Blodbanken Odda

Hos oss kan du gi blod måndag til fredag.

Vi har ofte behov for blod i behandling av pasientar og vi er avhengig av dei som donerer blod til oss. Du kan melde deg som blodgivar på giblod.no 

Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader.

Blodet frå blodgivarar blir klargjort og delt i ulike blodprodukt: Røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe tre pasientar.  

Blodet kan berre lagrast i 35 dagar. Blodbanken treng derfor jamleg påfyll for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod.

Vil du gi blod?

Vi har alltid behov for nye blodgivarar!


Gå til giblod.no for å melde deg som blodgivar. Her kan du også lese kven som kan bli blodgivar. 

Vi oppfordrar blodgivarar til å laste ned appen «Blodbanken».

Viss du har spørsmål knytt til blodgiving, er du også velkomen til å ta kontakt med oss. 

Endre og bestill time

Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.

Gå til Min side
Mobiltelefon med app som er open

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Alternativt telefonnummer: 91 24 59 96

Slik finn du fram

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda