Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For fastlegar og andre som tilvisar til spesialisthelsetenesta

Rett til nødvendig helsehjelp – korleis vi prioriterer og set fristar

Alle pasientar som etter ei fagleg vurdering har behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, har rett til nødvendig helsehjelp. Dette går fram av pasient- og brukarrettslova § 2-2 andre ledd.

To vilkår for rett til nødvendig helsehjelp

For å få denne retten må to vilkår vere oppfylte:

  1. Pasienten er forventa å ha nytte av helsehjelpa
  2. Ressursbruken står i rimeleg forhold til den venta nytten

Desse vilkåra står i pasient- og brukarrettslova § 2-2 andre ledd og prioriteringsforskrifta § 1.

Les meir om vilkåra i kapittel 4 Når tilvisingar blir vurdert.

Korleis blir vurderinga gjort?

Det er ei helsefagleg vurdering av behov og ei vurdering av ressursbruk og nytte som avgjer om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta eller ikkje. Vurderinga inneber ei avveging av ulike omsyn, mellom anna om spesialisthelsetenesta si kompetanse er nødvendig for å behandle tilstanden.

Kriteria for prioritering

prioriteringsforskrifta § 2 finn du nærare kriterium for korleis pasientar med rett til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Kriteria blir brukte når det skal setjast frist for når helsehjelpa seinast skal starte. Ved prioritering skal helsepersonell leggje vekt på:

  • Forventa nytte av helsehjelpa
  • Kor alvorleg tilstanden er
  • Kor mykje ressursar helsehjelpa krev

Sjå meir om dette i kapittel 5 "Fastsetjing av frist for start av helsehjelp".

Kjelde: Prioriteringer i den norske helsetjenesten - Helsedirektoratet (pkt. 1.3)

Sist oppdatert 12.12.2025