Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Vinglass. (Foto)

Alkohol

Drikk du (kanskje) litt for mykje? Alkohol er ein risikofaktor for skade på kort sikt,  og underliggande årsak til ei rekkje sjukdommar på lang sikt. Alkohol er den tredje viktigaste sjukdomsframkallende faktoren i den vestlege verda, og meir enn 60 ulike sjukdommar kan knyttast til overforbruk av alkohol.

​ Difor kjem vi til å spørre om ditt alkoholforbruk
​For mange pasientar i sjukehus medverkar alkohol og andre rusmiddel til helseproblemet eller kompliserer behandlinga. 

Vellykka behandling vil ofte ha som føresetnad at bruk av alkohol og rusmiddel blir teke tak i og endrast.

​Kva skjer når du blir innlagt? 

Lege eller sjukepleiar vil spørre deg om dine alkoholvanar og bruk av andre rusmiddel. 
Etter deira vurdering kan det hende vi i tilsyn Rus/somatikk vil komme og snakke med deg. Det vil vere frå ein til tre samtalar, alt etter behov. Dette gjer vi slik at behandlinga du får vil fungere best mogleg.  

Har du behov for vidare behandling eller støtte, hjelper vi deg vidare.​

Plakater---rus-somatikk-2.png
​​








Sist oppdatert 27.09.2022