Tid og stad
- Når
-
- 17. nov. 2026, 09:00 - 15:00
- Arrangør
- Ring oss på telefon 53 49 12 84 for å melde deg på. Vi har ope måndag-fredag kl. 8-15.
- Kvar
-
Kursrom 1P079
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
- Kursrom: Kurset er i 2. etasje på Stord sjukehus. Bruk inngangen til fysikalsk avdeling. Når du kjem til 2. etasje, gå til høgre og til enden av korridoren. NB! Du treng ikkje å sitte i ventesona i 1. etasje. Du går direkte til kursrommet.
- Haugesund sjukehus
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 10. nov. 2026
Om kurset
I tillegg til informasjonen du fekk på sjukehuset, ønskjer vi å gi deg eit oppfølgingstilbod. På hjartekurset får du meir utfyllande informasjon, og du får moglegheit til å stille spørsmål.
Kurset går over éin dag. Du kan velje kva kursdag du ønskjer å delta på.
Kurset er for pasientar med sjukdom i kransårane, som hjarteinfarkt, ustabil angina eller stabil angina. Vi anbefaler alle å delta på hjarterehabilitering. Dette kurset er eit supplement – ikkje ei erstatning.
Kurset blir halde av eit tverrfaglig team: lege, sjukepleiar, fysioterapeut, farmasøyt, ernæringsfysiolog og ein brukarrepresentant. Dei snakkar blant anna om:
- Kosthald
- Trening og fysisk aktivitet
- Medisinar
- Informasjon om koronarsjukdom
- Risikofaktorar og psykiske reaksjonar
Du vil også møte andre i same situasjon, og ein pasient som sjølv har erfaring med rehabilitering etter hjartesjukdom.
Vi har felles lunsj for kursdeltakarar. Gi oss beskjed dersom du har allergiar.
Deltaking
Kurset er gratis for deg som har frikort. Andre må betale ein eigendel etter gjeldande takstar.
Kontakt
- Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Andre datoar
-
PassertHjertekurs for pasientar og pårørande24.februar2026
-
Hjertekurs for pasientar og pårørande2.juni2026
Avbestilling
Dersom du ikkje kan møte må du gi oss beskjed (avbestilling) seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.