Vi prøver ut “Tale til sammendrag”
“Tale til sammendrag” skal hjelpe oss å bli betre på dokumentasjonen av helsehjelpa du får. Det som skjer er at korte lydklipp blir spelt inn undervegs i samtalen og gjort om til tekst.
Altså blir kunstig intelligens brukt som støtte når behandlaren din utarbeidar eit journalnotat. Notatet blir lagra i journalen din.
Slik sikrar vi nøyaktig dokumentasjon og reduserer den administrative tida for helsepersonell.
Personvern og tryggleik
Lydklippa blir automatisk sletta når dei er omgjorde til tekst. Det skjer fortløpande etter 5–10 sekund.
Journalnotatet blir kvalitetssikra og godkjent av behandlar før det blir registrert i journalen din.
Du kan som sjå journalnotatet ditt på helsenorge.no så snart det er godkjent av behandlaren din.
Alle personopplysningar blir handsama i samsvar med europeisk personvernlovgiving.
Les meir
Personvernerklæring for Helse Fonna - Helse Fonna HF
Her kan du lese om den regionale tiltaksplanen for kunstig intelligens
Frå media
Dette superverktøyet overrasket legen (TV2)
Fastlegar tar lydopptak av pasientane (NRK)
Fastlegen om bruk av kunstig intelligens: – Fått mer tid til å puste (Tidsskriftet)