Sjukehusapoteka Vest:

Byggjer eindosefabrikk i Haugesund

Regionalt pakkeanlegg for eindosar i Haugesund skal styrke pasientsikkerheita.

Publisert 16.06.2023
Sist oppdatert 19.06.2023

Etter sommaren startar ombygging av pakkeanlegg for eindosar på sjukehuset i Haugesund. ​

Det vart klart etter at styret i Helse Vest godkjente investeringa i Helse Fonna og Sjukehusapoteka Vest. Pakkeanlegget  blir eit viktig bidrag for å styrke pasientsikkerheita.

Image.jpeg
Utvidar: Sjukehusapoteka Vest har alt ei stor avdeling som leverer ut medisinar til sjukehusa i Helse Fonna, i tillegg til medisinutsal for publikum på Haugesund sjukehus. Snart blir den lokale aktiviteten enda større, når det no skal etablerast eindoseanlegg for heile Helse Vest på Haugesund sjukehus. Foto: Magne Kydland

Eindose er ei eining av eit legemiddel, som éin tablett/kapsel, og ikkje ei heil øskje. Den er merka blant anna med namnet på legemiddelet, virkestoff, styrke og utløpsdato. Bruk av eindose kan bidra til å styrke pasientsikkerheita ved at pasienten får i seg rett legemiddel med rett styrke. 

Det er Sjukehusapoteka Vest som på vegner av helseføretaka etablerer eindoseanlegget.

– Dette er noko vi har arbeidd med lenge. Difor er vi så glade og  nøgde med at anlegget no blir ein realitet, slik at vi kan halde planen om å ha det klart til 2025, seier konstituert administrerande direktør Lene Svanberg Jacobsen i Sjukehusapoteka Vest.

Det regionale pakkeanlegget skal levere eindosar til alle sjukehusa i Helse Vest og vere klart seinast 2025. Pakkeanlegget skulle eigentleg liggje i Bergen, men saman med Helse Bergen lukkast  ikkje Sjukehusapoteka Vest å finne lokale for det.  Så melde Helse Fonna i vår at dei kunne stille eigna lokale til disposjon på sjukehuset i Haugesund, i tilknyting til sjukehusapoteket der. Lokala blir fristilt til ombygging etter sommaren.

Styret i Helse Vest godkjente investering  i Helse Fonna innafor ei kostnadsramme, og Helse Fonna blir tildelt eit internt lån på inntil same sum. Sjukehusapoteka Vest blir tildelt eit internt lån på inntil 20 millionar kroner til kjøp av utstyr og innreiing i anlegget.

Administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, er godt nøgd med at Helse Vest og Sjukehusapoteka no har vedteke å etablere den regionale eindosefabrikken i Helse Fonna.

–​ Det er godt nytt for Helse Fonna og for regionen at eindoseproduksjon no blir sikra med eit anlegg for dette i Haugesund. Anlegget vil bidra til god ressursbruk og styrkje eit allereie godt fagmiljø frå Sjukehusapoteka inn i Helse Fonna, seier Hovland.

Også styret i Helse Fonna har gjeve full støtte til planane.

Bilde2.jpg
Eindosefabrikk:  Eindose blir pakka i pakkemaskiner, blir deretter levert til sjukehusa og er mogeleg å identifisere heilt fram til pasienten. No blir produksjonen for heile Helse Vest lagt til Haugesund sjukehus. Foto: Sjukehusapoteka Vest

​ 



​