
Jordmora: det første skriket
Jordmora jobbar med dei som har livet føre seg.

Jordmora jobbar med dei som har livet føre seg.
For mange var Ingrid Aase Cabrera, Tove Austreim Jacobsen og Ellen Tangerås Hagen og der når livets mirakel skjedde.
Kvar dag på jobb kan det hende dei er der for nokon igjen. Akkurat den stunda eit nytt liv kjem til verda.
– Eg vil gjere ein god jobb, og det eg gjer betyr mykje for dei fødande.
Slik startar Ellen Tangerås Hagen. For henne var det ikkje tvil.
– Min draum var å bli jordmor. Det er viktig med ein god start, både for dei med livet føre seg og foreldra. Vi er ein viktig del av helsevesenet.
Ein dag kan fort innehalde dei høgste toppar, men også nokre gonger dei lågaste dalar.
– Eg opplev så mykje glede, eg kan bli rørt og eg veit at det nokre gonger kan det bli trist. Uansett skal alle skal ha ei trygg jordmor. Alle skal bli sett og høyrt.

Vel du å bli jordmor skal du vite at arbeidsdagane er meir enn fødestova. Så klart.
Tove Austreim Jacobsen drar fram blant anna poliklinikk og barseltida. Sjølv liker ho å jobbe med det akutte.
– Det kan virke skummelt, men du har mange bra folk rundt deg. Som student får du god opplæring. Å vere ny er heilt lov. Nye ansikt er kjekt.
I tillegg til variert, er tverrfagleg eit ord som kjem opp når du arbeider på sjukehus. Du kan jo gjette om det også er tilfelle på fødeavdelinga?
Ja, sjølvsagt: Legar, sjukepleiarar, barnepleiarar og assistentar er yrkesgrupper som høyrer heime her.
– Sjølv blei eg sjukepleiar nettopp for å bli jordmor, fortel Jacobsen.
Ofte handlar oppgåvene på eit sjukehus om sjukdom ute i livsløpet. Ofte med mange pasientar som treng hjelp.
– Som jordmor jobbar eg med unge, friske damer som treng ei jordmor som er til stades. Med ansvar for éin aktiv fødsel om gongen.

Ingrid Aase Cabrera ville ikkje bli jordmor.
– Eg jobba på kirurgisk. Prøvde intensiv. Så ombestemte eg meg. Det angrar eg ikkje på.
I dag jobbar ho ei veke på føden og den neste på barsel. Den gode variasjonen, som allereie nemnt.
– Alle vi tre har jobba her lenge, men det er framleis spennande. Kvar fødsel er forskjellig. Vi har eit godt miljø og kan spørje om alt. Det er trygt.
Les meir føde- barseltilbodet vårt: