BUP Stord

BUP står for barne- og ungdomspsykiatri. Vi gir eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.  Vi har tilbod innan utgreiing og behandling av tilstandar som angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring, ADHD, depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

Slik finn du fram

Adresse

Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus. Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasje Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.