Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved Brystdiagnostisk senter undersøker vi pasientar som har symptom i brystet og/eller armhola. Vi har også ansvar for det offentlege mammografiprogrammet i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Vi held til på Haugesund sjukehus.
NB! Gjeld for pasientar som er tilvist av lege til mammografi.
NB! Gjeld berre kvinner som har fått invitasjon til den nasjonale mammografiscreeninga.
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Følg merkinga til Mammografi.
Venterom: Vi har to venterom for mammografipasientar.
Eitt av venteromma er for kvinner som er invitert til nasjonal mammografiscreening (Mammografiprogrammet). Du finn venterommet bak skilleveggane du ser rett ved inngangen til Radiologisk avdeling. Vi hentar deg når det er din tur.
Det andre venterommet ligg bortanfor – sjå skilt i taket Ventesone mammografi. Dette venterommet er for kvinner som er tilvist til mammografi frå lege, eller som skal ha vidare undersøking i Mammografiprogrammet.
Registrering av frammøte
Du melder frammøte via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen. Då får du ein kode som kjem opp på skjermen ved inngangen til Radiologisk avdeling. På skjermen ser du kva ventesone du skal gå til.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund