Klage og erstatning
Du har rett til å klage til Helse Fonna og andre instansar dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har motteke dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på.
Send klage til Helse Fonna
Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylte kan du sende inn ein klage til oss.
Klagen må vere skriftleg.
Send klagen elektronisk via EDialog – eit sikkert og godt alternativ til e-post - Helse Fonna HF
Du kan også sende klage per post til:
Helse Fonna
Postboks 2170
5504 Haugesund
Innhaldet i klagen
Slik sender du en rettighetsklage - Helsenorge
Klagen må innehalde namn og helst fødselsnummer på pasienten. Den må også innehalde kva sjukehus klagen er retta mot, eventuelt avdeling viss ein hugsar det.
Klagen bør også ha informasjon om tidspunkt for hendinga, i tillegg til ei beskriving av hendinga eller hendingane som førte til klagen.
Sjå oversikt over alle Avdelingar - Helse Fonna HF.
Klage på vegner av andre
Dersom du klager på vegner av andre, må du ha fullmakt frå pasienten eller brukaren, eller vere verje for vedkommande.
Klage frå pårørande blir som regel behandla, men merk at reglane om teieplikt kan hindra helseføretaket i å gi informasjon om pasienten si behandling eller helseforhold dersom det ikkje ligg føre fullmakt.
Psykisk helsevern
Du kan alltid klage på vedtak som handlar om tvungent psykisk helsevern. Både pasienten sjølv og næraste pårørande kan klage.
Ei klage kan gis både skriftleg og munnleg, overfor den som har fatta vedtaket eller overfor anna helsepersonell ved institusjonen. Personale som motteke ei munnleg klage, skal hjelpe med å skrive ned og vidaresende klagen.
Klage på tvang i psykisk helsevern - Helsenorge
Fri rettshjelp
Pasienten har rett til bistand frå advokat eller annan fullmektig i samband med klage i visse tilfelle.
Ved klager som gjeld etablering, oppretthalding eller opphøyr av ei tvangsinnlegging har pasienten krav på at det offentlige betaler for advokatutgifter. Det same gjelder ved klage på overføring til døgnopphald i institusjon, og for klage frå born over 12 år som ikkje sjølv er samde i ei innlegging.
Ved klage på vedtak om tvungen behandling utan eige samtykke, for eksempel tvangsmedisinering eller tvungen ernæring, har pasienten rett på fri rettshjelp i inntil fem timar knytt til klagen.
Klage til Pasient- og brukarombodet
Ombodet kan gi deg informasjon om pasientrettar og/eller hjelpe deg ved klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Det er gratis å få hjelp frå Pasient- og brukarombodet. Dei har teieplikt og du kan velje å vere anonym.
Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientars behov, interesser og rettssikkerheit. Ombodet jobbar også for å betre kvaliteten i helsetenesta.
Du kan kontakte pasientombodet i fylket der du bur, uavhengig av kor i spesialisthelsetenesta du har fått helsehjelp.
Klage til Statsforvaltaren
Dersom du som pasient, brukar eller pårørande er misfornøgd med kvaliteten på eller utføringa av tenestene, kan du klage til Statsforvaltaren.
Norsk pasientskadeerstatning (NPE)
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) skal sikre at pasientar som har fått skade etter feilbehandling, får erstatning for økonomiske tap og varige mein.
På nettsidene til NPE kan du få hjelp til å vurdere om du kan ha rett til erstatning, og rettleiing om korleis du søker.
Erstatning for pasientskade - Norsk pasientskadeerstatning
Ukom
Ukom undersøker alvorlige hendingar og andre alvorlege forhold for å betre tryggleiken til pasientar, brukarar, pårørande og medarbeidarar i helse- og omsorgstenesten.
Alle kan melde frå til Ukom.
Les meir på nettsidene til Ukom.