Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsefellesskapet i Helse Fonna

FSU personar med fleire kroniske lidingar

FSU personar med fleire kroniske lidingar skal sikre heilskapande og samanhengande tenester for denne pasientgruppa.

Overordna ansvar

FSU personar med fleire kroniske lidingar skal arbeide for at personar med fleire kroniske lidingar og deira pårørande får individuelt tilpassa tenester av god kvalitet, uavhengig av kvar i regionen dei bur. 

FSU skal arbeide helsefremmande ved å sjå mennesket som ein heilskap og ha fokus på ressursane til kvar enkelt.

Gruppa skal:

  • bidra til å utvikle, forvalte og vidareutvikle pasient- og samhandlingsforløp for personar med fleire kroniske lidingar
  • bidra til koordinerte kompetanse- og kurstilbod for tilsette som treng kunnskap om personar med fleire kroniske lidingar
  • etablere, koordinere og følgje opp nettverk og arbeidsgrupper, faglege råd og tverrfaglege team innanfor relevante satsingsområde 
  • bidra til at digitale verktøy og plattformer blir tekne i bruk og vidareutvikla til fordel for personar med fleire kroniske lidingar og deira pårørande 
  • bidra til god samhandling om individuell plan og/eller koordinator
  • utvikle og koordinere relevante lærings- og meistringstenester
  • bygge kultur for samarbeid på tvers av sjukehusavdelingar/poliklinikkar, einingar i kommunane og mellom spesialist- og kommunehelsetenesta
  • sikre gode rutinar som gjer at hospiteringsordninga ivaretek personer med fleire kroniske lidingar
  • bidra til at barn som er pårørande av personar med fleire kroniske lidingar blir tekne vare på i tråd med lovverket
  • samarbeide og utveksle informasjon med andre relevante aktørar, nettverk og kompetansesenter 

Satsingsområde

 

Sist oppdatert 09.02.2026