Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Behandlingshjelpemidler

Oppgradering til Instinct-sensor for MiniMed 780G

Viktig: Før du kan ta i bruk Instinct-sensoren, må insulinpumpa di oppgraderast til ein programvareversjon som støttar den nye sensoren. Sensoren fungerer ikkje utan denne oppgraderinga.

Det er derfor viktig at du gjer oppgraderinga før du set inn og tek i bruk den nye sensoren.

Krav for å kunne bruke systemet

For å kunne bruke Instinct-sensor saman med MiniMed™ 780G må du:

  • oppgradere insulinpumpa til riktig programvareversjon
  • ha ein kompatibel smarttelefon
  • laste ned, installere og bruke MiniMed™ Mobile-appen

MiniMed™ Mobile-appen er nødvendig for å bruke funksjonane i det oppgraderte systemet. For å ta i bruk appen må du også opprette ein Carelink Personal-brukar.

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke appen, gi beskjed til behandlingshjelpemidler når du bestiller.

Informasjon om oppgradering

Første gong du bestiller Instinct-sensor, får du med informasjon og rettleiing om korleis du oppgraderer MiniMed™ 780G-pumpa.

Sist oppdatert 10.09.2026