Pårørande
Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon.
Pårørande rett til informasjon når:
- Dei allereide kjenner opplysningane
- Pasienten eller brukaren samtykkjer
- Situasjonen krev informasjonsdeling, for eksempel i ein nødsituasjon eller når pasienten ikkje kan gi samtykke
- Pasienten ikkje klarer å ivareta eigne interesser
Foreldre har også rett til informasjon om barna sine fram til dei fyller 16 år, og fram til 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret.
Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Dersom pasienten ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, blir den personen som har mest og jamleg kontakt med pasienten rekna som næraste pårørande.
Helsepersonell bryt ikkje taushetsplikta ved å snakke med deg om opplysingar du er kjent med frå før. Dersom du kjenner diagnosen til pasienten eller brukaren, kan helsepersonell snakke generelt om årsak til tilstanden, symptom, vanleg behandling og prognose.
Les meir om dine rettigheiter som pårørande på helsenorge.no