AMK-operatør (Foto)

Akuttmottak

Akuttmottak

I akuttmottaket er for pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Alle pasientar som leggast inn i akuttmottaket skal være tilvist av fastlege, legevakt eller AMK.

I akuttmottaket prioriterer vi kor alvorleg tilstand er. Nokre gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som må bli tatt hand om med det same. Dei som har mindre alvorlege tilstandar vil då kunne oppleve å måtte vente litt lenger. Etter legekonsultasjon vil dei fleste flyttast vidare til sengepostar i sjukehuset. Nokre blir også skrive ut eller vist til andre behandlingsinstitusjonar.

Vanlege spørsmål

Husk at alle pasientforløp er ulike, det vil derfor vere avvik frå den forenkla pasientreisa som er skildra her. Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe deg og alle andre pasientar.

Om du ønskjer meir informasjon om helsehjelp, rettar, sjukdom eller diagnose kan du lese om dette på www.helsenorge.no/sykdom.

Kvalitetssikra informasjon om behandling finn du på behandlingssidene våre.

Enkelte sjukdomstilstandar kan ha behov for behandling som krev at du faster på førehand. Du må derfor forhøyre deg i ekspedisjonen eller hos sjukepleier om du kan ete eller drikke.

I utgangspunktet ønskjer vi at pasientar oppheld seg i akuttmottaket når dei er innlagt.

Har du ein kjent stabil tilstand og har klarert dette med lege eller sjukepleier i akuttmottak, kan du gå ut ein tur eller forlate akuttmottaket. Gi beskjed i ekspedisjonen og legg igjen eit telefonnummer som vi kan kontakte deg på.

Dersom du har vore på toalettet eller har gått ut ein tur og du lurer på om du har blitt ropt opp, kan du spørje i ekspedisjonen.

Det er ein kiosk i hovudinngangen. Denne stenger 21.00 på kvardagar og 20.00 i helgene. Opningstidene kan vere forandra på heilagdagar.

Se etter nettverket gjest.ihelse.net. Du vil få beskjed om å legge inn mobilnummeret ditt. Deretter får du tilsendt eit brukarnamn og passord. Sjå eiga side om trådlaust nett.

På behandlingsromma er det mogleg for pårørande å bli med. Vi ønskjer å ha mest mogleg oppdatert pårørandeinformasjon for våre pasientar, så gi gjerne beskjed til sjukepleier om det blir endringar hos pasient.

Forløp i akuttmottak

Pasient kjem til akuttmottaket frå legevakt, fastlege eller via ambulansen. Ver merksam på at akuttmottaket ikkje har tilgang til pasientinformasjon frå fastlege eller legevakt.


Når du kjem skal du registrere deg i ekspedisjonen. Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert. 

Det kan vere du allereie har teke nokre prøvar i dag. For å sjekke om tilstanden har endra seg, vil du mest sannsynlig ta nye prøvar i akuttmottaket.

Om du har fått helsebehandling i utlandet eller ved eit anna sjukehus i Noreg det siste året, ønskjer vi at du seier frå om dette i ekspedisjonen så tidleg som mogleg.


Spørsmål du kan forberede deg på

  • Tek du medisinar?
  • Har du nokon andre sjukdommar?
  • Har du allergiar mot medisinar?

Om du har smerter

  • Prøv å beskrive smerten.
  • Prøv å lokalisere smerten.
  • Beskriv varigheit av smerten.

Vi behandlar dei sjukaste først og gjer difor ei kort førehandsvurdering og prioritering av alle pasientar. Det vil bli gjort ei rask undersøking og satt ei fargekode som vil avgjere kor lenge du kan måtte vente.


Vi har som mål at prioriteringa skal bli utført innan 15 minutt.


Kven kan eg møte på i venteområdet?

  • Sekretær
  • Sjukepleier
  • Lege

De som jobbar her har som formål å avgjere hastegrada av din situasjon. Du vil bli møtt av sjukepleiar og/eller lege, som vil undersøke og kartlegge din situasjon. Enkelte gonger vil vi starte behandling i venteområdet.

Sjølv om du no er på akuttmottaket kan det bli mye ventetid. Si frå om tilstanden din forandrar seg. Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe deg og alle andre pasientar.

Ventetid er avhengig av fargekoda di og talet på pasientar i mottaket.


Rød: Akutt

Tilnærma inga ventetid.


Oransje: Hastar

Du skal raskt bli sett til av lege.


Gul: Hastar litt

Dette gjelder deg som er sjuk eller skada, men utanfor umiddelbar livsfare.


Grøn: Hastar ikkje

Gjeld deg som er sjuk eller skada, men ikkje naudsynt treng medisinsk hjelp umiddelbart.

På behandlingsrommet vil du etterkvart bli møtt av lege og sjukepleiarar. Her vil det bli gjort undersøkingar som det kan ta tid å få svara på.

Behandlingstid/ventetid er svært varierande avhengig av din situasjon og kva lege eller undersøking du treng.

Her vil det bli gjennomført ulike undersøkingar. Fleire er vanlege for alle, og noen spesifikke kan bli bestilt etter legevisitt, som CT eller ultralyd.


Kven møter eg på behandlingsrommet?

Her kan du møte legar og sjukepleiarar som har ulike fagområder. Du kan måtte fortelle om din situasjon fleire gonger. Dette er for å få eit fullstendig sjukdomsbilde av deg, slik at vi kan behandle deg på best mogleg måte.

Etter at undersøkingane er ferdige, vil du bli innlagt eller utskreve. Nokre vil få ein oppfølgingstime på poliklinikken ved utskriving.

 

Slik finn du fram

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund