Psykiatri, minimum 5 år
Utdanningsplanen gjeld for Lege i spesialisering (LIS) 3 i voksenpsykiatriske avdelingar i Klinikk for Psykisk Helsevern og rus, Helse Fonna. Det vil sei Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, Valen sjukehus, Stord DPS, Folgefonn DPS og Haugaland DPS.
Den overordna utdanningsplanen skisserar eit «idealløp» og er eit rettleiande dokument. Ikkje alle LIS vil starta i akutteneste, og både kurs og læringsmål er rettleiande.
Fleire av læringsmåla vil kunne oppnåast ved fleire læringsarenaer, og nokre vil ikkje kunne godkjennast før mot slutten av spesialiseringsløpet. Ved alle læringsarenaene må ein ha minst 3 månader samanhengande teneste for at denne skal godkjennast. Det er likevel ei oppfordring om at ein etterstrebe å få 9-12 månader samanhengande teneste ved kvar læringsarena.
Døme på utdanningsløp
- Akutteneste: 12 månader.
- Rehabiliteringsteneste: 9-12 månader.
- Fordjupningsteneste: 9-12 månader.
- Poliklinikkteneste: 12 månader.
- Valfri teneste: 12-18 månader.
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna er organisert i 2 sjukehuseiningar; Haugesund og Valen, samt 3 Distriktpsykiatriske sentre (DPS) og 2 Barne-og ungdomspsykiatriske klinikkar (BUP). Begge sjukehusa har akutt- og ØH-funksjon for sine opptaksområder Haugaland/Sunnhordland. DPS og BUP skal ha ansvar for størstedel av dei allmenpsykiatriske tenestane med poliklinikk, dagbehandlingstilbod og døgntilbod.
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna har godkjenning for utdanning av legespesialistar innan:
- Barne- og ungdomspsykiatri (BUP)
- Psykiatri (VOP)
- Rus- og avhengighetsmedisin (RAM).
Hausten- 25 vart det oppretta ny Avdeling for Rus- og avhengighetsmedisin (ARA) med følgjande einingar: Avgiftningspost, Tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) poliklinikk, TSB post og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) poliklinikk.
Organiseringa av tilbodet innan BUP og RAM vil ikkje bli nøye omtalt i denne teksten i høve LIS-utdanning i psykiatri.
Opplæringsarenaer for psykiatri (VOP) i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna
I Helse Fonna finnes 2 Sjukehus-DPS-system hvor LIS kan fullføre heile utdanningsløpet sitt:
- Valen sjukehus-Folgefonn DPS-Stord DPS-Valen sjukehus
- Haugesund sjukehus-Haugaland DPS-ARA-Haugesund sjukehus
Valen sjukehus
Valen sjukehus - Helse Fonna HF
Valen sjukehus er lokalisert som eit reint psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad kommune.
Døgnpostar
- Akuttpost Valen: Godkjent for Akutteneste.
- Eining for psykosebehandling: Langtids psykosebehandling med regionalt opptaksområde. Godkjent for Rehabiliteringsteneste.
- Eining for sikkerhetspsykiatri: Godkjent som fordypningsteneste i Sikkerhetspsykiatri. Posten er den lokale sikkerhetsposten (LSA) til Helse Fonna og har heile føretaket som sitt opptaksområde. Den har også, etter individuelle avtaler, tatt imot sikkerhetspasientar frå andre helseføretak.
- Eining for sikkerhet og rehabilitering: Inkluderer sikkerhetssenger for kvinner, regionalt opptaksområde. Godkjent for Rehabiliteringsteneste.
Poliklinikk
- Fact-sikkerhet: Organisert som ambulerande sikkerhetsteam som del av både sikkerhets- og sikkerhets-rehabiliteringspost. Gjennomfører valdsrisikovurdering og følgjer opp i overgang fra døgnopphold til reetablering i kommune. Kliniske læringsmål: Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga Valen sjukehus:
- Læringsmål 004 (behandlingsløp ved allmenpsykiatrisk poliklinikk)
- Læringsmål 005 (Liaison kan gjennomføras ved Stord sjukehus under rotasjon ved Valen sjukehus)
- Læringsmål 016 (ECT kan gjennomføras ved Stord sjukehus under rotasjon ved Valen sjukehus)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga:
- Akuttjeneste (Akuttpost): rundt 1 år
- Rehabilitering/langtidsbehandling (Sikkerhet – Rehabiliteringspost og Psykosepost): 9mnd - 1 år
- Fordjuping (Sikkerhetspost + Fact-Sikkerhet): 9mnd -1 år.
Folgefonn DPS
Folgefonn DPS - Helse Fonna HF
Folgefonn DPS er lokalisert på Valen, men også med ein poliklinikk i Odda.
Døgnpost
- Allmennpsykiatrisk sengepost: Open sengepost godkjent for Fordjupningsteneste for Korttidsintervensjon.
- Psykosepost: Godkjent for Rehabiliteringsteneste.
- Det er to brukarstyrte senger og ei kriseseng tilknytt døgnpost ved Folgefonn DPS.
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Lokalisert på Valen og i Odda. I tillegg til individualterapi og eBehandling, tilbys fleire gruppebehandlingar som treningspoliklinikk, hesteassistert terapi (HEAT), musikkterapi og ADHD gruppebehandling.
- FACT-team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte også med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Teamet er godkjent for behandling Psykisk helsevern lov, Tvang utan døgnopphald (TUD).
- TSB-poliklinikk: Lokalisert i Odda og på Valen og er integrert del av allmennpoliklinikk. I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det gjeve tilbod om LAR behandling.
Kliniske læringsmål
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllas ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
- Læringsmål 016 (sjølvstendig ECT-behandling)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga:
- Poliklinikk: rundt 1 år
- Fordjuping i subakutt behandling (Døgnpost F): opptil 1 år.
- Rehabilitering/langtidsbehandling (Døgnpost E): opptil 1 år
Stord DPS
Stord DPS er lokalisert på Stord i Sunnhordland vis a vis Stord sjukehus. I tillegg er det tilknytta ein barne-og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Stord).
Døgnpost
- Allmennpsykiatrisk post: Open sengepost, godkjent for Rehabiliteringsteneste.
- Sengeposten har 1 brukarstyrt seng.
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling, tilbys fleire gruppebehandlingar innan depresjon, livsmestring, ADHD, angst og recovery.
- TSB-poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det gjeve tilbod om LAR behandling.
- FACT-team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte også med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester.
Kliniske læringsmål
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga, innan rundt 2 år:
- Poliklinikk (alle team): rundt 1 år
- Langtidsbehandling/Rehabilitering (Døgnpost og Rehab-team): opptil 1 år
Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus - Helse Fonna HF
Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus ligg i bygningar som er knytte saman med dei somatiske avdelingane ved Haugesund sjukehus. Haugesund sjukehus har også felles akuttmottak for somatikk og psykiatri.
Døgnpost
- Akuttpost: Lukka sengepost, godkjent for Akutteneste. 2 skjermingsenger er delt med somatikk.
Poliklinikkar
- Nevropsykologisk poliklinikk: Gjennomfører nevropsykologiske undersøkingar av pasientar med kognitive utfordringar i alle aldrar. Gjer tilbod til pasientar innanfor somatikk, psykisk helsevern og TSB/ LAR.
- Biologiske behandlingsformer: Tilbyr biologiske behandlingar til pasientar med depressive lidingar. Dette kan vere kognitiv terapi og teknologibaserte behandlingar som elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetisk stimulering (TMS).
- Lærevansker og utviklingsforstyrrelsespolinikk: Gjer tilbod om behandling og utgreiing av pasientar som har både psykisk liding og generelle lærevanskar. Teamet har ein Regionalt nettverks-/tyngdepunktsfunksjon for pasientar med samtidig autisme, utviklingshemming og adferdsforstyrring. Godkjent for Fordjupningsteneste.
- Psykiske helsetjenester i somatikk: Tilbyr psykologisk og psykiatrisk helsehjelp til pasientar som er innlagt på somatiske avdelingar og har psykiske helseutfordringar. Dei tilbyr i tillegg tilsyn på vegner av Klinikk for psykisk helsevern og rus til pasientar tilhøyrande somatiske avdelingar.
Kliniske læringsmål
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga.
- Læringsmål 004 (behandlingsløp ved allmenpsykiatrisk poliklinikk)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga:
- Akutteneste: 1 år
- Fordjuping opptil 1 år
- Alderpsykiatrisk post (ligger under somatikk/Eldremedisin)
- Avgiftningspost (ligger under ARA v/same klinikk)
Haugaland DPS
Haugaland DPS - Helse Fonna HF
Haugaland DPS er lokalisert med bygg i både Haugesund og på Karmøy.
Døgnpostar
- Allmennpsykiatrisk postar (2 stk.): Opne postar, godkjent for Fordjupningsteneste for korttidsintervensjon. Den eine sengeposten har 1 kriseseng.
- Psykosepostar (2 stk.): Opne postar, godkjent for Rehabiliteringsteneste. Den eine sengeposten har 1 kriseseng. Døgnavdelingane har tett samdrift med psykosepoliklinikk om fellesforløp. Saman med psykosepoliklinikk har døgnavdelingane bygd ut behandlingsalternativ i form av IMR grupper, livsmestringsgruppe, fleirfamiliegrupper og musikkterapi.
- Det er brukarstyrte senger knytt til sengepostane.
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Tilbyr individualterapi i tillegg til eBehandling, dialektisk atferdsterapi (DBT(, arbeidsretta behandling (arbeid og helse), samt 4 dagers behandling B4DT.
- Psykosepoliklinikk: Har eit eige utredningsteam som tar imot nytilviste udiagnostiserte pasientar i tillegg til å avhjelpa i kompliserte saker i psykosekjeda. Godkjend for TPH. Har ACT-team med Haugesund kommune, samt eit FACT-team. Desse teama gir eit ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte også med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester.
Vaktsystem
Akutt ambulant team (AAT): Haugaland DPS har eige vaktsystem, AAT, operativt 24/7. Teamet er leia av psykologspesialist med vedtakskompetanse. AAT er ei vaktordning kor LIS og bakvakt saman med psykolog/psykologspesialist utgjer eit fast tverrfagleg team. Teamet har portvaktsfunksjon og tilbyr ambulante vurderingar samt alternativ til akuttinnlegging i døgnavdeling.
Kliniske læringsmål
Av 82 læringsmål kan desse ikkje oppfyllast ved avdelinga:
- Læringsmål 002 (møte akutte pasientar ved lukka akuttpost)
- Læringsmål 003 (følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling)
- Læringsmål 016 (sjølvstendig ECT-behandling, -men mogeleg via samarbeid med Haugesund sjukehus)
Forventa varighet av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga:
- Poliklinikk: rundt 1 år
- Langtidsbehandling/Rehabilitering (psykosepostar): opptil 1 år
- Fordjuping (Allmennpsyk.postar): opptil 1 år.
I tillegg er det tilknytta ein barne-og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP Haugesund) til regionen. Her ligg og døgnposter med ØH-funksjon for barn i alder 6-12 år og for ungdom i alder 13-18 år.
Godkjenningsstatus
Pr. 1.1.2018 har Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF, følgjande godkjende utdanningsinstitusjonar:
- Valen sjukehus (Avdeling Valen sjukehus) – Godkjend for 2 års teljande teneste: lukka akutt-, fordjupings-, og rehabiliteringsteneste.
- Haugesund sjukehus (Avdeling psykisk helsevern Haugesund) – Godkjend for 2 års teljande teneste: lukka akutt-, og fordjupingsteneste
- Folgefonn DPS – Godkjend for 2 års teljande teneste, poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering- og fordjuping teneste.
- Stord DPS – Godkjend for 2 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri og rehabiliteringsteneste
- Haugaland DPS – Godkjend for 3 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering-, og fordjupingsteneste
- BUP Haugesund – Godkjend for 4 års teljande teneste: poliklinikk allmennspsykiatri og Fordjupingsteneste
- BUP Stord – Godkjend for 2 års teljande teneste: poliklinikk allmennpsykiatri
Klinikk for psykisk helsevern og rus har fleire psykiatrar med forskar- rettleiarkompetanse, og LIS vert oppmoda til å delta i forsking som del av utdanninga. Voksen psykiatri har 1 psykologspes. / PhD og 1 psykiater / PhD som kvar har 20% stilling ved UiB som førsteamanuensis.
Klinikk for psykisk helsevern og rus har også fleire psykiatrar og psykologspesialistar med dobbeltspesialisering.
Innan vaksenpsykiatri (VOP) har Klinikk for psykisk helsevern og rus pr. januar 2018 til saman 29 overlege-LSR.nr. og 18 LSR.nr. for LIS.
Desse er p.t. fordelte slik mellom avdelingane:
Psykisk helsevern, Haugesund: LSR.nr. overlegar: 6 LSR.nr. LIS: 3 Haugaland DPS: LSR.nr. overlegar: 10 LSR.nr. LIS: 7 Valen sjukehus: LSR.nr. overlegar: 5 LSR.nr. LIS: 4 Folgefonn DPS: LSR.nr. overlegar: 4 LSR.nr. LIS: 2 Stord DPS: LSR.nr. overlegar: 4 LSR.nr. LIS: 2
Haugaland DPS har ansvar for felles henvisningsmottak TSB i Helse Fonna og dette skal slås saman med Haugaland A-Senter i løpet av våren 2022.
(Psykisk helsevernlov =phvl, Helse- og omsorgstjenestelov =hol)
Utdanningsløpene
Det er semje om at utdanningsløpa bør starta på Akuttpostane, enten på Valen sjukehus eller ved Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus, og vare i omtrent 1 år, før LIS kan rotera vidare til spesialiserte postar. Her er det gunstig å rotera først innan sjukehus, før ein bytter institusjon til DPS-postane. I slutten av utdanningsløpa, minst det siste året, når LIS er kommen langt i sin utdanning, er det godt forsvarleg og nødvendig for LIS å jobba i poliklinikk.
LIS 3 blir første veke etter tilsetjing introdusert i vaktoppgåver og deltaking i forvaktsystemet som er for tida 7-delt på Valen (alle sjukehusposter på Valen, samt 2 DPS postar ved Folgefonn DPS) og 8-delt på Haugalandet (alle sjukehuspostar i Haugesund, samt Haugaland DPS).
Introduksjon av nye LIS
Avdelingsleiar, som er ansvarleg for tilsetjing, i lag med utdanningsansvarleg overlege i avdelinga, sørgjer for at LIS får tildelt klinisk rettleiar ved tilsetjing og før oppstart av praktisk jobb. Tenesteplan skal også føreliggja før oppstart.
Individuell gjennomføringsplan blir utarbeida i samarbeid mellom LIS, klinisk rettleiar og utdanningsansvarleg overlege under første rettleiingstime og blir satt inn i rotasjonsplan for heile klinikken.
Til vaktsystemet blir LIS introdusert under minst 3 følgevakter, kor vedkommande følgjer erfaren LIS både i vekedagar og i helgevaktoppgåver.
Nye LIS 3 som vert tilsett går tidlegast mulig gjennom nødvendig opplæring i lokale prosedyrar for den avdeling eller poliklinikk dei blir tilknytta. Det blir også gitt opplæring i vaktsystemets oppbygning og rutinar. Før LIS går sjølvstendig vakt vil vedkommande delta som følgevakt. LIS vil og tidlegast mulig delta på undervisning i kjerneområder som suicidalitetsvurdering, skriving av psykiatrisk status presens og gjennomgang av lovverk. Det vert arrangert jamnleg strukturert undervisning i desse tema ved oppstart/rotasjon av LIS1.
LIS får og informasjon om utdanning / spesialisering frå utdanningsansvarleg overlege.
Supervisjon, veiledning og faglig utvikling
Det er eit linjeansvar å leggje til rette for gjennomføring av rettleiarsamtaler med kompetente rettleiare. Ved tilsetjing vil alle LIS få tildelt ein rettleiar som er spesialist i faget. Oppstart i rettleiing skjer fra veke ein etter tilsetjing. I tillegg kjem dagleg supervisjon i konkrete arbeidssituasjonar, av spesielt erfarne medarbeidare som også kan vere frå andre faggrupper.
Rettleiinga av LIS skal leggjast inn i kalendaren som ei ordinær oppgåve - Avansert oppgåveplanlegging (AOP) i GAT for å sikra at det vert sett av tilstrekkeleg tid og ressursar for LIS og rettleiar. Det er hjå oss lagt opp til at det vert sett av 1 time kvar veke til individuell rettleiing. Antall timar med rettleiing, samt innhald, skal registrerast i Kompetanseportalen, og minimumskravet frå Helsedirektoratet er 10 timar pr. år.
Tilrettelegging for fagleg fordjuping
Faglig fordjuping er avsett lesetid på 4 timer per veke som fortrinnsvis skal vere samanhengande, eventuelt samlast for å utgjere ein heil arbeidsdag annan kvar veke. Fagleg fordjuping bør og leggjast inn i AOP (Gat).
Deltaking i faglege møter vert gjort ved at LIS skal delta i inntaksmøter, morgonmøter, vurderingar av tilvisningar og legemøter.
Overlegane har dagleg kontakt med LIS i vanleg drift. Overlegane er og tilgjengelege pr. telefon for LIS i det daglege arbeidet. Dessutan vil LIS ha tett kontakt med overlegane i vaktsamarbeid (forvakt-bakvakt).
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Læringsaktivitetar blir fortløpande dokumentert av supervisørar og klinisk rettleiar, både i daglege aktivitetar og i rettleiingstimane.
LIS sin kompetanse og fremgang vert regelmessig kartlagd i halvårsevalueringar. Evalueringskollegium er samansett av LIS, klinisk rettleiar, psykoterapirettleiar, 1-2 supervisørar frå den aktuelle avdelinga og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga. Avdelingsleiar eller leiar på anna nivå skal delta når det er behov for det.
Leiar (ansvarshavande) har ansvaret for at læringsmåla vert godkjend. Oppgåva kan midlertidig delegerast til utdanningsansvarleg overlege i avdelinga eller andre slik at læringsaktiviteter og læringsmål vert godkjend fortløpande. Ved å leggje til rette for at fleire deltar i kompetansevurderinga av LIS sikrar ein likebehandling. Dersom andre enn leiar får delegert oppgåva med å godkjenne læringsmål vil dette tydeleg vere skrevet i ein instruks.
Ved rotasjon presenterast siste referat frå halvtårsevalueringa for den som blir klinisk rettleiar på neste avdeling.
Teoretisk undervisning
Utdanningsutvalet i klinikken (UTUV) har ansvar for oppsetting av program 2x/år, og administrering av den teoretiske undervisningsdelen for LIS kandidatane. Budsjett for undervisninga er inkludert i direktørbudsjettet for tida.
Den teoretiske undervisninga i klinikken er lagt opp etter gjeldande reglar for spesialistutdanninga i psykiatri.
Det er etablert obligatorisk internundervisning for alle LIS-kandidatar i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
Intern undervisninga er min. 2 timar kvar veke, minst 18 undervisninger á 2 timer/semester = minst 72 timer / år, lokalisert til Stord DPS (møteplass). Dei siste åra har ein organisert undervisninga i partallsveker, då med 2 undervisningsøkter (2 x 2 timer) pr. undervisningsdag. Internundervisninga er lagt til ei tid kor alle LIS er ferdig med vaktrapport og det er tatt hensyn til aktuelle båtruter for å ikkje miste unødvendig mykje tid på reising.
Det er tilstreba at LIS har minst halvparten av undervisningane som eige framlegg.
1 fast overlege er til stades ved kvar undervisning, og tar ansvar for bytte o.l.
2-4 gonger kvart semester er det lagt opp til heildagsseminar med relevant tema og gjerne ekstern forelesar frå ulike universitetsmiljø.
I undervisninga er det etablert en litteraturgruppe, obligatorisk for LIS, ledet av respektive psykoterapirettleiiarar og med litteratur valgt ut fra hovedtema i semesteret. Det er lagt til rette for å ta i bruk listene med anbefalt litteratur frå Norsk Psykiatrisk Forening og Psykoterapiutvalet.
Det har også vært tradisjon for å arrangere et psykoterapiseminar mot slutten av semesteret, relatert til tematikk og ofte basert på skjønnlitteratur.
Roterende 4,5 års plan for tema i internundervisning for LIS
Planen forsøker å omfatte flest mulig LM for psykiatrien samt en del FKM. Aktuelle utredningsverktøy må inkluderes i flere semester.
1. år
1. semester: Utviklingspsykologi, barn som pårørende, nevrobiologiske utviklingsforstyrrelser (inkl. autismespekter, ADHD og utviklingshemning).
2. semester: Avhengighet- og rusmedisin.
2. år
1. semester: Litteratursøk, psykofarmakologi, psykisk helsevernlov.
2. semester: Personlighetsforstyrrelser og ulike psykoterapiformer.
3. år
1. semester: Affektive liingar, ECT, TMS og spiseforstyrrelser.
2. semester: Psykoselidelser, jus- og rettsmedisin, suicid- og voldsrisiko, konflikthåndtering.
4. år
1. semester, Angst, tvangsliingar og traumer.
2. semester: Alderspsykiatri, liaisonpsykiatri, somatikk- og organiske lidelser, nevropsykologisk utredning.
5. år
1. semester: Forskningssemester; litteratursøk, etikk og vitenskapsfilosofi, (fokus på obligatoriske, skriftlige oppgaver).
Felles kompetansemål (FKM)
Felles kompetansemål - Helsedirektoratet
RegUt Helse Vest er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus, forsknings- og utviklingsavdelinga, seksjon for fag og utdanning. RegUt i Helse Vest skal sikra regional og nasjonal samordning av læringsaktivitetar, kursoversikt og utdanningsløp. Helse Fonna bidrar til utvikling av desse aktivitetane, og dei blir implementert fortløpande i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
FKM for LIS3 består av 24 læringsmål (LM) som skal oppnås i hovudsak gjennom dagleg arbeid i klinikk/avdeling. Av etablerte læringsaktivitetar i tillegg har vi:
- Administrasjon- og ledelseskurs
- Regionalt 2-dagers basiskurs i FKM
- Kommunikasjonskurset («4 gode vaner»)
- Veilederkurs – FKM 20
- Sakkyndighetskurs
- E-læringskurs Samvalg
- Forbedringsprosjekt (prosjektoppgåve)
- Internundervisning/gruppeveiledning
På Stord er det etablert fagovergripande rettleiingssamlingar for alle LIS, open også for LIS frå Folgefonn DPS og Valen sjukehus, innan både somatikk og psykiatri. Her er det mogleg å drøfta problemstillingar som kan vere relevante for alle LIS, dela erfaringar og ha innspel frå to legespesialistar. Regelmessig deltaking forventas å dekke alle FKM som eit tillegg til ovanståande. Det er etablert grupperettleiing også ved dei øvrige avdelingane.
Utdanningsutvalg og utdanningsansvarleg overlege
I klinikk for psykisk helsevern og rus har ein definert 1 namngjeven overlege som har ansvar for kvar sin spesialitet (BUP, VOP og RAM).
Utdanningsansvarleg overlege sin funksjon er:
- Leia UTUV
- Leia Rotasjonsutvalet
- Planleggja undervisning for LIS
- Tildela psykoterapirettleiarar til LIS
- Delta i halvtårsevalueringar
- Rådspørjing ved behov
Utdanningsutval psykiatri (UTUV) består av: overlege/leiar, 1 utdanningsansvarleg overlege frå kvar avdeling, 2 LIS som kvar representerer Haugalandet og Sunnhordland/Kvinnherad/Hardanger, samt koordinator (klinikkdirektørs stab). Utdanningsutvalet har møter kvar månad.
Rotasjonsutval/Plankomité for utdanning (PKU)
Klinikken har tre rotasjonsutval (Haugalandet VOP, Sunnhordland VOP og BUP) som skal ivareta fordeling av utdanningskandidatar ved dei ulike tenestestader. Formålet er å optimalisere progresjon og sørgje for godkjent innhald i teneste for den enkelte utdanningskandidat.
Rotasjonsutvalet består av:
- Leiar for overordna utdanningsutval
- Representant for LIS, medlem i UTUV
- Sekretær/koordinator (klinikkdirektørs stab)
- Avdelingsleiarane er medlemmer i rotasjonsutvalet.
Utvalet lagar ein rotasjonsplan to gonger i året i høve til rotasjon, som grunner i ønsker frå LIS, hensynsmessig utdanningsløp til kvar enkelt LIS, og driftsmessige hensyn. Ansiennitet har forrang i hht ønska rotasjon.
Ein tilstrebar 4 faste rotasjonsdatoar som er 01. desember, 01. mars, 01. juni, og 01. september.
Forskning
Forskning/innovasjon lyser ut stimuleringsmidler, fortrinnsvis retta mot ferdigstilling av prosjektprotokoll for vidare å kunne søkje ekstern finansiering av prosjekt. Vidare er klinikken med i PsykNettVest, som årleg lyser ut stimuleringsmidler som LIS kan søkje på.
Klinikken er aktiv deltakande i PsykNettVest. Via dette samarbeidet blir det gitt tilbod til:
- Skrivekurs
- Stimuleringsmidler
- Forskningsnettverk
- Kvalitetsregister
- Nyhetsblad ut til alle medarbeidare som informerer om forskning.
Frå 2007 til i dag har 9 PhD-kandidatar fullført doktorgradsarbeidet og disputert for PhD-graden.
Klinikken har 1 psykologspes./ PhD og 1 psykiater/ PhD som kvar har 20% stilling ved UiB som førsteamanuensis.
Medarbeidarar i klinikken som held på med forskingsprosjekter, enten som ein del av eit PhD løp eller som postdoc er tilknytt Forskning- og innovasjonavdelinga i ulike stillingsstørrelser.
Medarbeidarane i klinikken er aktiv deltakande i bl.a. fleire regionale forskingsnettverk med mandat eller finansiering frå det regionale samarbeidsorganet i Helse Vest;
- Demensstudien på Vestlandet
- Norsk demensregister/ HUKLI
- DemGene-studien
- Regionalt forskingsnettverk for stemningslidingar – MoodNet, Bergen
- Kartlegging og behandling – angst hos barn og vaksne, Bergen
- Regionalt forskingsnettverk for klinisk psykoseforsking, Stavanger.
- Regionalt kompetansesenter for rusforsking – KoRFor,
- Forsking på behandlingsliner og samhandling, Helse Fonna HF
I klinikken er det starta eit ekstra undervisningssemester som vekentleg obligatorisk LIS undervisning, som har kun forsking som tema med mål å gjennomføra «forskings relatert arbeid» og dei andre meir omfattande skriftlege arbeid (LM:78,79,82).
Her vil forskarane, med PhD, legge fram sine arbeid i byrjinga av semesteret for å vise forskjellege framgangsmåtar og stimulera til eigne idear. Arbeid frå LIS kan evt knytast til framlagt forsking. Bibliotekar underviser, og forskar frå OUS leiar eit Heildagsseminar om forskingsetikk og vitenskapsfilosofi.
Gjennom semesteret er det 1 forskar som tar hovudansvar for LIS og held resterande forelesingar til forberedinga og gjennomføringa av forskingsrelatert arbeid. LIS blir delt inn i arbeidsgruppene og kan i nokon økter jobbe med sine prosjekt under nærvær av rettleiande forskar for denne gruppa. I slutten blir alle arbeid presentert.
Semester blir avslutta av psykoterapirettleiar med respektivt tema (dekker LM 80,81).
Individuell gjennomføringsplan
Ved tilsetjing vil det utarbeidast ein individuell gjennomføringsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføra (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle gjennomføringsplanen utarbeidast av LIS i samarbeid med utdanningsansvarleg overlege i aktuell avdeling og evt rettleiar. Planen skal godkjennast av leiar. Spesialistkandidaten har sjølv hovudansvaret for eiga utdanning og sjølv ansvar for påmelding til eksterne kurs osv.
LIS vil kunne fullføra heile spesialistutdanninga med naudsynt teljande teneste gjennom felles rotasjonssystem i klinikken.
Utdanningsansvarleg overlege i avdelinga har saman med spesialistkandidaten og klinisk rettleiar, ansvaret for halvårleg evaluering og årleg revisjon av individuell gjennomføringsplan. I revisjonen tek ein hensyn til dei utdanningsbehov som kjem fram ved evalueringane av kandidatanes individuelle utdanningsplanar.
Simulering og ferdighetstrening
Helse Fonna har eit felles simuleringssenter for både somatikk og psykiatri. Simuleringskoordinator er rådgivande og gir støtte overfor klinikkane i planlegging, gjennomføring og evaluering av simulering. Fasilitatorar forplikter seg til å gjennomføra simuleringar for sine avdelingar, dei held seg fagleg oppdatert og opptrer som pedagogiske rollemodellar for sine kolleger.
Simulering som læringsarena er prioritert i Klinikk for psykisk helsevern og rus, og vi har fleire fasilitatorar ved våre avdelingar. Av obligatorisk simulering nevnes særskild MAP (Møte Med Aggresjonsproblematikk) som er laga for å auke kompetanse i å forstå, førebygge, handtere og følje opp aggresjons-og valdsproblematikk.
Tillitsvalde
LIS i Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna har 2 tillitsvalde. Det er ein klinikktillitsvald som har overordna ansvar og ansvar for LIS på Haugesund sjukehus og Haugaland DPS. Sunnhordland har og eigen lokal tillitsvald for Valen sjukehus, Folgefonn DPS og Stord DPS.
Ved tilsetjingsprosess av LIS bør tillitsvalde gis muligheit til å fremma sine synspunkt og det tilstrebast at LIS er med i tilsettingssprosessen. Leiinga skal snarast mogleg orientere tillitsvalde om tilsetjingar. Nytilsatte blir informert om kven som er tillitsvald, og telefonnummer og e-post vert gjort kjend. Tillitsvald godkjenner tenesteplaner for LIS i klinikken ved oppretting og ved fornying av tenesteplaner.
Tillitsvalde deltar regelmessig på møter med representantar frå leiinga, og har også muligheit til å ta kontakt med representantar frå leiinga utanom dette om det er behov. LIS kan ta kontakt med tillitsvald dersom det er behov for å drøfta saker.
Tillitsvald deltek på tillitsvaldskurs i regi av Legeforeninga for å haldast oppdatert på gjeldande avtaler og lovverk.
Kontakt
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege eller avdelingsleiarane.