Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsefellesskapet: Strategi 2025-2027

Satsingsområde

Våre satsingsområde er:

1. Samanhengande tenester

Pasientforløpa skal vere samanhengande, koordinerte og styrka gjennom god samhandling på alle nivå.

For prioriterte pasientgrupper

I samsvar med nasjonale føringar, skal det vere særleg fokus på å utvikle gode tenester for:

  • barn og unge
  • personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
  • skrøpelege eldre
  • personar med fleire kroniske lidingar

Målet er å koordinera tenestene, både internt i føretaket og i den enkelte kommune, og i overgangane mellom dei to tenestenivåa. Habilitering og rehabilitering, meistring og førebygging, kvalitet og pasientsikkerhet og kompetanse skal vektleggast i samarbeidet.

Pasientforløp

Sentralt i helsefellesskapet står samarbeid om å utarbeide pasientforløp på tvers av tenestenivåa med felles lokale rutinar og retningslinjer med bakgrunn i nasjonale føringar.

Kommunale ØHD-tilbod

Det er eit mål å nytte kommunale øyeblikkeleg døgntilbod (ØHD) i størst mogeleg grad for dei pasientane som oppfyller kriteria.

2. Helseberedskap

God og heilskapleg planlegging er nødvendig for å vere godt nok førebudd for ulike typar krise. Beredskapsplanar i helseføretak og kommunar må samordnast, og det må avtalast tiltak for å sikre helseberedskap i situasjonar med kapasitetsutfordringar.

Pasientar skal oppleve ei samanhengande akuttmedisinsk kjede, inkludert førsteinnsats, legevakt, AMK, ambulanseteneste og akuttmottak.

Det er viktig å avklare ansvarsforhold, sikre tydelege varslings- og rapporteringsrutinar og god samhandling mellom aktørane ved kriser.

3. Rekruttere og halde på personell

Helseføretak og kommunar må i større grad enn tidlegare gjere felles vurderingar av kva kompetanse- og personellbehov dei enkelte delane av tenestene vil ha framover. Det er behov for forsterka innsats for å rekruttere og halde på kvalifisert personell.

Det må avklarast korleis samordning av dette arbeidet i Helse Fonna regionen skal organiserast, og vurderast om til dømes felles tiltak knytt til kompetanseheving og delte stillingar mellom kommunar og føretak kan vera aktuelt.

4. Digitalisering av tenester

Digitalisering kan bidra til betre kvalitet i tenestene og til å effektivisera og forenkla kvardagen. Ei digital utvikling kan også styrke pasientane sin mogleik til å delta aktiv i eige behandlingsopplegg. Hensiktsmessig bruk av digitale tenester og andre velferdsteknologiske tenester mellom sjukehus og kommune/fastlege og pasient er difor eit satsingsområde.

5. Ei helse- og omsorgsteneste som fremmer førebygging, meistring, habilitering og rehabilitering

Prioritere satsingar for å dempe veksten i behovet for helse- og omsorgstenester. Bidra til å forhindre utvikling av risikofaktorar for sjukdom og funksjonssvikt, dempe sjukdomsbyrda for den enkelte og auka helsekompetansen og mogleiken for å leva sjølvstendig lenger. Legge vekt på førebygging, meistring, habilitering og rehabilitering i samhandlinga gjennom helsefellesskapet.

6. Brukarmedverknad

Sikre brukarrepresentasjon og involvering på alle nivå og alle relevante samarbeidsarenaer i helsefellesskapet. Pasientar og pårørande er aktive deltakarar i helsehjelpa.

7. Vidareutvikle helsefellesskapet

  • Skape felles kultur: «Me», ikkje «dei» og «oss».
  • Skape arenaer for å styrka relasjonar, tillit og gjensidig forståing for og kjennskap til kvarande sine tenester, perspektiv og utfordringsbilde.
  • Tydeleg ansvarsavklaring mellom dei ulike fora i helsefellesskapet.
    Sikre implementering av felles avtalar, retningslinjer og verktøy.
    Gjensidig involvera kvarandre i utvikling og planlegging av tenester.
Sist oppdatert 27.03.2026