Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei minste

0-5

Kva skjer på BUP?

Kva er BUP? 

Ein BUP er ein poliklinikk. Det er eit slags kontor der barn får hjelp med psykiske vanskar. 

På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om det barn ofte slit med.

Vi på BUP jobbar også saman med andre, som skule og helsesjukepleiar. Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg så godt vi kan.  

Må eg bu der?

På BUP skal du ikkje overnatte. Du kjem til avtalt tid og drar heim igjen etterpå.

Kva er ei utgreiing? 

Ei utgreiing er ein prosess der vaksne som jobbar her prøver å finne ut korleis du har det. Kva som kan vere grunnen til at du kanskje føler deg trist, engsteleg, sint eller har andre vanskar. 

Først vil du treffe nokon som jobbar på BUP, som ein psykolog, lege eller spesialpedagog.

Dei vil stille deg spørsmål om korleis du har det, kva som skjer i kvardagen din og korleis du føler deg både på skulen og heime.  

Du kan få snakke om kva som er vanskeleg for deg, og dei vil også prøve å forstå korleis du har det med vener, familien og i andre situasjonar. 

Av og til kan dei be deg gjere nokre testar. Det kan vere som små spel eller oppgåver for å finne ut korleis hjernen din tenkjer og fungerer.  

Også vaksne som kjenner deg godt, som mamma, pappa eller læraren din, kan bli spurt korleis dei trur du har det. 

Slik kan dei vaksne på BUP forstå deg betre og gi deg den hjelpa som er best for deg.

Utgreiing er altså ein måte å finne ut kva som kan hjelpe slik at du får det betre. Det er heilt vanleg å vere nervøs, men vi på BUP vil gjere vårt beste for å hjelpe deg og sørge for at du føler deg trygg. 

Les meir

Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge 

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.pdf 

Brukermedvirkning – din rett og mulighet til å medvirke - Helsenorge 

Barn og ungdoms psykiske helse - Helsenorge 

Snakk med noen — Ung.no 

Barn med psykisk sykdom i familien - Helsenorge 

Unge pårørende - Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år 

Sist oppdatert 09.07.2025