Helsefellesskapet
Strategi 2025-2027
Visjon
Helsefellesskapet skal vere ei drivkraft for samarbeid og samhandling om tenesteutvikling og felles planlegging for å sikre eit berekraftig, koordinert og samanhengande tenestetilbod.
Mål for samarbeidet
Helse Fonna og kommunane skal gjennom helsefellesskapet planlegge og utvikle tenester for pasientar som treng tenester på begge nivå. Samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna og kommunane og felles rutinar og retningslinjer skal bidra til eit strukturert arbeid som fremmar samhandlinga på ein slik måte at pasientar og brukarar opplever tenestene som:
- fagleg gode
- samordna
- trygge og godt planlagde
- prega av kontinuitet
- ressurseffektive
Det er eit overordna mål å sikre gode overgangar og koordinerte tenester gjennom pasientforløp på tvers av tenestenivåa.
Verdiar
Likeverd, gjensidig respekt og tillit skal prega samarbeidet.
Sist oppdatert 27.03.2026