Helsefellesskapet: Strategi 2025-2027
Utfordringar
Me lever i ei tid med betydelege demografiske endringar. Det vert fleire eldre og det er eit veksande tal yngre som treng helsehjelp. På same tid er det færre yrkesaktive som kan yta desse tenestene.
Det vert stadig meir utfordrande å rekruttera og behalde personell. Det betyr at me er i endringsprosessar der målretta bruk av kompetanse er vesentleg. Det medisinske mogleiksbilete er stort, og det er høge forventningar i befolkninga til kva helsehjelp og tenestetilbod det offentlege skal yta.
Dei økonomiske rammene er blitt strammare. Det tvingar seg fram prioriteringar og endringsarbeid på alle nivå både når det gjeld ressursbruk og arbeidsmåtar, endringar som kan bidra til berekraftige løysingar for helse- og omsorgstenester i framtida.
Det er ikkje god nok samanheng mellom helse- og omsorgstenestene. Det er behov for å utvikla gode og berekraftige pasientforløp for personar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Europa står i ein alvorleg sikkerhetspolitisk situasjon og trusselbildet mot kritisk infrastruktur auker. I tillegg må me vera forberedt på å handtere situasjonar med auke i smittsame sjukdommar, ekstremvær og kapasitetsutfordringar både innan spesialisthelseteneste og kommunar.
Dette bakteppe, med press frå fleire hald, pregar oss i samhandlingsfeltet.