Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Obduksjon – den siste legeundersøkinga

Ein obduksjon er ein grundig utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden. Formålet med ein obduksjon er å få oversikt over dødsårsaka og den hendingsgangen som førte til døden.

Resultatet frå obduksjonen kan

  • fortelje kva effekt behandlinga har gitt
  • skaffe ny kunnskap om sjukdommar
  • gi kunnskap til legen som kjem andre pasientar til gode
  • gi ei oversikt over dødsårsaker og helsetilstanden i befolkninga
  • gi politiet informasjon ved eit mistenkeleg dødsfall

Obduksjon kan berre rekvirerast av lege eller politi, men generelt strekker helsevesenet seg langt for å oppfylle ønske frå dei pårørande så sant det er kapasitet. Dersom dødsfallet skjer på sjukehus og legane sjølve ikkje foreslår obduksjon, kan du ta dette opp med legane som behandla avdøde eller med avdelingsoverlegen.

Næraste pårørande skal så langt råd er få informasjon om at det kan vere aktuelt å obdusere den avdøde, og har full rett til å motsette seg ein obduksjon. Obduksjonen blir som regel utført første arbeidsdag etter dødsfallet, men sjukehuset kan utsette obduksjonen dersom pårørande ønsker meir tid.

Om sjukehuset ønsker å nytte materiale frå obduksjonen til seinare undervisning eller forsking, skal pårørande også informerast og givast moglegheit for å reservere seg særskilt, sjølv om obduksjon blir utført.

Dersom politiet krev ein rettsmedisinsk obduksjon som ledd i ei etterforsking, kan ein som pårørande ikkje motsette seg undersøkinga.

Ein obduksjon er ein grundig utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden. Undersøkinga blir utført av ein spesialisert lege (patolog) og ein obduksjonsteknikar. Først blir kroppen undersøkt utvendig for å sjå etter skadar. Ein opnar så lekamen for å undersøke dei indre organa og hjernen. Det blir tatt ut små bitar med vev for undersøking i mikroskop.

Av og til blir også prøver tatte til for eksempel medikamentanalyse eller påvising av bakteriar. Når undersøkinga er ferdig blir organa førte tilbake i kroppen og opningane blir lukka. Når den avdøde seinare ligg kledd og pynta i kista vil desse såra vanlegvis ikkje vere synlege.

Små vevsbitar som blir tatte ut til vidare undersøking blir tatte vare på ved patologiavdelinga. Av og til vil det vere nødvendig å bevare større delar eller heile organ for grundigare undersøking. Desse organa kan da ikkje leggast tilbake i kroppen, men blir i ettertid kremert.

Som regel vil ein obduksjon ikkje ha noka betydning for tidspunktet for gravferda. Obduksjonen blir som regel utført på formiddagen første arbeidsdag etter dødsfallet, og den avdøde kan derfor tidlegast hentast av gravferdsbyrået same ettermiddag. Av og til må obduksjonen av praktiske grunnar utsettast. Gravferdsbyrået kan gi nærare informasjon i kvart enkelt tilfelle.

Etter ein sjukehusobduksjon går rapporten til den legen som rekvirerte undersøkinga. Det er derfor oftast den behandlande legen ved den aktuelle avdelinga eller fastlegen (ved dødsfall utanfor sjukehus) som vil ha den vidare kontakten med pårørande. Er ein i tvil om kor ein skal gå, kan ein kontakte patologiavdelinga for rettleiing.

Rapporten etter ein rettsmedisinsk obduksjon går til politiet, og det er i prinsippet oppdragsgivaren som bestemmer kven som skal få vite kva som blei funnen. Dersom det ikkje dreier seg om etterforsking av ei kriminalsak vil vanlegvis den patologen som gjorde undersøkinga, i samråd med politiet, kunne formidle resultatet til dei pårørande. Av og til er det mogleg å gi eit fullstendig svar med ein gong etter obduksjonen, men andre gonger kan det ta tid før svar på alle spesialundersøkingar ligg føre.

Sist oppdatert 20.08.2025