Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Kurs i helsepedagogikk

Jobbar du med opplæring av pasientar og pårørande i helsetenesta? Då kan kurs i helsepedagogikk vere noko for deg.

27.
april
2026
  1. 27. apr. 2026, 09:15 - 15:30
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 27. apr. 2026, 09:15 - 15:30
Arrangør
Kvar

Kursrom 1P079

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Du finn kursrommet i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå forbi Narvesen kiosken og ta til høgre.
Påmelding

Frist for påmelding: 10. apr. 2026

Gå til påmeldingsskjema

Om kurs i helsepedagogikk

Kurset har som mål å gjere deg tryggare i rolla som kursleiar eller gruppeleiar, og gi deg meir kunnskap om opplæring av pasientar og pårørande i grupper.

Forsking viser at deltakarar opplev opplæring i grupper som nyttig, og har betydning for korleis dei mestrar kvardagen med helseutfordringar.

Opplæring av pasientar og pårørande er ei viktig og lovpålagt oppgåve for helsepersonell. 

Målgrupper

Kurset gjeld for gruppeleiarar, kursleiarar, fagpersonar og brukarmedvirkarar som jobbar på sjukehus, i kommunar, ideelle helseinstitutusjonar, brukarorganisasjonar og liknande.

Kursprogram

  • Kvifor er opplæring av pasientar og pårørande viktig?  
  • Kva er gruppebasert opplæring og lærings- og meistringskurs?  
  • Korleis planlegge, gjennomføre og evaluere eit gruppetilbod i samarbeid med andre?  
  • Korleis involvere deltakarar, arbeidsmetoder og digitale verktøy?  
  • Brukarmedverknad i lærings- og meistringskurs.  

Påmelding

Kursavgifta er 250 kroner per deltakar, og dekkjer lunsj. 

Faktura blir sendt i etterkant. 

Meld deg på kurset

Kontakt