Nasjonal helse- og sjukehusplan 2024-2027 og oppdragsdokumentet til dei regionale helseføretaka etter revidert nasjonalbudsjett 2024 gir nokre generelle føringar for tildeling av tilskot:
Rekrutterings- og samhandlingstilskotet skal understøtte tenesteutvikling og gode pasientforløp gjennom å styrke samhandlinga.
Særleg prioritert er:
- Tiltak og område som kan få ned ventetid i sjukehus
- Digitale tenester og digitale samhandlingsløysingar
- Prioriterte pasientgrupper er
- Pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
- Skrøpelege eldre
- Barn og unge
- Personar med fleire kroniske lidingar
- Tenester innan svangerskap, fødsel og barselomsorg
- Integrert psykisk helse- og rusteneste
- Rehabilitering
- Tiltak for å redusera tal utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus
Beløpet som vert motteke i tilskot vil som hovudregel vere ei delfinansiering som supplerer partane sin eigen ressursinnsats.
Det skal vere likeverd mellom kommunar og føretak i utarbeiding av forslag til korleis midlane skal nyttast.
Midlane skal brukast etter semje melom helseføretak og aktuelle kommunar. Partane skal gjennom avtale gjera tydeleg korleis tiltaket støttar opp om føremålet med tilskotsordninga, og kva som er gevinsten med tiltaket.
Tilskotet kan understøtte tiltak som fremjar rekruttering og god bruk av personell i helseregionen på tvers av nivå, til dømes utprøving og etablering av kombinerte stillingar.