Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vernetenesta

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.

I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen.

Føretakshovudverneombod

Helse Bergen har eit føretakshovudverneombod (FHVO) og eit vara føretakshovudverneombod, og begge er frikjøpt i 100 prosent stilling.

Føretakshovudverneombodet har det koordinerande ansvaret for vernetenesta. Kvar klinikk eller divisjon ved føretaket har sitt eige hovudverneombod (HVO), til saman 26, som har koordineringsansvar i sitt område.

Dei vel 300 verneomboda i Helse Bergen har ansvar for sine verneområde som er definert i dei ulike klinikkane / divisjonane. Verneombodet skal takast med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som har noko å seie for arbeidsmiljøet innanfor ombodets verneområde.

Oppgåvene til verneomboda er omtalt i Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter og i føretaket si HMS-handbok.

Arbeidsmiljøloven - § 6-2. Verneombodets oppgåver

Kontakt

​Randi Broch Guddal

Telefon: 99 28 80 96



Sist oppdatert 18.09.2023