Pasient og sjukepleiar som går i gangen. (Foto)

Eldremedisin

Avdeling for eldremedisin held til ved Haugesund sjukehus. Avdelinga har 3 sengepostar og fleire polikliniske tilbod.

Vi tar mellom anna i mot pasientar med høg fallrisiko som treng tverrfagleg vurdering, svimmelheit, polyfarmasi, akutt funksjonssvikt, ulike infeksjonssjukdommar, akutte forvirringstilstandar, ernæringsproblem, utgreiing av hukommelsesvansker i tillegg til andre generelle medisinske sjukdommar/tilstandar.

 

Geriatrisk fagområde

Geriatri er vitskap om sjukdom i alderdommen. Når ein blir eldre, blir ein gjerne råka av sjukdom og gjerne fleire samtidig. Alt dette gjer at det er viktig med ei samordna vurdering. For å få til det, arbeider vi med behandling og utgreiing i team, der vi har samla personar med ulik fagkompetanse. Vi tar mellom anna imot pasientar med høg fallrisiko som treng tverrfagleg vurdering, svimmelheit, polyfarmasi, akutt funksjonssvikt, ulike infeksjonssjukdommar, akutte forvirringstilstandar, ernæringsproblem, utgreiing av vansker med minne, i tillegg til andre generelle medisinske sjukdommar/tilstandar. 
 
Eldremedisinsk poliklinikk i 1. etg. møter du dersom du ikkje treng innlegging, medan du ved Eldremedisin post geriatri i 5. etg ligg inne på sjukehus.

Alderspsykiatrisk fagområde

Alderspsykiatrisk fagområde er tilbod til deg med blant anna psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år, mistanke om hukommelsesvansker uavhengig av alder som har behov for spesialisert utgreiing eller særlege utfordringar knytt til demenssjukdom. I Eldremedisinsk poliklinikk møter du som ikkje treng innlegging, medan du på Eldremedisin post alderspsykiatri ligg inne på sjukehuset.

Medisinsk observasjonspost/poliklinikk

Vi tar i mot pasientar fra 12 år til 100+ år, med behov for observasjon i samband med undersøking, eller som har ei uavklart medisinsk problemstilling. Behandlinga skjer både poliklinisk og som inneliggande.

Slik finn du fram

Oppmøtestad


Eldremedisinsk poliklinikk geriatri

Tlf: 52732526

Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri

Tlf: 52732735

Eldremedisin post geriatri

Tlf: 52732819

Eldremedisin post alderspsykiatri

Tlf: 52732730

Medisinsk observasjonspost

Tlf: 41863542





Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund