Men praksis først.
Vi har eigen samarbeidsavtale med psykologutdanning ved Universitetet i Bergen. Det er til god hjelp for deg som ønskjer deg ei fantastisk praksistid.
Hos oss får du
- Vere med å skreddarsy praksisen din.
- Få dekka utgifter til bolig.
- Brei praksis, gode utfordringar.
- Jobbmoglegheiter etter praksis – med god lønn
- Rettleiing frå praksisstad kva veke. Rettleiing i gruppe.
- Undervising – internundervisning ved praksisstad og klinikkdekkande fagdagar.
- Konferansedeltaking på Schizofrenidagane.
- Du blir trygg i psykologrolla.
Bustad
Helse Fonna dekkjer i perioden 2025 og ut 2028 utgifter til bustad for psykologstudentar i eksternpraksis frå universitet i Noreg. Primært dekkjer vi utgifter til leie av sjukehuset sine eigne leilegheiter. Dersom desse ikkje er tilgjengelege dekkjer vi inntil kroner 10 000 per månad. Utgifter blir refundert praksisstudent ved å registrer utgifter via reiseportalen vår.
Kven kan du henge med?
Vi har lyst til å bli kjent med deg. Hos oss er det ei eiga gruppe for unge psykologar, dessutan har vi fadderordning.
Vi er mange som vil hjelpe og gjere deg god.
Det sosiale nettverket vi har laga for unge psykologar er på tvers av avdelingar i heile Helse Fonna-området. Her har vi lav terskel for å knytte kontakt og bli godt kjent med Haugalandet i praksisperioden, vere sosiale og skape ein god overgang frå studentlivet.
Moglegheiter som psykolog i Helse Fonna
Spesialisering for psykologar
Helse Fonna har organisert rotasjonsplanar og individuelle utdaningsplanar for saumlause overgangar i praksiskrav til spesialitetar vi prioriterer. Som psykolog kan du velje blant fleire spesialiseringar
- Barne- og ungdomspsykologi
- Vaksenpsykologi
- Rus- og avhengigheit
- Nevropsykologi
- Habiliteringspsykologi
- Klinisk helsepsykologi (gjeld sjukehusfunksjonar)
Les meir om spesialistutdanninga for psykologar på psykologforeningen.no
Vidareutdanning
Som psykologspesialist og psykolog i spesialisering kan du også ta andre aktuelle vidareutdanningar når du jobbar i Helse Fonna.
- Psykoterapeutiske metodar
- Rettleiar
- Kurs for å ha inneha vedtakskompetanse
- Frittståande kurs i utgreiingsmetodikk og relevante kliniske tema
Utvikling og fagleg fordjuping
Psykologspesialistar har krav på utdanningspermisjon med lønn i minimum fire månader per femårsperiode.
Forskingsløp
Helse Fonna har ein sterk forskingskultur og mange psykologar har gjennomført sine doktorgradsforløp hos oss.
Klinikk for psykisk helsevern og rus har ulike forskingsgrupper som tilbyr blant anna data og forskingsstøtte til å gjennomføre doktorgradsløp eller skriftleg arbeid i høve spesialitet. Dersom du etter fullført utdanning ønskjer å kombiner klinisk arbeid med forsking, er det mogeleg å leggje til rette for dette gjennom gode rammer og eit fagleg støttande miljø.