Vaksine mot mpox (apekopper)
Personar med auka risiko for smitte blir prioritert for vaksine mot mpox, tidlegare kalla apekopper.
Per no er det berre prioriteringsgruppe 1, menn som har sex med menn (MSM) eller transpersonar, som får tilbod om primær preventiv vaksinasjon (PPV).
Tilbod om vaksine gjeld dersom du er MSM eller transperson og du oppfyller eit av krava under
- står på preeksposisjonsprofylakse mot HIV (PrEP)
- har HIV
- sel seksuelle tenester
Kontaktinformasjon
Vaksine til bruk mot mpox som primær preventiv vaksinasjon (PPV) blir tilbydd ved Poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjonar ved Hudavdelingen Helse Stavanger.
Sjå Helse Stavanger for råd og rettleing, og informasjon om korleis du bestiller time
Meir informasjon
Mpox (apekopper) kjem av eit virus (monkeypoxvirus), og gir sjukdom med feber og utslett.
Informasjon om mpox/apekoppevaksine - FHI
Les meir om mpox/apekopper på helsenorge.no
Mpox smittar ved nær kontakt og gir mellom anna feber, hovne lymfeknutar og kløande utslett med blemmer. Dei fleste blir friske utan behandling.