Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Reserver deg mot å vere med i NORSPIS-registeret

Personar som får behandling for spiseforstyrringar i spesialisthelsetenesta blir frå juni 2025 automatisk registrert i NORSPIS. Du har rett til å reservere deg.

Kva er NORSPIS?

NORSPIS er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrringar. Registeret samlar inn og lagrar opplysingar om utgreiing og behandling for å betre kunnskapen og kvaliteten på behandlinga.

Tidlegare måtte helseføretaka ha samtykke frå pasientar for å registrere dei. Frå juni 2025 har behandlingsansvarleg lege plikt å rapportere til NORSPIS utan samtykke. Dette gjeld både barn, unge og vaksne som får behandling for spiseforstyrringar.

Korleis reserverer du deg?

  • Alle pasientar kan reservere seg mot å vere med.
  • Du får melding på Helsenorge.no dersom du blir registrert. Der kan du også reservere deg.
  • Er du føresett til eit barn under 16 år, er det du som avgjer om barnet skal delta.
  • Treng du hjelp til å reservere deg eller eit barn utan å bruke Helsenorge, kan du kontakte registeradministrasjonen i NORSPIS

På nettsidene til NORSPIS finn du meir informasjon om kva som blir lagra og korleis du reserverer deg: Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrrelser - NORSPIS - Nordlandssykehuset HF

Sist oppdatert 10.12.2025