Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habilitering - Muskelsykdommer hos barn og unge

Det er store individuelle forskjellar i barns utvikling. Likevel er det nokon forventningar til kva barn vanlegvis lærer på ulike alderstrinn. Når eit barn har ei rørsleutvikling som går langsamt, har stoppa opp eller går tilbake og bekymrar hos foreldre, fastlege, helsestasjon, barnehage eller skole, kan barnet bli tilvist til sjukehus for utgreiing med tanke på muskelsjukdom.

Tilvising og vurdering

Barnet eller ungdommen kan også tilvisast til HABU for oppfølging når han eller ho allereie har fått påvist ein muskelsjukdom.

Sjekkliste ved tilvising – habilitering for barn og unge

Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsrettleiar – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetenesta».

Sjekklista nemner forhold som er av særleg betydning for effektivt å planlegge utgreiing og vidare oppfølging.

Det er forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga.

  • Namnet til pasienten, fødselsnummer, adresse og eventuelt telefonnummer.
  • Eventuelt behov for tolk; kva språk/dialekt.
  • Namn, telefonnummer og korrekt adresse til føresette.
  • Opplysning av kven som har foreldreansvar
  • Bekrefting på at dei føresette har samtykt til tilvisinga.
  • Søsken, halvsøsken og andre i omsorga til familien. Oppgi namn, kjønn og alder.
  • Diagnose(r) på tilvisingstidspunktet.
  • Aktuelle problemstillingar og ønskt mål med tilvisinga.
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar.
  • Legemiddel som er i bruk.
  • Sentrale instansar (helsestasjon/skolehelseteneste, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skole, avlasting, PPT, BUP, barneverntenesta), med namn på kontaktperson og telefonnummer.
  • Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane.
  • Er det oppretta kommunal koordinator? I så fall; oppgi namn og telefonnummer.
  • Er det oppretta ansvarsgruppe?
  • Er det utarbeidd individuell plan? I så fall oppgi namn og telefonnummer til koordinator.
  • Er det aktuelt med arbeid knytt til Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9? (Rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemning)? Er i så fall overordna fagleg ansvarleg kjend med at det er sendt tilvising?
  • Dersom pasienten blir tilvist av annan lege ein fastlege; oppgi namnet, adressa og telefonnummeret til fastlegen.
  • Namn og kontaktinformasjon til med-tilvisar (om ikkje lege er den som skal stå for kontakten med habiliteringstenesta).

Før

Under

Etter

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag 08:00 - 15:00