Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og ungdom, sengepost

Vi undersøker og behandlar barn og ungdom i alderen 0 til 18 år. På sengeposten tek vi vare på barn som er innlagde. Vi har òg eit poliklinisk tilbod.

Skal barnet ditt ha poliklinisk time på sengeposten?

Avdelinga vår har to poliklinikkar for barn –  éin av dei er på sengeposten. Det er viktig at de møter opp på rett stad.

  • Står det i innkallinga at de skal møte opp på barneavdelinga, barneposten eller barne-og ungdomsavdelinga? Då skal de møte inne på barne- og ungdomsposten.
  • Står det barnepoliklinikk i innkallinga? Då skal de møte på barnepoliklinikken ute i gangen (3A).

Treng du hjelp, kan du spørje i skranken på barne- og ungdomspoliklinikken. Skranken finn du rett til høgre når du kjem ut av heisen.  

Viktig informasjon før timen

  • Barnet vil få ei innkalling via SMS og/eller brev på Helsenorge.no.
  • Éin forelder kan følgje barnet til timen. Søsken må bli heime. Dette er av omsyn til brannvern, smittevern og plass i ventesona.
  • Førebu dykk på lang ventetid, sjølv om du har fått time.

Ta med dette til timen

  • Ta med faste medisinar barnet brukar fast.
  • Dersom barnet har behov for spesialkost, må de ta med dette. Dette gjeld til dømes morsmjølkerstatning, sondemat og næringsdrikkar.
  • Ta med nødvendig utstyr til mating.

Dersom de kjem langvegsfrå

Det kan vere lurt å ta med klede, ladar og andre nødvendige ting – i tilfelle barnet må leggjast inn på sjukehuset.  

 

Ta kontakt med oss

Når de kjem til avdelinga, ta kontakt med personalet på vaktrommet.

Ein sjukepleiar eller helsefagarbeidar vil ta i mot dykk og eventuell gjere målingar av barnet (til dømes vekt, høgde og blodtrykk).

Etter kvart vil ein lege undersøkje barnet.  

Førebu dykk på å vente

Avdelinga vår endrar seg stadig, og dei sjukaste pasientane blir prioriterte først.

Det kan derfor bli ein del venting før de får snakke med lege og sjukepleiar.

Rekn med å vere på sjukehuset heile dagen, sjølv om de har fått oppmøtetid.

Dette er fordi avdelinga også har inneliggjande pasientar og mye augeblikkeleg hjelp som må prioriterast. 

De kan få dekka transport til og frå sjukehuset dersom:

  • reisa er over 10 km, eller
  • reisa går over fleire takstsoner

De må sjølve søkje om dette.  

Sjå Reise til disse behandlingene dekkes - Helsenorge  

Du må sjølve betale for parkering. Det kan derfor bli kostbart å parkere på sjukehuset over lengre tid. Sjukehuset har også avgrensa parkeringskapasitet.

Det finst rimeligare parkeringsmoglegheiter:

  • Flotmyr Sør ligg rett overfor Haugesund Stadion.
  • Døgnprisen der er vesentleg rimeligare enn på sjukehuset.
  • Flotmyr Sør er om lag ti minuttar å gå frå sjukehuset.

Vi oppfordrar til å bruke kollektivtransport.

Du kan også sjå andre parkeringsmoglegheiter i Haugesund sentrum: P-kart - Haugesund Parkering

Foreldre som følgjer sjuke barn på sjukehus har rett på pleiepengar. 

Sjå Pleiepenger for sykt barn - nav.no

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bruk heisen ved Narvesen kiosken og ta den opp til 3. etasje. Meld deg i skranken når du kjem. Skranken er rett til høgre når du kjem ut av heisen.  

Besøkstider - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.