Helsefellesskapet i Helse Fonna
FSU eldre og skrøpelegheit
FSU eldre med skrøpelegheit skal sikre heilskaplege og samanhengande tenester for denne pasientgruppa. Dei skal vere i stand til å sjølv ta og delta i avgjerder om eiga helse, ha moglegheit til å bu lengst mogleg i eigen heim og unngå unødvendige innleggelsar og reinnleggingar.
Overordna ansvar
FSU skal arbeide for at eldre med skrøpelighet og deira pårørande opplev individuelt tilpassa tenester av god kvalitet, uavhengig av kvar i regionen dei bur.
FSU skal arbeide helsefremmande ved å ivareta mennesket som ein heilskap, med fokus på ressursane til kvar enkelt.
Gruppa skal:
- framheve eldre med skrøpelegheti ved å identifisere og sikre felles fokus og prioriteringar innanfor ulike satsingsområde og føringar
- bidra til å utvikle og forvalte pasient- og samhandlingsforløp for eldre med skrøpelegheit
- bidra til å utvikle innovative løysningar
- bidra til fagutvikling og kompetansedeling for helsepersonell som arbeider med eldre med skrøpelegheit
- etablere, koordinere og følgje opp nettverk og arbeidsgrupper, faglege råd og tverrfaglege team innanfor ulike satsingsområde
- samarbeide og utveksle informasjon med andre relevante aktørar, nettverk og kompetansesenter
- bidra til at digitale verktøy og plattformer blir utvikla, tekne i bruk og vidareutvikla til fordel for eldre med skrøpelegheit og deira pårørande
- utvikle og koordinere relevante lærings- og meistringstenester
- bidra til å leggje til rette for forsking på tvers av kommunane og helseføretaket
- samhandle med utdanningsinstitusjonar i regionen som utdannar helsepersonell
Satsingsområde
Sist oppdatert 09.02.2026