Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgi, Haugesund

Vi utfører dagkirurgiske inngrep og operasjonar innan mage og tarm (gastro), gynekologi, musklar og skjelett (ortopedi), og urinvegane (urologi). Vi opererer også barn. Pasientane som kjem til oss reiser som regel heim same dag.

Viktig informasjon om innkalling til time

Du får eit innkallingsbrev med stad og tidspunkt for inngrepet ditt, og om eventuelle undersøkingar du må ta på førehand.

Innkallingsbrevet kjem digitalt via helsenorge.no. Der kan du også sende meldingar til oss om du har spørsmål eller vil endre timen.

Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brevet i postkassen.

NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du førebu deg før du kjem til timen. Dersom du ikkje har gjort dette, kan du risikere at operasjonen blir utsett eller endra.

Medisinar: ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Denne bør innehalde namn på medisinen, dose, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Før operasjonen

Skal du ha eit kirurgisk inngrep? Under finn du viktig informasjon om korleis du skal førebu deg før du kjem på sjukehuset:

Fasting

  • Du skal møte fastande, det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke frå kl. 24 kvelden før operasjonen. Du kan drikke vatn eller saft inntil 2 timer før oppmøte.
  • Du må ikkje røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller ete pastillar dei siste 2 timane før oppmøte. Du kan pusse tennene om morgonen med tannkrem og vatn som spyttast ut.

Du må ha ein vaksen person med deg

  • For at du skal kunne bli operert, må du ha ein vaksen person over 18 år som kan vere saman med deg det første døgnet etter operasjonen. Du skal ikkje vere aleine det første døgnet!
  • Du må også ha ein vaksen person som kan hente deg etter operasjonen. Denne personen må vere tilgjengeleg for å hente deg når som helst gjennom dagen. Avdelinga stenger kl. 15.30.
  • Dersom du ikkje har nokon som kan hente deg eller vere hos deg etterpå, kan du risikere at operasjonen blir avlyst.
  • Ta kontakt med oss i god tid dersom du ikkje har ein vaksen person/ ledsagar som kan hente deg på sjukehuset og vere med deg etter operasjonen.

Dersom du blir sjuk før operasjonen

  • Dersom du får feber, blir forkjøla, går på antibiotikabehandling eller på andre måtar blir sjuk den siste veka før operasjonen, må du ringe oss.
  • Dersom du av andre grunnar må utsetje inngrepet, må du kontakte oss snarast – helst ei veke før operasjonsdato.

Parkering

  • NB! Det er vanskeleg å finne parkering ved sjukehuset. Ledsagaren som skal hente deg må difor berekne god tid til å finne parkering når han/ho skal hente deg på sjukehuset.
  • Vi tilrår å bruke parkeringshuset der ein kan parkere over lengre tid. Ikkje bruk korttidsparkering.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 14:00
  • Laurdag - Søndag STENGT
Vi har telefontid kvardager frå kl. 08-14.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Når du kjem inn hovudinngangen, ta til høgre og gå forbi Narvesen kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga.

Registrering av oppmøte

Du melder oppmøtet ditt via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Meld deg deretter i ekspedisjonen vår for å seie frå at du er komen.

Vent i ventesone 1F til du blir kalla inn.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF)

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Ta på deg lause og praktiske klede denne dagen, gjerne joggedress.

Du bør ha stødige sko som er lette å ta av og på.

Når du kjem til oss får du reint sjukehustøy.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.