Langtidsoppbevaring av sæd

Fertilitetseininga, også kjent som Haugesund Fertilitetssenter, tilbyr nedfrysing og langtidslagring av sæd til pasientar som har ein sjukdom eller skal gjennomgå ei behandling som kan skade fruktbarheita. Prøvane blir lagra ved -196 °C i biobanken til avdelinga og kan brukast til fertilitetsbehandling ved eit seinare tidspunkt.

Kor lenge blir prøven(e) oppbevart? 

Øvre aldersgrense ved nedfrysing av sæd er fylt 60 år.  Ved fylte 60 år vil prøven automatisk bli destruert. Sædprøven blir oppbevart i ein periode på 20 år frå dags dato. Ta kontakt ved ønske om forlenga lagringstid. 

Bioteknologilova, § 2- 17, tillate bruk av lagra sæd frå ein avdød dersom det kan dokumenterast at det er i tråd med ynskja til den avdøde. Sjølv om vi tar alle rimelege sikkerheitstiltak ved nedfrysing og oppbevaring, kan det unntaksvis skje tekniske problem slik at prøven blir tapt eller øydelagt.  
 
Sædprøven blir berre fryst ned dersom det er spermiar i prøven. Pasienten kan skriftleg, på kva som helst tidspunkt, trekke samtykke om lagring tilbake. I så fall destruerast sædprøven og Fertilitetseininga (Haugesund Fertilitetssenter) gir skriftleg tilbakemelding om det. Før nedfrysing av sæd må det tas blodprøver for HIV, hepatitt B+C og syfilis. Sædprøver frå smitteførande pasientar blir destruert. 

Bruk av sæd  

Vi gjer merksam på at tilbod om nedfrysing og lagring av sæd gir ingen automatisk rett til behandling med assistert befruktning. 

Lagra sæd kan berre brukast til assistert befruktning av pasienten og hans ektefelle eller samboar. Samtykke for assistert befruktning må gis særskilt for kvart behandlingsforsøk. 

Biobankregister 

Fertilitetseininga/Haugesund Fertilitetssenter registrerer følgande opplysningar om pasienten: namn, fødselsnummer og adresse, diagnose, sædkvalitet, tal på sædprøver og opplysningar om lagra sædprøver. 

Destruksjon av sæd 

Sædprøven blir automatisk destruert ved: 

  • påvist blodsmitte 
  • fylt 60 år 
  • utgått lagringstid 20 år 
  • dersom pasienten trekker tilbake samtykke 
  • 2 år etter dødsfall (med mindre det er ønske om å bruke sæden til avdøde, § 2- 17)  

Samtykke 

Eg bekreftar at mitt samtykke er frivillig og at eg har motteke tilstrekkeleg informasjon til å forstå kva samtykket inneber.  

Eg er innforstått med at eg kan trekke tilbake samtykket og få destruert nedfrosen sperma.  

Sist oppdatert 21.11.2024