar kroner rammefinansiering og 112 millionar kroner andre inntekter.

Årsresultatet for 2025 var minus 81,6 millionar kroner. Dette utgjer eit negativt avvik på 91,6 millionar kroner mot eit budsjettert overskot på 10 millionar kroner. Avviket skuldast i hovudsak høgare kostnader enn planlagt knytt innan varekostnad og kjøp av helsetenester samt lønns- og personalkostnader.

– Mykje bra skjedde i Helse Fonna i fjor, men økonomien vår blei ikkje heilt slik vi trudde den skulle bli. Det ble tydeleg så seint som i februar i år, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Ved gjennomgang av rekneskapen for 2025 blei det oppdaga ein feil på ein av balansekontoane.

– Årsaka er ein feil i eit av systema våre etter ein IKT-oppdatering tidleg våren 2025. Dette medførte at ikkje alle kostnadane våre ble regnskapsført. Denne feilen tok vi med oss gjennom hele året og inn i januar 2026. Dermed så det ut som vi hadde eit betre økonomisk resultat enn vi faktisk hadde. Dette er no korrigert.

Dei siste to åra har Helse Fonna hatt ein klar satsing på faste hele stillingar og å flytte arbeidstida frå overtid til normal arbeidstid.

– Å redusere bruken av overtid, vikar, ekstraarbeid og innleie er dei viktigaste økonomiske tiltaka vi kan gjere. Vi ser at til tross for auken i stillingar har vi ikkje greidd å redusere dei variable lønskostnadene tilsvarande, sjølv om mykje godt er gjort også i 2025. Ei rekke gode tiltak og planar er lagt inn i budsjettet. No sett vi i verk vidare planar for å sikre at desse tiltaka har den planlagde effekten, og vi arbeider med vidare tiltak, utdjupa Hovland.

Å sikre ei god økonomisk utvikling er viktig for alle som brukar tenestene i Helse Fonna, også for dei tilsette.

– Målet vårt er som alltid å sikre god og sikker pasientbehandling, og gode, trygge arbeidsplassar der alle kan trivast og utvikle seg. Då treng vi ein økonomisk drift som gjer at vi kan fortsette å investere i bygg, utstyr og medarbeidarar, framheva administrerande direktør.

– Vi i styret gir vår støtte til dei tiltaka som er sette i gong, uttala styreleiar Petter Steen jr.

– Det er viktig at vi kjem i balanse i 2026, og styret ber administrasjonen iverksette nødvendige tiltak for å oppnå balanse i drifta og sikre vidare økonomisk handlingsrom og investeringsevne. Styret ber også administrasjonen oppretthalde det gode arbeidet med å sikre god tilgang til tenestene og reduserte ventetider, og oppretthalde høgt fokus på auka nærvær og arbeide vidare for å sikre eit lågt sjukefråvær.

Tal og fakta

Aktivitet

Så langt i 2026 har det vore ein reduksjon i talet på tilviste pasientar samanlikna med same periode i fjor. Nedgangen er størst i januar med 9 % mot januar i fjor. Det er også ein liten nedgang i talet på pasientar kategorisert som augeblikkeleg hjelp.  

Ventetid og fristbrot

Ventelistekøen blir stadig redusert. Ved utgangen av februar var det over 800 færre på venteliste enn i februar 2024.

Arbeidet med ventetidsløftet held frem, og i februar var gjennomsnittleg ventetid for ventande i føretaket 51 dagar. Innan somatikk var ventetida 53 dagar, psykisk helsevern vaksne 30 dagar, psykisk helsevern barn og unge 25 dagar og rusbehandling 15 dagar.

– Ventetidsløftet har lykkast. Det vil eg slå fast, seier administrerande direktør Anders Hovland.

– Vi ser vi er innanfor krava, og har også gode resultat på median tid til tjenestestart i tråd med den vidare satsinga på ventetider.

I januar var det 316 og i februar 391 færre pasientar som venta enn på same tid i fjor.

Det blir også gjort eit godt arbeid med talet på fristbrot som er redusert med rundt 64 % frå februar 2023, og med om lag 14 % frå februar 2025. Det var 86 færre fristbrot for ventande i januar enn føregåande år, og tilsvarande 47 færre i februar.

- Vi må bygge gode fagmiljø, saman, for å forebygge fristbrot. Dette arbeidet slepp vi ikkje, fastslo Hovland.

Utskrivingsklare pasientar

Talet på utskrivingsklare pasientar er framleis høgt og på nivå med same periode i 2024. Det er samstundes halvert samanlikna med tala i starten av 2025.

Likevel, rapport per 31.12.2025 syner at 86 % av utskrivingsklare pasientar i Helse Fonna med behov for kommunale tenester blir skrivne ut same dag som dei er melde utskrivingsklare.

Strategisk samarbeidsutval (SSU) i helsefellesskapet har gjort vedtak om at det skal utarbeidast tiltaksplan for å handtere situasjonar med mange utskrivingsklare pasientar. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Helse Fonna og kommunar har starta arbeidet med å lage utkast til plan som skal leggast fram for SSU.

Økonomi

Det er avvik mot budsjett per februar. Avviket er primært knytt til variable lønnskostnader. Storleiken på avviket heng mellom anna saman med eit relativt høgt fråvær og auka behov for ekstra bemanning i perioden.

Vidare har ikkje dei planlagde tiltaka hatt tilstrekkeleg effekt mot budsjett på dette området. Som følgje av underskotet så langt er det sett i verk ytterlegare tiltak og innsats for å bremse farten, samt sikre realisering av dei tiltaka som allereie er innarbeid i budsjettet.

Det inneber eit negativt budsjettavvik på 36,4 millionar kroner.

Sjukefråvær

Sjukefråværet i februar 2026 var 8,9 prosent. Talet er under femårsgjennomsnittet, men framleis over både IA‑målet og målet for Helse Vest. Gjennomsnittleg sjukefråvær så langt i 2026 er 8,8 prosent.

Helse Fonna ligg på nivå med dei andre føretaka i Helse Vest i februar månad, men hadde gjennom store delar av 2025 eit sjukefråvær stort sett på eller under gjennomsnittet for Helse Vest.