Treng du hjelp?
Vi kan:
- hjelpe deg med registrering på skjerm eller mobiltelefon når du kjem, og viser deg korleis du betaler etter timen
- finne rullestol eller rullator viss du treng det
- følgje deg til oppmøtestad og viser veg til avdelingar, bygg og stader
- følge deg til kiosk, apotek, kantine, røykeområde
- vente saman med deg på venterom
- prate med dei som ynskjer det
- svare på enkle spørsmål
- Bistå med andre ting ved behov.
Kor finn du oss?
- Du finn oss i resepsjonen på sjukehuset
- Vi går kledd i rød vest tydelig merket at vi er frivillige
Har du lyst å jobbe som frivillig?
Frivilligkorpset i Helse Fonna starta i oktober 2020, og i dag har vi om lag 50 frivillige ved Haugesund sjukehus. På Stord sjukehus er det 25 frivillige.
Som frivillig kan du gi pasientar og pårørande ei betre oppleving av sjukehusopphaldet.
Våre frivillige skal ikkje erstatte oppgåver og ansvar som ligg til våre tilsette, men vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset. Frivillige har teieplikt.
Sist oppdatert 20.05.2026
