
Møt psykologistudentane
Kvart år kjem psykologistudentar til oss for å få praksis. I år har vi snakka med tre av dei – for å få eit innblikk i den nye kvardagen deira.
Kvart år kjem psykologistudentar til oss for å få praksis. I år har vi snakka med tre av dei – for å få eit innblikk i den nye kvardagen deira.
Studentane Maria Havmøller (frå venstre), Christine Bringsvor Krakk og Thea Haugland er no i sitt sjette og siste år på psykologistudiet ved Universitetet i Bergen. I august starta dei praksisopphaldet sitt i Helse Fonna som varar fram til jul.
Vi møtte dei på Haugesund sjukehus.
– Eg ville utvide bobla mi litt, utfordre meg på det å bo ein anna plass, møte nye folk, og kome inn i eit nytt miljø. Eg gru-gleda meg litt, men det var null problem. Eg glei rett inn i miljøet, seier Thea Haugland.
– At ein får dekka opptil 10.000 kroner til bustad var òg ei stor gulrot.
Ifølgje studentane er noko av det som gjer at Helse Fonna skil seg ut, er at de sjølv kan forme praksisen sin.
Psykologistudentane kan velje om dei vil jobbe med vaksne, barn og unge, rus og avhengigheit, nevropsykologi, habilitering eller klinisk helsepsykologi.
Haugland var ikkje i tvil då ho skulle velje spesialitet. Ho valde å ha sin praksis ved BUP, der handlingsrommet er stort for å vere kreativ i lag med barn og unge.
– Eg synast det er fint at eg sjølv fekk velje avdeling og pasientgruppe. Det er ikkje alltid gitt at det er sånn alle stader, forklarer ho.
– For meg er det utrulig kjekt å jobbe kreativt med barn og unge. Det er så lett å bli reven med i lag med dei – og med dei andre psykologane eg jobbar med, der fleire også er unge.
Helse Fonna har ei eiga gruppe som følgjer opp unge psykologar, og tilbyr dessutan fadderordning. Psykologane har eit sosialt nettverk som går på tvers av avdelingar i heile føretaksområdet.
Det er med andre ord lett å knytte kontaktar og bli kjent med Haugalandet når du jobbar i Helse Fonna.
– Vi har mange aktivitetar for studentar der ein kan vere sosial og få ein god overgang frå studentlivet, opplyser Ingrid Camilla Aasbøe Heggland. Ho er utdanningsansvarleg psykologspesialist i Helse Fonna, og følgjer studentane tett gjennom praksisopphaldet.
Christine Bringsvor Krakk har sin praksis på Haugaland DPS. Ho forklarar at kollegaene byr på mykje for at ho skal føle seg godt ivareteken.
– Det er alltid noko som skjer, alt frå quiz til middagar. Dei er inkluderande og tar godt ta vare på meg. Det gjer det ekstra kjekt å kome på jobb.
Maria Havmøller støttar kommentaren og seier at ho òg trivst godt ved Stord DPS, der ho har praksis.
– Kolleagene byr mykje på seg sjølv, og det er låg terskel for å vere med på ulike aktivitetar, seier ho.
So kva kan du forvente i praksisopphaldet ditt. Det er ikkje reint lite.
Hos oss får du:
Bli betre kjent med Praksis som psykologstudent - Helse Fonna HF