Pasientkurs

Plutselig Voksen

Kurset er for føresette som har ungdom mellom 15 og 20 år med utviklingshemming og omfattande, samansette funksjonsnedsetjingar.

22.
oktober
2026
4 dagar
  1. 22. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  2. 23. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  3. 29. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  4. 30. okt. 2026, 09:30 - 15:00

Tid og stad

Når
  1. 22. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  2. 23. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  3. 29. okt. 2026, 09:30 - 15:00
  4. 30. okt. 2026, 09:30 - 15:00
Type arrangement
Pasientkurs
Arrangør
Kvar

Kursrom 1P079

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Om kurset

Ungdomane har ofte behov for tett oppfølging frå familien og hjelpeapparatet når dei skal ta steget inn i vaksenlivet. Kurset gir kunnskap og verktøy som skal gjere denne overgangen enklare.

Dette er eit fire dagars kurs om overgangen frå barn og ungdom til vaksenliv, og om ei foreldrerolle i endring. Vi ønskjer å skape ein arena der føresette får nyttig informasjon og kan dele erfaringar med kvarandre.

Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.

Du må ha tilvising frå lege for å delta på kurset. 

Kostnadar

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Les meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek.

Kontakt

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT