Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjertekurs for pasientar og pårørande

Kurs for deg med hjartesjukdom. Det kan vere mykje du og dine pårørande lurer på når du kjem heim frå sjukehuset.

Passert
24.
februar
2026
  1. 24. feb. 2026, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når
  1. 24. feb. 2026, 09:00 - 15:00
Arrangør
Ring oss på telefon 53 49 12 84 for å melde deg på. Vi har ope måndag-fredag kl. 8-15.
Kvar

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Kursrom: Kurset er i 2. etasje på Stord sjukehus. Bruk inngangen til fysikalsk avdeling. Når du kjem til 2. etasje, gå til høgre og til enden av korridoren. NB! Du treng ikkje å sitte i ventesona i 1. etasje. Du går direkte til kursrommet.

Om kurset

I tillegg til informasjonen du fekk på sjukehuset, ønskjer vi å gi deg eit oppfølgingstilbod. På hjartekurset får du meir utfyllande informasjon, og du får moglegheit til å stille spørsmål. 

Kurset går over éin dag. Du kan velje kva kursdag du ønskjer å delta på.

Kurset er for pasientar med sjukdom i kransårane, som hjarteinfarkt, ustabil angina eller stabil angina. Vi anbefaler alle å delta på hjarterehabilitering. Dette kurset er eit supplement – ikkje ei erstatning. 

Kurset blir halde av eit tverrfaglig team: lege, sjukepleiar, fysioterapeut, farmasøyt, ernæringsfysiolog og ein brukarrepresentant. Dei snakkar blant anna om:

  • Kosthald
  • Trening og fysisk aktivitet
  • Medisinar
  • Informasjon om koronarsjukdom
  • Risikofaktorar og psykiske reaksjonar

Du vil også møte andre i same situasjon, og ein pasient som sjølv har erfaring med rehabilitering etter hjartesjukdom.

Vi har felles lunsj for kursdeltakarar. Gi oss beskjed dersom du har allergiar. 

Deltaking

Kurset er gratis for deg som har frikort. Andre må betale ein eigendel etter gjeldande takstar.

Du må ha tilvising frå lege for å delta på kurset. 

Kontakt

Påmelding: Ta kontakt med Medisinsk poliklinikk, Stord sjukehus
53 49 12 84
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT
Påmeldingsfristen er ei veke før kursstart

Avbestilling

Dersom du ikkje kan møte må du gi oss beskjed (avbestilling) seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Eigenandel og frikort - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF