Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn

6-11

Kva skjer på BUP?

Kva er BUP?

BUP er ein del av sjukehuset og skal sørge for at barn får hjelp med psykiske vanskar. Vi kan skilje mellom BUP poliklinikk og BUP døgnpost.

Poliklinikken er eit slags kontor der barn og ungdom under 18 år får hjelp. På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om det barn og unge ofte slit med. På BUP poliklinikk blir du ikkje innlagt, men kjem til avtalt tid og drar heim igjen etterpå.

Men nokre treng tettare oppfølging. Då kan dei bli innlagt på døgnpost. 

BUP døgnpost er annleis enn ein vanleg sjukehuspost. Her får alle sitt eige rom som man sovar på saman med føresette. Du kan vere saman med andre barn og kan prate med dei i stua. Det vil alltid vere nokon på jobb som passar på.

Vi på BUP jobbar også saman med andre, som skule og helsesjukepleiar. Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg så godt vi kan. 

Kva er ei utgreiing?

Ei utgreiing er ein prosess der vaksne som jobbar her prøver å finne ut korleis du har det. Kva som kan vere grunnen til at du kanskje føler deg trist, engsteleg, sint eller har andre vanskar. 

Først vil du treffe nokon som jobbar på BUP, som ein psykolog, lege eller spesialpedagog.

Dei vil stille deg spørsmål om korleis du har det, kva som skjer i kvardagen din og korleis du føler deg både på skulen og heime.  

Du kan få snakke om kva som er vanskeleg for deg, og dei vil også prøve å forstå korleis du har det med vener, familien og i andre situasjonar. 

Av og til kan dei be deg gjere nokre testar. Det kan vere som små spel eller oppgåver for å finne ut korleis hjernen din tenkjer og fungerer.  

Også vaksne som kjenner deg godt, som mamma, pappa eller læraren din, kan bli spurt korleis dei trur du har det. 

Slik kan dei vaksne på BUP forstå deg betre og gi deg den hjelpa som er best for deg.

Utgreiing er altså ein måte å finne ut kva som kan hjelpe slik at du får det betre.   Det er heilt vanleg å vere nervøs, men vi på BUP vil gjere vårt beste for å hjelpe deg og sørge for at du føler deg trygg.  

Les meir

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.pdf 

Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge 

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år.pdf 

Brukermedvirkning – din rett og mulighet til å medvirke - Helsenorge 

Barn og ungdoms psykiske helse - Helsenorge 

Snakk med noen — Ung.no 

Barn med psykisk sykdom i familien - Helsenorge 

Unge pårørende - Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år 

Sist oppdatert 09.07.2025