Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fertilitetseining

Fertilitetseininga starta opp på Haugesund sjukehus i 1985 som ein av dei første fertilitetsklinikkane i landet. I dag er vi ein av dei største offentlege klinikkane i landet. Vi har til no laga over 6000 barn hos oss, og utfører årleg rundt 600 behandlinger.

Henvisningsskjema (PDF)

Fertilitetseininga tilbyr per no fertilitetsbehandling for barnlause heterofile par og for par som har eitt felles barn.

Paret må vere tilvist frå spesialist i gynekologi/obstetrikk eller fastlege.

Tilvisinga må innehalde blant anna gynekologisk undersøking som ikkje er meir enn eitt år gammal, vekt og høgde, namn på partnar, samlivsform og kor lenge de har vore barnlause.

Kriterium for behandling (med førehald om individuelle endringar)

  • Paret må vere gift eller stabilt sambuande i ekteskapsliknande forhold, altså vere sambuande i minst to år.
  • Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn og legge frem omsorgsattest (politiattest).
  • Kvinna bør ikkje vere eldre enn 39 år ved søknadstidspunkt, og mannen bør ikkje vere eldre enn 55 år.
  • Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre ved eit svangerskap, eller der svangerskap kan føre med seg alvorlege komplikasjonar, vil bli særskild vurdert.
  • Kvinna bør ikkje ha BMI over 32.
  • Par der ein eller begge har fått påvist at dei er smitteførande med HIV, syfilis, Hepatitt B eller Hepatitt C, kan ikkje få behandling hos oss. Det finst eit tilbod ved Oslo universitetssjukehus vi kan tilvise til, dersom vi meiner krava for behandling med assistert befruktning elles er oppfylt.

Assistert befruktning er regulert gjennom Bioteknologilova. Lova seier blant anna at «assistert befruktning kan berre utførast på kvinne som er gift eller som er sambuar med ein mann eller kvinne i ekteskapsliknande forhold».

Begge partar må underteikne på at dei ønskjer behandling.

Når søknad er foreløpig godkjent får de som par tilsendt registreringsskjema og samtykkeskjema frå oss. Dette skal fyllast ut.

De må også søke om omsorgsattest (politiattest) på www.politi.no. Ventetida kan vere opptil 4-5 månadar.

Omsorgsattestane må sendast fertilitetssenteret og føreligge hos oss før de som par kjem til time for nysamtale eller forundersøking.

Attest skal ikkje vere eldre enn eit halvt år.

Korleis søke omsorgsattest (politiattest):

  1. Gå inn på politiet.no. Vel «Politiattest»
  2. Vel «Politiattest – søk digitalt»
  3. Vel «Søk politiattest eller sjekk status»
  4. Logg inn med bank ID eller foretrukket metode
  5. Vel «Søk om politiattest»
  6. I fanen «Kategori», velg «Adopsjon og assistert befruktning»
  7. I fana «Formål», vel «Assistert befruktning – søknad til norske myndigheter»
  8. Trykk «Send»
  9. Du vil motta politiattesten digitalt

Fertilitetseininga i Haugesund har for tida ikkje noko tilbod for einslege kvinner

Offentlege klinikkar som kan tilby behandling av einslege kvinner med donorsæd er  Oslo universitetssykehus, Trondheim St. Olavs hospital, Sykehuset Telemark Porsgrunn Fertilitetsavdelingen sør.

Nedfrysing av egg

Fertilitetssenteret i Haugesund har for tida ikkje noko tilbod for nedfrysing av egg.

Vi tar atterhald om prisendring.

IVF-behandling

Vi har moglegheit til å tilby inntil tre IVF-forsøk med tilbakesetting av embryo (befrukta egg) med dekning frå det offentlege.

Folketrygda dekker medisinutgifter ut over kroner 20 176 for desse tre forsøka.

Eigedel

  • Første konsultasjon (per person samtaledagen): 386/468 kroner
  • IVF/ICSI: 1500 kroner. Eigedel som ikkje dekkast av frikort
  • FER: 468 kroner. Tilbakeføring av tint embryo
  • Kontrollar i samband med forsøk: 386 kroner
  • Dersom det i behandlingsperioden blir naudsynt med legesamtalar eller tilleggsundersøkingar, betalast ein eigedel: 386/468 kroner

Forsøk med full eigenbetaling

Tilbod om dette blir berre gitt når eininga har kapasitet. Ta kontakt for prisar.

Dersom du ikkje har hatt offentleg forsøk tidlegare, dekker Folketrygda medisinutgifter over 20 176 kroner.

Refusjon av medisinutgifter

Når eigedelen etter gjeldande takstar er oppnådd, kan de sende søknad om refusjon for medisinutgifter.

Hugs å ta vare på kvitteringar.

Kravet må vere sendt innan seks månadar.

Dersom utgifter til første forsøk ikkje overstig eigedelen, treng de ikkje sende inn krav før de eventuelt kjem til ny behandling.

Det er HELFO som behandlar krav om refusjon av legemidlar. Kravet skal difor sendast dit. Hugs å ta med kontonummer.

Sjå også:

Refusjon av reiseutgifter

Krav om refusjon av reiseutgifter sendast på eiga skjema til ANS (helseføretaka sitt senter for Pasientreiser). For meir informasjon sjå www.pasientreiser.no.

Det finst fleire årsaker til ufrivillig barnløyse. Les meir om dette på helse-norge.no.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
På telefon kan du få svar på spørsmål om ventetider og andre generelle spørsmål.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje ved Haugesund sjukehus, i austblokka.

Gå inn hovudinngangen og ta heis ved resepsjonen opp til 3 etasje. Ta til høgre ut heisen og følg gangen nedover.

Det er ikkje besøkstid hos oss.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund