Et rom fullt av medisinsk utstyr

Dialyse Haugesund

Vi tilbyr hemodialyse (bloddialyse) og PD (posedialyse) til pasientar med akutt og kronisk nyresvikt. Vi utfører også plasmaferesebehandling og LDL-aferesebehandling.

Nyra har fleire oppgåver i kroppen som å skilja ut avfallsstoff og overskotsvæske, regulera blodtrykket og så danna eit hormon som stimulerer beinmergen til å laga raude blodlekamar. Når nyra sviktar er hemodialyse ei behandlingsform som blir brukt for å erstatta tapt nyrefunksjon.

Hemodialyse

Hemodialyse er ei behandling som reinsar blodet og der overskotsvæske kan fjernast via eit dialysefilter og ei dialysemaskin. Kroppen produserer kontinuerleg avfallsstoff, og behandlinga med hemodialyse må gjerast regelmessig. Dei fleste treng hemodialyse 4–5 timar per behandling, 3 gonger i veka.

Nesten alle pasientar i hemodialyse har redusert urinproduksjon som følgje av redusert nyrefunksjon. Det gjer at væskeinntaket må avgrensast for å unngå at væske blir hopa opp i kroppen. Det kan medføra tungpust og hevelsar. Tommelfingerregel er at du kan drikka 800 ml pluss det som er produsert av urin dagen før.

Eksempel: Har du produsert 1000 ml urin dagen før, kan du drikka 1800 ml væska. Viss du ikkje har produsert urin, kan du drikka 800 ml. Ver obs på at det er mykje væske i mat som sausar, graut og suppe.

Metode

For å gjennomføra dialyse treng du tilgang til blodårene. Føretrekt metode er ein AV-fistel. AV-fistel er ei kopling mellom ein vene og ei pulsåre i armen. Fistelen blir operert inn av ein karkirurg. Fistelen er moden for bruk etter 6–12 veker.

Dialysekateter er ein alternativ tilgang til blodårene. Kateteret er ein silikonslange med tilkoplingar som blir lagde inn i ei stor blodåre på brystet. Når kateteret ikkje er i bruk, blir det pakka inn med bandasje og plastar. Viss dialysebehovet er akutt, blir eit kateter brukt som blir lagt i ei blodåre på halsen eller i lysken. Dette kan brukast ei avgrensa tid.

  • Før og etter kvar behandling må du vega deg. Vekta blir brukt til å anslå kor mykje overskotsvæske du har i kroppen.
  • Dialyseavdelinga på Haugesund sjukehus har 17 dialyseplassar og du vil få fasta oppmøtedagar, men ikkje fast sitjeplass. Medisinske og driftsmessige forhold kan føra til byte av behandlingstidspunkt.
  • Sjukepleiarar passar på deg og har ansvaret for deg under kvar behandling. Sei frå til sjukepleiarane viss du kjenner deg uvel eller har spørsmål.
  • Du vil få eit brødmåltid under behandlinga.
  • Det er viktig å ha god personleg hygiene. Unngå bruk av sterke parfymar.
  • Når du startar i dialyse blir du testa for hepatitt, HIV og tuberkulose. Du vil bli vaksinert mot hepatitt B, viss det ikkje allereie er gjort.
  • Ha mobiltelefon på lydlaus. Ikkje ta lange private telefonsamtalar under behandlinga. Dette er av omsyn til andre pasientar.

Vi har faste tidspunkt for gjennomføring av dialysebehandlingar:

Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: kl. 09.00-20.00
Søndag: kl. 10.00-20.00

Før du kjem til oss for dialysebehandling får du tildelt eit eige tidspunkt for behandling.

På grunn av dårleg parkeringskapasitet ved Haugesund sjukehus anbefaler vi bruk av offentleg transport.

Det er daglege legevisittar på dialysen. Her blir det berre diskuterte saker knytte til dialyse og dialysebehandling. Blodprøver blir tekne regelmessig for å evaluera behandlinga.

Ved akutt sjukdom eller ved spørsmål om andre tilstandar som ikkje er knytt til nyresjukdommen din/-behandling, kontaktar du legevakt eller fastlege.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten, eller pårørande og vener det blir teke bilde av.

Det er ikkje lov å ta bilde av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilde av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.

Reiser du til eller frå offentleg godkjend behandling, kan du ha rett på å få dekt nødvendige utgifter til reise. Pasientreiser koordinerer transport av pasientar til og frå behandling ved sjukehuset.

Viss du har spørsmål, ta kontakt med oss på telefon 05515. Det finst også nyttig informasjon på Pasientreiser - Helsenorge.

​Kantina i 6. etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider er måndag til fredag kl. 09.30-15.30. Kantina er stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4. og 5.etasje er berre open for pasientar.

Planlegg du å reise til utlandet? Sjå Dialyse i utlandet - Helsenorge

Viss du ynskjer gjestedialyse hos oss, ta kontakt med avdelinga.

Har du fått operert inn ein AV-fistel?

Her finn du råd og tips som kan hjelpe deg ta vare på den.

Informasjon om AV-fistel
En person som holder dialyseutstyr

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider

  • I dag 07:00 - 09:00
  • Måndag 07:00 - 09:00
  • Tysdag 07:00 - 09:00
  • Onsdag 07:00 - 09:00
  • Torsdag 07:00 - 09:00
  • Fredag 07:00 - 09:00
  • Laurdag 07:30 - 15:00
  • Søndag 13:30 - 21:00

Praktisk informasjon

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Avdelingar