Rus- og avhengighetsmedisin
Denne utdanningsplanen gjeld for lege i spesialisering (LIS3) i vaksenpsykiatriske avdelingar i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna. Det vil seie avdeling for rus- og avhengigheitsmedisin (ARA), psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, Valen sjukehus, Stord DPS, Folgefonn DPS og Haugaland DPS.
Utdanningsverksemda skal sørgje for at utdanninga av legespesialistar skjer innan fagleg forsvarlege rammer og på ein måte som sikrar tilstrekkeleg kvalitet og gjennomstrøyming i utdanningsløpet. Det skal utarbeidast ein overordna utdanningsplan for kvar einskild spesialitet som viser korleis verksemda vil sikre at legar i spesialisering kan oppnå læringsmåla. Føremålet med den overordna utdanningsplanen for kvar av spesialitetane er å skildre oppbygging og rekkjefølgje for heile utdanningsløpet i spesialiteten, inkludert spesialiserings- og/eller suppleringsteneste.
Denne utdanningsplanen gjeld for lege i spesialisering (LIS3) i vaksenpsykiatriske avdelingar i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna. Det vil seie avdeling for rus- og avhengigheitsmedisin (ARA), psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, Valen sjukehus, Stord DPS, Folgefonn DPS og Haugaland DPS.
Den overordna utdanningsplanen skisserer eit «idealløp» og er eit rettleiande dokument. Ikkje alle LIS vil starte i avgiftningspost, og både kurs og læringsmål er rettleiande. Fleire av læringsmåla kan oppnåast ved fleire læringsarenaer, og nokre vil ikkje kunne godkjennast før mot slutten av spesialiseringsløpet. Ved alle læringsarenaene må ein som hovudregel ha minst tre månader samanhengande teneste for at denne skal godkjennast. Det er likevel ei oppmoding om å ta sikte på 9–12 månader samanhengande teneste ved kvar læringsarena.
Døme på utdanningsløp:
- 1 år i avrusing (avgiftningspost, Haugesund), gjerne i kombinasjon med praksis ved akuttpsykiatrisk sengepost
- 1 år i poliklinikk, inkludert 3–6 månader i LAR‑poliklinikk
- 6 månader i døgnavdeling i TSB (til dømes TSB-rehabiliteringspost, Kopervik), gjerne i kombinasjon med poliklinisk oppfølging eller allmennpsykiatrisk sengepost, HDPS lokasjon Kopervik
- 6 månader valfri teneste innan TSB (bør planleggjast etter behov knytt til læringsmål)
- 1 år psykiatriteneste, med deltaking i vaktordninga knytt til einingane i psykisk helsevern
- 1 år valfri teneste
Organisering av tenestene
På Haugalandet vart det hausten -25 oppretta ny Avdeling for rus- og avhengigheitsmedisin (ARA) med følgjande einingar: avgiftningspost, poliklinikk for tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB), TSB-rehabiliteringspost og poliklinikk for legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
Akuttpostane inngår som tilrådd læringsarena tidleg i utdanninga for LIS i rus- og avhengigheitsmedisin, som ½ års praksis med vaktdeltaking.
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna, er organisert i to sjukehuseiningar; Haugesund og Valen, ARA samt tre distriktspsykiatriske senter (DPS). Begge sjukehusa har akutt- og ØH‑funksjon for sine opptaksområde Haugalandet/Sunnhordland. DPS‑ane har ansvar for størstedelen av dei allmennpsykiatriske tenestene med poliklinikk, dagbehandlingstilbod og døgntilbod.
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna, har godkjenning for utdanning av legespesialistar innan:
- Rus- og avhengigheitsmedisin (RAM)
- Barne- og ungdomspsykiatri (BUP)
- Psykiatri (VOP)
Organiseringa av tilbodet innan BUP og VOP vert ikkje nærare omtalt i denne teksten i høve LIS‑utdanning i rus- og avhengigheitsmedisin.
I Helse Fonna finst to sjukehus‑DPS‑system der LIS kan fullføre heile utdanningsløpet sitt innan RAM:
- I rotasjon mellom Haugesund sjukehus – ARA – Haugaland DPS (med tillegg av BUP, Haugesund)
- I rotasjon mellom Valen sjukehus – Folgefonn DPS inkludert TSB – Stord DPS/BUP inkludert TSB
Skildring av utdanningsverksemda
I Helse Fonna er det lagt opp til ein integrert modell innan vaksenpsykiatrisk helsevern og TSB, som skal sikre samtidighet i behandlinga av psykiske lidingar og rusavhengigheit. Dette inneber at ein vil kunne møte pasientar med ruslidingar i alle poliklinikkar og døgnpostar.
Avdeling for rus og avhengigheit (ARA)
Vurderingseining TSB – Avdeling for rus- og avhengigheitsbehandling
Teamet har ansvar for å gjennomføre rettsvurderingar av alle tilvisingar til TSB i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna. Målet er å sikre gode og raske avklaringar av behandlingsbehov, samt å ivareta målsetjinga om rett vurdering. Teamet har ansvar for heile opptaksområdet (17 kommunar), og vurderer òg tilvisingar til Blå Kors Klinikk Haugalandet. Teamet er tverrfagleg samansett og består av overlege, psykologspesialist, helse- og sosialfagleg tilsette (sosionomar, sjukepleiarar) samt merkantile ressursar.
Når spesialisthelsetenesta mottar ei tilvising, vert retten til nødvendig helsehjelp i TSB vurdert, basert på prioriteringsrettleiaren frå Helsedirektoratet: Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Døgnpostar
- TSB rehabiliteringspost: Rusrehabiliteringspost innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) som dekkjer heile opptaksområdet til Helse Vest. Døgnavdelinga tek imot pasientar til planlagde opphald som strekkjer seg over tid, opptil eitt år for unge vaksne i alderen 18–27 år, med etterfølgjande tilbod om ettervernsoppfølging. Avdelinga tilbyr behandling til pasientar med rusmiddelavhengigheit, eller avhengigheit kombinert med lette til moderate psykiske lidingar. Det er fokus på fysisk aktivitet i miljøterapien, recovery‑orientert praksis, «endringsprat» (etter MI‑prinsippa) og kognitiv å
- Avgiftningspost: Døgntilbod med avrusingsplassar for pasientar som er i eit behandlingsopplegg innan tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Avgiftningsbehandling gjeld for pasientar over 18 år som har behov for tett medisinsk oppfølging. Avgiftning er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Vidare behandling og oppfølging etter opphaldet skal vere avklart før pasienten vert innlagd. Avgiftning ved institusjon inneber medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe pasienten gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit.
Poliklinikkar
- TSB‑poliklinikk: Målgruppa for TSB‑poliklinikken på Haugalandet er pasientar med rusproblematikk kombinert med ulike grader av psykiske lidingar frå om lag 16 år og oppover. I poliklinikken tilbyr vi tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi tilbyr samtidig behandling for både rusmiddelavhengigheit og psykiske plager. Vi har òg eit ansvar for å sjå til at somatiske helseutfordringar vert følgde opp av rett instans. Hovudvekta i arbeidet er individuelle samtalar med fokus på kartlegging, utgreiing og behandling. I dei tilfella der pasienten sine behov er av ein slik karakter at poliklinisk behandling ikkje er tilstrekkeleg, kan pasienten etter vurdering verte tilvist til behandling i institusjon.
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna, har òg to TSB‑poliklinikkar, organiserte under høvesvis Stord DPS og Folgefonn DPS.
- LAR‑poliklinikk (Haugesund og Karmøy): Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Føremålet med LAR er at personar med opioidavhengigheit skal oppnå best mogleg helse, auka livskvalitet og bistand til å endre livssituasjonen sin – i tillegg til å redusere skadar og risiko for overdosedødsfall. LAR Haugesund er organisert som ein poliklinikk der substitusjonsbehandling med legemiddel inngår som eitt deltiltak i eit heilskapleg rehabiliteringsforløp.
Kliniske læringsmål
Jmf. siste godkjenningsstatus kan LIS få opplæring i samlege 75 læringsmål ved Avdeling for rus- og avhengighet i Helse Fonna, men fylgjande LM må godkjennast via fagavtale og tenestetid ved Helse Bergen, Rus- og Avhengigheitsklinikken:
LM 32
LM 33
LM 34
LM 37
LM 46
LM 50
LM 54
LM 58
LM 59
Valen sjukehus
Valen sjukehus er lokalisert som eit reint psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad kommune.
Døgnpostar
- Lukka akuttpost Valen
- Eining for psykosebehandling: Langvarig psykosebehandling med heile føretaket som opptaksområde.
- Eining for sikkerheitspsykiatri: Posten er den lokale sikkerheitsposten (LSA) i Helse Fonna, med heile føretaket som opptaksområde. Eininga har òg, etter individuelle avtalar, teke imot sikkerheitspasientar frå andre helseføretak.
- Eining for sikkerheit og rehabilitering: Heile føretaket som opptaksområde.
Poliklinikk
- FACT‑sikkerheit: Organisert som ambulerande sikkerheitsteam, knytt til både sikkerheits‑ og sikkerheits‑/rehabiliteringspost. Teamet gjennomfører valdsvurderingar og følgjer opp dømde pasientar i overgang frå døgnopphald til reetablering i kommunen. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Vaktsystem
Felles vaktsystem 24/7 med forvakt og bakvakt (alltid spesialist i psykiatri/overlege), i lag med behandlarar på FDPS og SDPS.
Kliniske læringsmål
I tillegg til LM som må godkjennast med tenestetid i Helse Bergen, kan følgjande ikkje oppfyllast ved Psykisk helsevern, Valen sjukehus:
- LM 22
- LM 53–55
Folgefonn DPS (FDPS)
Folgefonn DPS er lokalisert på Valen, men har òg ein poliklinikk i Odda.
Døgnpostar
- Allmennpsykiatrisk sengepost: Open sengepost godkjend for behandling på tvang i tråd med lov om psykisk helsevern.
- Psykosepost: Godkjend for behandling på tvang i tråd med lov om psykisk helsevern.
- Det er ei brukarstyrt seng og éi kriseseng knytte til døgnposter ved FDPS.
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Lokalisert på Valen og i Odda. I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det tilbydd fleire gruppebehandlingar, mellom anna treningspoliklinikk, musikkterapi og ADHD‑ Poliklinikken tilbyr hastetimar ved tilvising.
- FACT‑team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte òg med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Teamet er godkjent for behandling etter psykisk helsevernlova, tvang utan døgnopphald (TUD).
- TSB‑poliklinikk: Lokalisert i Odda og på Valen, og er ein integrert del av allmennpoliklinikk. I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det gjeve tilbod om LAR‑
Vaktsystem
Felles vaktsystem 24/7 med forvakt og bakvakt (alltid spesialist i psykiatri/overlege), i lag med behandlarar på Valen sjukehus.
Kliniske læringsmål
I tillegg til LM som må godkjennast med tenestetid i Helse Bergen, kan følgjande ikkje oppfyllast ved Folgefonn DPS:
- LM 22
- LM 53–58
Stord DPS (SDPS)
Stord DPS er lokalisert på Stord i Sunnhordland, i nærleiken av Stord sjukehus. I tillegg er det knytt til ein barne‑ og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Stord).
Døgnpost
- Allmennpsykiatrisk post: Open sengepost som handterer TPH‑ Samarbeider med FACT‑poliklinisk teneste. Døgnposten tilbyr akuttinnleggelser for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer.
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det tilbydd fleire gruppebehandlingar innan depresjon, livsmeistring, ADHD og angst. Poliklinikken tilbyr akuttvurdering/rask bistandstime ved tilvising.
- TSB‑poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det gjeve tilbod om LAR‑
- FACT‑team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte òg med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Teamet er òg knytt til allmennpsykiatrisk post.
Vaktsystem
Det er etablert eige vaktsystem retta mot SDPS, døgnavdelingar og Stord sjukehus (somatikk).
Kliniske læringsmål
I tillegg til LM som må godkjennast med tenestetid i Helse Bergen, kan følgjande ikkje oppfyllast ved Stord DPS:
- LM 22
- LM 32
- LM 34
Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
Psykisk helsevern ved Haugesund sjukehus ligg i bygningar som er knytte saman med dei somatiske avdelingane ved sjukehuset. Haugesund sjukehus har òg felles akuttmottak for somatikk og psykiatri.
Døgnpost
- Akuttpost: Lukka sengepost.
Poliklinikkar
- Nevropsykologisk poliklinikk: Gjennomfører nevropsykologiske undersøkingar av pasientar med kognitive utfordringar i alle aldrar. Gjev tilbod til pasientar innan somatikk, psykisk helsevern og TSB/LAR.
- Biologiske behandlingsformer: Tilbyr biologiske behandlingsformer til pasientar med depressive lidingar. Dette kan vere kognitiv terapi og teknologibaserte behandlingar som elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetisk stimulering (TMS).
- LUP – lærevanskar og utviklingsforstyrringspoliklinikk: Gjev tilbod om utgreiing og behandling av pasientar som har både psykisk liding og generelle lærevanskar. Teamet har ein regional nettverks‑/tyngdepunktsfunksjon for pasientar med samtidig autisme, utviklingshemming og atferdsforstyrringar.
- PIS – psykiske helsetenester i somatikk: Tilbyr psykologisk og psykiatrisk helsehjelp til pasientar som er innlagde ved somatiske avdelingar og har psykiske helseutfordringar. I tillegg yter dei tilsyn på vegner av Klinikk for psykisk helsevern og rus for pasientar tilhøyrande somatiske avdelingar på dagtid i vekedagar.
Kliniske læringsmål
I tillegg til LM som må godkjennast med tenestetid i Helse Bergen, kan følgjande ikkje oppfyllast ved Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus:
- LM 22
- LM 29
- LM 53–55
- LM 66
I tillegg er det knytt til ein barne‑ og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP Haugesund) i regionen. Her ligg òg døgnpostar med ØH‑funksjon for barn i alderen 6–12 år og for ungdom i alderen 13–18 år.
Haugaland DPS (HDPS)
Haugaland DPS er lokalisert med bygg både i Haugesund og på Karmøy (Kopervik).
Døgnpostar
- Allmennpsykiatrisk post – Haugaland DPS, Haugesund: Døgnposten tilbyr akuttinnleggelser for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer. Handsamar TPH.
- Allmennpsykiatrisk post – Haugaland DPS, Karmøy: Handsamar TPH.
- Psykosepostar (2 stk.) – Haugaland DPS, Haugesund: Døgnavdelingane har tett samdrift med psykosepoliklinikken om felles pasientforløp. I samarbeid har dei bygd ut behandlingstilbod i form av IMR‑grupper, livsmeistringsgrupper, fleirfamiliegrupper og musikkterapi. Den eine døgnposten tilbyr akuttinnleggelser for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer. Handsamar dei fleste TPH‑forlø
Poliklinikkar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Tilbyr individualterapi i tillegg til eBehandling, dialektisk åtferdsterapi (DBT), arbeidsretta behandling (arbeid og helse), samt fire‑dagars behandling (B4DT).
- Psykosepoliklinikk: Har eige utgreiingsteam som tek imot nytilviste, udiagnostiserte pasientar, samt yter støtte i kompliserte saker i psykosekjeda. Godkjend for TPH. Har ACT‑team i samarbeid med Haugesund kommune, samt eige FACT‑ Desse teama gir ambulerande behandling til personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte òg med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester.
Vaktsystem
Akutt ambulant team (AAT): AAT er eit ambulant akuttilbod betjent av psykolog og lege som gjer akuttvurderingar 08-22 og som inngår som del av vaktsystem med psykiater i bakvakt. Teamet er leia av psykologspesialist med vedtakskompetanse. Teamet har portvaktsfunksjon og gjennomfører ambulante vurderingar, som alternativ til akuttinnlegging.
Kliniske læringsmål
I tillegg til LM som må godkjennast med tenestetid i Helse Bergen, kan følgjande ikkje oppfyllast ved Haugaland DPS:
- LM 22
- LM 32-34
- LM 45
- LM 49-56
- LM 58
- LM 65-66
- LM72
- LM 72
Godkjenningsstatus
Per 1.1.2026 har Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF, følgjande godkjende utdanningsinstitusjonar:
- Avdeling for rus og avhengigheit (ARA)
- Valen sjukehus
- Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus
- Folgefonn DPS
- Stord DPS
- Haugaland DPS
Innan valfri teneste kan mellom anna følgjande vere aktuelle:
- BUP Haugesund / Stord / Kvinnherad
- LUP, Haugesund sjukehus
- Ulike somatiske avdelingar ved Stord og Haugesund sjukehus
- Allmennmedisin i kommunane
Utdanningsutval og utdanningsansvarleg overlege
I Klinikk for psykisk helsevern og rus har ein definert namngjevne overlegar med ansvar for kvar spesialitet (RAM, BUP og VOP). Utdanningsutvala har vanlegvis møte kvar månad.
Leiaren for utdanningsutvalet (overlege) har følgjande funksjonar:
- Leie UTUV
- Leie rotasjonsutval
- Planleggje undervisning for LIS
- Tildele psykoterapirettleiarar til LIS
- Vere rådgjevar ved behov
Utdanningsansvarleg overlege i RAM inngår i utdanningsutvalet i psykiatri (UTUV), som består av:
- Utdanningsansvarleg overlege (leiar)
- Lokal utdanningsansvarleg overlege frå kvar avdeling
- To LIS‑representantar (Haugalandet/Haugesund og Sunnhordland/Kvinnherad/Hardanger)
- Koordinator (klinikkdirektøren sin stab)
Rotasjonsplan og plankomité for utdanning (PKU)
Klinikken har tre rotasjonsutval (Haugalandet VOP, Sunnhordland VOP og BUP) som skal ivareta fordeling av utdanningskandidatar ved dei ulike tenestestadene. Føremålet er å optimalisere progresjonen og sikre godkjent tenesteinnhald for den enkelte LIS.
Rotasjonsutvalet består av:
- Leiar for overordna utdanningsutval (kan rådspørjast)
- LIS‑representant (medlem i UTUV)
- Lokal utdanningsansvarleg overlege
- Avdelingsleiarar
Utvalet utarbeider rotasjonsplan to gonger i året, basert på ønskje frå LIS3, utdanningsmessige omsyn og drift. Ansiennitet har forrang i høve ønskja rotasjon. Det er tilstreba fire faste rotasjonsdatoar: 1. desember, 1. mars, 1. juni og 1. september.
Introduksjon av nye LIS
Avdelingsleiar, som er ansvarleg for tilsetjing, i lag med utdanningsansvarleg overlege eller avdelingsoverlege, sørgjer for at LIS får tildelt klinisk rettleiar ved tilsetjing og før oppstart i klinisk arbeid.
Tenesteplan skal liggje føre før oppstart (ansvar hos avdelingsleiar).
RAM har ikkje eige vaktsystem. LIS3 får likevel høve til å delta i vaktsystemet innan VOP som del av opplæring og klinisk erfaring. Førespurnader frå RAM‑avdelingane vert handterte gjennom vaktsystemet i VOP, og LIS3 får slik naudsynt opplæring. Nye LIS3 gjennomfører tidlegast mogleg nødvendig opplæring i lokale prosedyrar ved den avdelinga eller poliklinikken dei vert knytte til.
Usikkerheit innan kjerneområde som suicidvurderingar, psykiatrisk status presens, journalføring og lovverk bør prioriterast i dei første rettleiingstimane.
LIS får – og bør etterspørje – informasjon om utdanning og spesialisering frå utdanningsansvarleg overlege i avdelinga eller frå leiar for utdanningsutvalet i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna.
Individuell gjennomføringsplan
Individuell gjennomføringsplan vert utarbeidd i samarbeid mellom LIS, klinisk rettleiar og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga i dei første rettleiingstimane, basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Planen beskriv læringsmål og ønskte læringsarenaer, inkludert valfrie avdelingar. På bakgrunn av denne planen vert rotasjonsplanen utarbeidd.
Spesialistkandidaten har hovudansvar for eiga utdanning, inkludert påmelding til eksterne kurs, medan avdelingsleiinga er forplikta til å leggje til rette for gjennomføring. Planen skal difor administrativt godkjennast av avdelingsleiar.
LIS kan fullføre store delar av spesialistutdanninga med naudsynt teljande teneste gjennom felles rotasjonssystem i klinikken.
Utdanningsansvarleg overlege har saman med LIS og klinisk rettleiar ansvar for halvårleg evaluering og årleg revisjon av gjennomføringsplanen. I revisjonen tek ein omsyn til dei utdanningsbehova som kjem fram ved evalueringane av kandidaten sine individuelle utdanningsplanar.
Supervisjon, klinisk rettleiing og fagleg utvikling
Det er eit linjeansvar å leggje til rette for rettleiing med kompetente rettleiarar. Alle LIS får ved tilsetjing tildelt ein klinisk rettleiar som er spesialist. Rettleiing startar frå veke éin etter tilsetjing og skal planleggjast som ordinær oppgåve i AOP (GAT). Det er tilrådd éin time individuell rettleiing per veke.
Tal på timar og innhald i rettleiinga skal kort dokumenterast i Kompetanseportalen. I tillegg kjem dagleg supervisjon i konkrete arbeidssituasjonar av erfarne medarbeidarar, også frå andre faggrupper.
I samråd med VOP får LIS3 i RAM tildelt psykoterapirettleiar for å gjennomføre 30 timar obligatorisk psykoterapirettleiing (LM 25–28).
Tilrettelegging for fagleg fordjuping
Fagleg fordjuping omfattar fire timar lesetid per veke, fortrinnsvis samanhengande, eventuelt samla til ein heil arbeidsdag annakvar veke. Fordjuping skal leggjast inn i AOP (GAT).
LIS skal delta i faglege møte som inntaksmøte, morgonmøte, vurdering av tilvisingar og legemøte. Overlegar har dagleg kontakt med LIS i drift, er tilgjengelege per telefon og gjennom samarbeid i vakt (forvakt–bakvakt).
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål, m.a. halvårsevaluering
Læringsaktivitetar vert fortløpande dokumenterte av LIS3, og i tillegg av klinisk rettleiar i rettleiingstimane, eller av supervisor etter at LIS har sendt inn ei skildring av gjennomført aktivitet til godkjenning.
Kompetanse og progresjon hos LIS vert jamleg kartlagde gjennom halvårsevalueringar. Evalueringskollegiet er samansett av LIS, klinisk rettleiar og eventuelt psykoterapirettleiar. I tillegg kan aktuelle supervisørar og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga eller leiar for utdanningsutval inviterast. Avdelingsleiar eller leiar på anna nivå deltek dersom det er behov for det.
Læringsaktivitetar blir fortløpande dokumentert av LIS3 i individuelle kompetanseplanar i Kompetanseportalen som vert tildelt av ansvarshavande leiar ved oppstart av tilsetjingsforhold. Leiar har ansvaret for at læringsmåla blir godkjende. Oppgåva blir oftast delegert til klinisk rettleiar (eventuelt utdanningsansvarleg overlege i avdelinga). Ved å leggja til rette for at fleire deltar i kompetansevurderinga av LIS3 under, eller i tilknyting til, halvårsvurderinga, sikrar ein likebehandling og ei mest mogleg korrekt kompetansevurdering. Det kan i tillegg nyttast vurderingsskjema som støtte (til dømes mini- CEX / 360-graders-evaluering)
Det er vanleg at andre enn avdelingsleiar får delegert godkjenningsoppgåver knytte til læringsmål, sidan dei fleste avdelingsleiarar ikkje har legespesialitet. Likevel er det eit leiaransvar å leggje til rette for at LIS kan gjennomføre utdanninga si. Avdelingsleiar står difor, også ved delegering, endeleg ansvarleg for godkjenningane.
Ved rotasjon av LIS3 vert siste referat frå halvårsevalueringa gjort tilgjengeleg for den som vert framtidig klinisk rettleiar ved neste avdeling.
Teoretisk undervisning
Utdanningsutvalet i klinikken (UTUV) har ansvar for oppsett av undervisningsprogram to gonger per år, og for administrering av den teoretiske undervisninga for LIS‑kandidatane. For LIS3 i rus‑ og avhengigheitsmedisin skjer undervisninga dels åleine og dels saman med LIS3 i VOP. Deltaking i undervisninga er obligatorisk. Budsjett for undervisninga er inkludert i direktørbudsjettet.
Den teoretiske undervisninga i klinikken er lagt opp i tråd med gjeldande reglar for spesialistutdanning. Intern undervisning utgjer minimum to timar kvar veke, minst 18 undervisningar à to timar per semester, tilsvarande minst 72 timar per år.
LIS3‑undervisning i VOP er lokalisert til Stord DPS (møteplass) og organisert annankvar veke, med to undervisningsøkter (2 × 2 timar) per undervisningsdag, for å redusere reisetid for dei fleste LIS. Undervisninga er lagt til eit tidspunkt der alle LIS er ferdige med vaktrapport, og det er teke omsyn til gjeldande båtruter for å unngå unødig reisetid.
Det er tilstreba at LIS samla står for minst halvparten av undervisningane gjennom eigne framlegg.
Ein fast overlege deltek ved kvar undervisning og har ansvar for eventuelle endringar og bytte.
Minst to gonger kvart semester vert det arrangert heildagsseminar med relevante tema, gjerne med eksterne forelesarar frå ulike universitetsmiljø.
Som del av undervisninga er det inkludert tre samlingar som litteraturgruppe, obligatorisk for LIS, leia av respektive psykoterapirettleiarar og med litteratur valt ut frå hovudtemaet for semesteret. Det er lagt til rette for bruk av lister med anbefalt litteratur frå Norsk psykiatrisk foreining og Psykoterapiutvalet. Det har òg vore tradisjon for å arrangere eit psykoterapiseminar mot slutten av semesteret, ofte relatert til tematikk og basert på skjønnlitteratur.
Roterande 4,5‑års plan for tema i internundervisning for LIS
Samanfallande tema mellom RAM og VOP blir dekka gjennom undervisningsplan VOP. Aktuelle utgreiingsverktøy må inkluderast i fleire semester. Tema som er særleg relevante for RAM er integrerte, og undervisningsplanen for LIS3 i RAM vil difor vere ein kombinasjon av ulike tema. Undervisningsplan for VOP er også synleggjort under.
1. år
1. semester:
Førarkort. Lege som medisinskfagleg ansvarleg i tverrfagleg team – rolleforståing opp mot andre profesjonar. Journalføring og medikamentsamstemming.
Undervisningsplan VOP: Utviklingspsykologi, barn som pårørande, nevrobiologiske utviklingsforstyrringar (inkludert autismespekterforstyrringar, ADHD og utviklingshemming).
2. semester:
Kva er avhengigheit (nevrobiologiske, psykologiske og sosiale faktorar). Kartleggingsverktøy.
Opioidar (bruk, verknad, farmakologi, abstinens, diagnostikk og intoksikasjonar). LAR, inkludert smertebehandling hos pasientar i LAR.
Smerteproblematikk (inkludert smertebehandling med og utan opioidar).
Benzodiazepinar og GHB (bruk, verknad, farmakologi, abstinens, diagnostikk og intoksikasjonar).
Somatikk: Endokrinologi, nefrologi, hjartelidingar/EKG, infeksjonssjukdommar (utanom hepatittar).
Undervisningsplan VOP: Avhengig‑ og rusmedisin.
2. år
1. semester:
Helse‑ og omsorgstenestelova.
Alkohol (bruk, verknad, farmakologi, abstinens, diagnostikk og intoksikasjonar), inkludert medikamentell behandling.
Cannabis (bruk, verknad, farmakologi, abstinens, diagnostikk og intoksikasjonar). Cannabis som legemiddel. Psykedelikaassistert behandling.
Somatikk: Mage‑/tarmsjukdommar og hepatittar.
Motivasjonsarbeid og endringsarbeid (MI).
Undervisningsplan VOP: Litteratursøk, psykofarmakologi, psykisk helsevernlova.
2. semester:
Sentralstimulerande stoff og anabole steroid (bruk, verknad, farmakologi, abstinens, diagnostikk og intoksikasjonar).
Lungesjukdommar og lungefunksjon.
Undervisningsplan VOP: Personlegdomsforstyrringar og ulike psykoterapiformer.
3. år
1. semester:
Hallusinogen og nye psykoaktive stoff.
Somatikk: Nevrologi, hudsjukdommar og venerologi.
Sjølvhjelpsgrupper i rusbehandling.
Undervisningsplan VOP: Affektive lidingar, ECT, TMS og eteforstyrringar.
2. semester:
Annan avhengigheit (pengespel, gaming, porno, sex m.m.).
Tolking av blodprøver.
Gravide og rus (medikament og påverknad på foster). Gravide i LAR.
Undervisningsplan VOP: Psykoselidingar, jus og rettspsykiatri, suicid‑ og valdsrisiko, konflikthandtering.
4. år
1. semester:
Søvn, fysisk aktivitet og treningsterapi. Ernæring. Arbeids‑ og inkluderingstiltak.
Seksuell helse og rus (inkludert seksuelle overgrep).
Undervisningsplan VOP: Angstlidingar, tvangslidingar og traume.
2. semester:
Eldre og rus.
Undervisningsplan VOP: Alderspsykiatri, liaisonpsykiatri, somatiske og organiske lidingar, nevropsykologisk utgreiing.
5. år
1. semester:
Forskingstermin: litteratursøk, etikk og vitskapsfilosofi, med fokus på obligatoriske skriftlege oppgåver.
Læringsmål RAM
Kliniske læringsmål - Helsedirektoratet
Det er 75 læringsmål (LM) i rus- og avhengigheitsmedisin (RAM), og ein del aktivitetar i spesialiseringa kan gi utteljing på fleire LM samstundes. Det er nyttig å jamleg følgje med i Kompetanseportalen og læringsmåla for signering av læringsaktivitetar.
Læringsaktivitetane er tilrådingar som kan føre til godkjenning av LM. Det er òg mogleg å oppnå LM på andre måtar. Dette krev oftast eit evalueringskollegium som vurderer den utførte aktiviteten opp mot fullføring av LM. Klinisk rettleiing bør signerast kvar gong, eller minst éin gong per månad, med ei kort formulering om tema for rettleiinga.
Felles kompetansemål (FKM)
Felles kompetansemål - Helsedirektoratet
RegUt Helse Vest er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, ved forskings- og utviklingsavdelinga, seksjon for fag og utdanning. RegUt i Helse Vest skal sikre regional og nasjonal samordning av læringsaktivitetar, kursoversikt og utdanningsløp.
Helse Fonna bidreg i utviklinga av desse aktivitetane gjennom UtRåd Vest, som er samansett av alle utdanningsansvarlege overlegar/leiande overlegar frå dei fire helseføretaka i helseregion Vest (Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger), samt éin privat aktør i regionen. UtRåd skal sørgje for ei kvalitativt lik utdanning i alle helseføretaka. Innspel frå UtRåd og RegUt vert fortløpande implementerte i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
FKM for LIS3 omfattar 14 læringsmål (reviderte, i kraft frå 01.03.26) som i hovudsak skal oppnåast gjennom dagleg klinisk arbeid. For å kunne oppfylle alle FKM‑måla er det i tillegg etablert følgjande læringsaktivitetar:
- Grupperettleiing *¹
- Simulering og ferdigheitstrening
- Rettleiing
- Undervisning
- Sjølvstudium
- Kurs med følgjande tema *²:
- Innføringskurs i rus- og avhengigheitsmedisin I og II
- Grunnkurs i rus- og avhengigheitsmedisin I
- Grunnkurs i rus- og avhengigheitsmedisin II
- Grunnkurs i rus- og avhengigheitsmedisin III
- Grunnkurs i rus- og avhengigheitsmedisin IV
- To psykoterapikurs innan eitt av følgjande tre alternativ:
- Psykodynamisk terapi for rus- og avhengigheitsmedisin
- Gruppeterapi for rus- og avhengigheitsmedisin
- Kognitiv terapi for rus- og avhengigheitsmedisin
- Farmakologikurs for rus- og avhengigheitsmedisin
- Klinisk toksikologi
- ADHD‑kurs for rus- og avhengigheitsmedisin
1* Det vert planlagt fire årlege samlingar der FKM vert dekte på Stord og i Haugesund. Kravet om deltaking i gruppert rettleiing kan på Stord oppfyllast gjennom tverrfaglege gruppesamlingar for LIS3 frå Folgefonn DPS, Valen sjukehus, Stord DPS og Stord somatisk sjukehus. Grupperettleiinga går dermed føre seg innan både somatikk og psykiatri. I Haugesund vert det etablert grupperettleiing for LIS3 i RAM og psykiatri, ikkje i samarbeid med somatikk.
I gruppene vert problemstillingar som er relevante for alle LIS3 drøfta. Her kan ein dele erfaringar og gje innspel frå både RAM, psykiatri og somatikk. Jamleg deltaking er venta for å oppfylle relevante FKM-mål.
2* Det vert tilrådd at legar som startar spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin tidleg får ein strukturert progresjon i dei obligatoriske kursa. Det er tenleg å starte med innføringskursa i rus- og avhengigheitsmedisin I og II, då desse gjev eit overordna fagleg fundament og ei felles forståing av sentrale omgrep, behandlingsprinsipp og organisering av tenestene.
Vidare vert det tilrådd å gjennomføre grunnkursa I–IV i løpet av dei første åra av spesialiseringa. Desse kursa gjev meir fordjuping innan ulike delar av fagfeltet, og det er ein fordel å ta dei parallelt med klinisk erfaring slik at kunnskapen kan nyttast direkte i praksis.
Etter grunnkursa er det ønskjeleg å gjennomføre meir spesialiserte kurs, mellom anna:
- psykoterapikurs (psykodynamisk terapi, gruppeterapi og kognitiv terapi) for å styrkje behandlingskompetansen
- farmakologikurs for auka forståing av medikamentell behandling
- klinisk toksikologi, særleg relevant ved akutte og komplekse problemstillingar
- ADHD‑kurs, som tek for seg ein vanleg og viktig komorbiditet
Når det gjeld progresjon, vil det normalt vere realistisk å gjennomføre om lag to kurs per år, avhengig av tilgjenge, arbeidssituasjon og individuell kapasitet. Sidan fleire av kursa vert arrangerte årleg eller annakvart år, er det viktig med god planlegging for å sikre jamn framdrift og unngå unødige forseinkingar i spesialiseringsløpet. Jamn fordeling av kursa gjennom utdanninga bidreg til kontinuerleg fagleg utvikling, betre integrasjon mellom teori og praksis, og høgare kvalitet i pasientbehandlinga.
KM 009 – Kvalitets‑ og forbetringsarbeid
Tidlegare «forbetringsprosjekt» (FKM‑LM 042 og FKM‑LM 32) er no erstatta med krav om deltaking i kvalitets‑ og forbetringsarbeid i post, poliklinikk eller administrasjon der LIS arbeider. Det er eit leiingsansvar (hos aktuell avdelingsleiar) å informere LIS3 om pågåande prosjekt, og i samarbeid med klinisk rettleiar finne korleis LIS3 best kan delta og bidra i arbeidet.
Forsking
Forsking og innovasjon lyser ut stimuleringsmidlar, primært retta mot ferdigstilling av prosjektprotokollar for seinare søknad om ekstern finansiering. Klinikken deltek òg i PsykNettVest, som årleg lyser ut stimuleringsmidlar LIS kan søkje på.
Gjennom samarbeidet i PsykNettVest vert det gjeve tilbod om:
- skrivekurs
- stimuleringsmidlar
- forskingsnettverk
- kvalitetsregister
- nyheitsbrev til alle medarbeidarar med informasjon om forsking
Klinikken har fleire psykiatrar og psykologspesialistar med PhD‑kompetanse. Medarbeidarar som driv forskingsprosjekt, anten som del av PhD‑løp eller som postdoktorar, er knytte til forskings‑ og innovasjonsavdelinga i ulike stillingsstorleikar.
I klinikken er det etablert eit eige undervisningssemester der forsking er hovudtema, med mål om å gjennomføre forskingsrelatert arbeid og dei meir omfattande skriftlege oppgåvene. Semesteret vert avslutta av forskar med respektivt fagtema.
LIS vert oppmoda til å delta i forsking som del av spesialistutdanninga (FKM‑LM 13).
Simulering og ferdigheitstrening
Helse Fonna har eit felles simuleringssenter for både somatikk og psykiatri. Simuleringskoordinator har ei rådgjevande rolle og gjev støtte til klinikkane i planlegging, gjennomføring og evaluering av simulering. Fasilitatorar forpliktar seg til å gjennomføre simuleringar for eigne avdelingar, held seg fagleg oppdaterte og opptrer som pedagogiske rollemodellar for kollegaene sine.
Av obligatorisk simulering vert særleg MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) nemnd. MAP er utvikla for å auke kompetanse i å forstå, førebyggje, handtere og følgje opp aggresjons‑ og valdsproblematikk.
Tillitsvalde
LIS i Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna har to tillitsvalde. Det er ein klinikktillitsvald som òg fungerer som lokal tillitsvald for Haugesund sjukehus og Haugaland DPS. Sunnhordland har òg ein eigen lokal tillitsvald for Valen sjukehus, Folgefonn DPS og Stord DPS.
Ved tilsetjingsprosessar for LIS bør tillitsvalde få høve til å fremje sine synspunkt, og det vert tilstreba at tillitsvald deltek i tilsetjingsprosessen. Leiinga skal snarast mogleg informere tillitsvalde om tilsetjingar. Nytilsette vert informerte om kven som er tillitsvald, og telefonnummer og e‑post vert gjort kjende. Tillitsvald godkjenner tenesteplanar for LIS i klinikken ved oppretting og ved fornying av tenesteplanar.
Tillitsvalde deltek jamleg i møte med representantar frå leiinga, og har òg høve til å ta kontakt med leiinga utanom faste møte ved behov. LIS kan ta kontakt med tillitsvald dersom det er behov for å drøfte saker.
Tillitsvalde deltek på kurs for tillitsvalde i regi av Den norske legeforeininga for å halde seg oppdaterte på gjeldande avtalar og lovverk.
Kontakt
Ved spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege eller avdelingsleiar.