Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Laurdagsvistitten

Kva gjer Jan Christian Vestre ein laurdag føremiddag i Haugesund? Besøker gastroenterologisk poliklinikk, vel.

Eirik Dankel
Publisert 21.03.2026
En gruppe mennesker som står i et rom
Roleg føremiddag er roleg på ein poliklinikk, men eit perfekt tidspunkt for ein god prat om eit fantastisk kvalitetsarbdeid. F.v.: Jeanette Pedersen, Jan Christian Vestre og styreleiar i Helse Fonna, Petter Steen jr. (Alle foto: Eirik Dankel)

– For ein fantastisk snuoperasjon og utvikling de har gjort, sa helse- og omsorgsministeren.

Avdelingsleiar Jeanette Pedersen og funksjonsleiar Ida Dankel Seim oppdaterte statsråden på forbetringsarbeidet dei har gjort dei siste åra innan koloskopi.

Det kjem pasientane skikkeleg til gode. Både i form av kvalitet og ikkje minst det store arbeidet som er lagt ned i å få ned ventetida.

– Vi har mange som skal til undersøking og kontroll. Vi har satt oss ein nullvisjon for ventetida, forklara Pedersen.

Difor har den dedikerte gjengen teke både kveldar og helger i bruk. Som denne laurdagen.

– De gjer ein kjempejobb for pasientane, rosa Vestre.

– Og så må det vere fagleg tilfredsstillande også?

– Det er godt å kjenne at vi har kontroll, svara Pedersen.