Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lys og blomst på bord.

Føde og barsel, Haugesund

Du kan ha mange spørsmål om fødsel og barselstida. Vi ønskjer å hjelpe deg. Bruk denne sida både før og etter fødsel. SJå også guida tur i avdelinga.

​ ​Ta kontakt med oss dersom du får


  • Blødingar
  • Magesmerter
  • Teikn til fødsel 
  • Vatnet går
  • Rier
  • Dersom du er usikker på om babyen har det bra i magen
  • Dersom du blir blir akutt sjuk i svangerskapet (sterk hovudverk, kvalme, magesmerter)

Ta alltid med deg papira frå jordmor og/eller lege når du kjem til svangerskapspoliklinikken eller føde/barsel, og ønskebrev viss du har dette.​




Retning​slinjer for følgje til fød​​ande og gravide

Frisk far eller partner kan vere med på kontrollar i samband med svangerskap.

Vi legg til rette for at partner/ledsager får vere med på fødsel.


Elektronisk inn​​skrivi​​ng i fødejournal

Vi på sjukehuset treng litt informasjon om deg for å gjere di fødselsoppleving så god som mogleg.

Difor ber vi om at du snarast mogleg etter veke 18 fyller ut dette skjema. Logg på med Bank-ID:

Skjemautfyller - tjenester.helsenorge.no

Opplysingane frå deg legg seg i din fødejournal, noko som er til stor hjelp når du seinare kjem til undersøking eller for å føde. Har du spørsmål om skjemaet kan du ta kontakt på telefon 52 73 23 90 mellom 8.00 og 15.00. Takk for hjelpa.


Ei hugseliste kva du tar med på sjukehuset

Ved alle kontrollar i svangerskapet og innlegging ved fødeavdeling er det viktig å ta med følgjande:

  • Helsekort for gravide
  • Svarskjema med Blodgruppe og Rhesus
  • Ultralydskjema
  • Eventuelt andre blodprøvesvar du har fått

Rett til innsyn i journal

Du har rett til innsyn i journalen din. Den ser du ved å logge inn på www.helsenorge.no.

Vi ønskjer også å informere deg om at sjukehuset er lovpålagt å sende opplysingar frå fødselen til Medisinsk Fødselsregister (MFR).


Svangerskapspoliklinikk

Svangerskapspoliklinikken er eit spesialisthelsetilbod for gravide, og er ein del av Kvinneklinikken ved sjukehuset i Haugesund. 


Hugs å ta med urinprøve av morgenurin ved konsultasjon.

Rutineultralyd for gravide kvinner rundt 18.-19. svangerskapsveke. Alle kvinner i vår region får tilbod om rutineultralyd med terminbestemming ved svangerskapspoliklinikken.

Svangerskapspoliklinikken elles er for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet eller som har gått gjennom tidlegare svangerskap med komplikasjonar. Kvinner som har ein eller annan form for medisinsk sjukdom, og som treng ekstra oppfølging under svangerskapet, blir òg tilvist til oss.

Ønskjer du å snakke med jordmor på grunn av tidlegare vanskelege fødselsopplevingar eller fødselsangst, kan du bli tilvist til oss.

Tidleg ultralyd for gravide

Fosterdiagnostikk

Meldingar ​og​​ informasjon

Det er mange ting som skal ordnast i samband med ein fødsel. Her får du ei oversikt.
 
Personopplysingar
Vi anbefaler at du har levert personopplysingsskjema før du blir innlagd ved fødeeininga til fødsel. Dette skjemaet får du tilsendt når du får time til rutineultralyd.


Ver vennleg å levere dette ferdig utfylt når du møter til timen, eller send det med post til fødeeininga.


Opplysningane du gir blir lagt til i din elektroniske fødejournal og vil bli brukt i samband med fødselen. Opplysningane frå dette skjemaet og frå fødselen registrerast også i ulik grad i andre skjema som skal fyllast ut.


Opplysningane du gir blir lagt til i din elektroniske fødejournal og vil bli brukt i samband med fødselen. Opplysningane frå dette skjemaet og frå fødselen registrerast også i ulik grad i andre skjema som skal fyllast ut.


Skjema som blir fylt ut:

  • Melding til medisinsk fødselsregister
  • Melding om fødsel
  • Melding til bidragsfogd (dersom ikkje erkjend farskap)
  • Fødselsbevis (berre ved spesielle behov, til dømes bevis for studentar til Lånekassen eller til asylsøkarar)
  • Rapport til helsestasjon

Melding om fødsel og erkjenning av farskap
Alle barn som blir fødd i Noreg skal registrerast. Erkjennelse av farskap fylles ut i svangerskaper, hos jordmor/ lege. 


Melding om fødsel
Melding om fødsel skal sendast av sjukehus eller den som er tilstades ved fødselen til folkeregistermyndigheita.


Fødselsnummer og foreldre
Alle fødselsmeldingar registrerast sentralt. Fødselsnummer tildelast maskinelt ved registreringane på grunnlag av fødselsdato og kjønn. I tillegg registrerast mor, eventuell far, fødestad, statsborgarskap og nokre opplysningar for statistisk bruk.


Bustad
Om mor er registrert busett, blir barnet registrert på same adresse.


Slektsnamn

Når barnet har fått eit fødselsnummer, sender Skatteetaten ei melding til den/dei som har foreldreansvaret om å velje namn til barnet. I denne meldinga står barnets fødselsnummer. Dersom foreldreansvaret til barnet er felles og melding om namnevalg er sendt inn av mor, må far/medmor godkjenne namnet. Far/medmor får då eiga melding frå Skatteetaten. Les meir om navn og fødsel hos skatteetaten.no


Melding til medisinsk fødselsregister
Ved alle fødslar i Noreg skal jordmor eller lege fylle ut eit meldeskjema som skal registrerast av Medisinsk fødselsregister i Bergen. I dette registeret er det frå 1967 samla informasjon om alle fødslar i Noreg, også dødfødslar etter 12. svangerskapsveke. Nasjonalt folkehelseinstitutt er eigar og registeransvarleg.


Farskapstest
Føde- og barseleininga får gjerne spørsmål om farskapstest. Ved behov for ein slik test, må du kontakte fastlege.

Redd fo​r å ​​føde?

Å vere gravid  kan vere ei tid fylt av glede, forventing og spenning. Dette er ein periode der ein førebur seg til fødselen og til å få eit barn i huset. For dei fleste er det ein prosess ein handterar med sin partner, sitt nettverk av nære og kjente, jordmor og lege. Av og til kan tanken på å føde skape så stor uro og angst hos kvinna at dei normale kontaktane med svangerskapsomsorgen ikkje strekk til. Du kan trenge å fordjupe og forberede deg ekstra mykje før fødsel, arbeide med tidligare negative erfaringar og opplevingar. Det kan då vere godt å få lagt ein plan for å kunne gjennomføre ein normal fødsel eller diskutere fødemåtar med personalet på fødeeininga.

Ved føde- og barseleininga er det jordmødrer som interesserar seg spesielt for kvinner med fødselsangst og som tilbyr samtalar og støtte. Desse jordmødrene har lang erfaring med å ta i mot barn. Dei har òg eit nært samarbeid med gynekolog.

​​Fø​​dsel

Fødselen er ein normal, fysiologisk prosess. Samstundes er det å føde ei samansett og unik oppleving. Det er eit arbeid - eit krafttak for kroppen. 

​​Har fødselen starta?

Ta kontakt med oss når:

  • Riene kjem med 5-10 minuttars opphald og aukar i styrke og blir meir smertefulle. Kvar ri bør vare om lag 40-60 sekund. Smertene er oftast lokalisert til mage og/eller rygg.
  • Vatnavgang: Har du mistanke om at vatnet har gått skal du ta kontakt med oss, sjølv om du ikkje har rier.
  • Bløding: Ein slimete bløding i samband med samantrekking er ein del av den normale fødselen. Ved alle friske blødingar skal du ta kontakt med fødeavdelinga, då vil du få snakke med ei jordmor.

Er du usikker på om fødselen er i gang eller du har spørsmål omkring fødselen, vil jordmor kunne gi deg råd og rettleiing.


Kor lenge varar fødselen?

Fødselen kan starte på ulike måtar. I dagane før fødselen kan du ha periodar med rier som gir seg igjen, for så å starte på nytt nokre timar seinare. Slimproppen kan gå i løpet av dei siste vekene i svangerskapet, dette er normalt og er ikkje eit teikn på at fødselen er i gong. Kor lenge fødselen varer er like individuell som opplevinga av den. Førstegongsfødande brukar som regel lengre tid enn dei som har født før.


Avgang fostervatn

Fosteret ligg i ein pose med om lag 1,5 liter vatn. Fostret drikk og tissar fostervatn og det blir laga nytt heile tida. Normal farge er blankt eller rosa. Det kan også vere gult eller grønt - såkalla misfarga fostervatn. Det betyr at fostret har hatt avføring.


Fostervatnet kan gå spontant: Det kan vere slik at det renner mykje eller så kan det komme litt slik at det opplevast som at det blir vått i trusa.


Vi ønskjer at du ringer oss på fødeavdelinga viss du trur vatnet har gått. Jordmor vil då leggje ein plan for ein eventuell igangsetjing eller kontroll. Ved påvist GBS-smitte kjem du direkte inn


Om du ikkje får rier, kjem du tilbake for igangsetting av fødselen om lag 18-36 timar etter fostervatnavgang.

Smert​​e ​​og smertelindring

Kroppens eige smertelindrande system

Erfaringar og holdningar i forhold til smerte (og syn på smerte i vår kultur) har betyding for korleis du taklar fødselssmerta. Smerta er individuell og vi har ulik tolegrense.

Det er viktig å førebu seg til fødselen, og svangerskapskurs kan gi nyttig informasjon. Kunnskap gir tryggleik, noko som påverkar tolegrensa vår. Ulike måtar finnast for å førebu seg på, både fysisk og psykisk, til fødselen, som avspenningsteknikkar, avslapping til musikk, pusteteknikkar eller yogaøvingar. Mykje av dette kan ein sjølv øve på heime. Snakk gjerne med jordmor om råd og tips.


Kroppen produserer sjølv fleire ulike smertelindrande stoff som liknar morfin, blant anna endorfinar. Under fødselen er endorfinfrisetjinga størst når barnet blir fødd.

Far/medmor eller den du ønskjer å ha med deg under fødsel er ein viktig støttespelar. Fødselen er ei nær og intim oppleving, og vi anbefaler derfor at du ikkje har med deg mange personar inn i fødestova.


Pust

Det er ein hjelp for deg dersom du under graviditeten øver deg på å trekkje pusten djupt og kjenne at det er ved utpusting kroppen er avspent. Dette er til god hjelp under rier.


Bevegelse/kvile

Det er viktig å finne balanse mellom bevegelse og kvile. Når du arbeider saman med kroppen, klarer du betre å lytte til kroppens signal. Ved oppreist stilling blir det eit betre pustemønster og barnet vil trivast betre. Riene blir meir effektive og arbeider mot mindre motstand.


Badekar

Mange kvinner synast dusj/bad har ein avspennande og smertelindrande effekt. Ein føler seg mindre stressa, og redsel og uro kan minske, som vidare bidrar til ei mental og fysisk ro. Endorfinnivået vil også auke fordi ein føler seg vel i varmt vatn.


Kan nyttast  av alle med normalt svangerskap og som er i normal fødsel utan komplikasjonar. Kvinner med fostervatnavgang med normal farge, kan vere i badekaret. Nokre jordmødrer har også kompetanse til å forløyse i vatn. Jordmor avgjør om du kan føde i badekar.


Varme

Varmeflasker og varme klutar kan brukast på rygg og/eller mage, eller andre stader der riene er smertefulle – for eksempel hofte og lår.


Massasje

Kvinner sitt syn på massasje er ulikt. Kva område av kroppen ein ønskjer å få massert og kva trykk ein ønskjer ved massasjen, varierer. Det kan masserast utanpå kleda eller på bar hud. Ved bruk av massasjeolje bør olja varmast i hendene før den blir påført huda.

Når hendene først er i kontakt med kroppen, bør ein forsøke å ha kontakt gjennom heile ria, slik at massasjen blir heilskapeleg og kontinuerleg. Massasjen bør utførast forsiktig, men samtidig rytmisk og fast. Kvinna blir informert fortløpande.


Kvinna blir massert over korsryggen. Massasjen er sakte, rytmisk og sirkulær, og effektiv ved intense ryggsmerter.


Akupunktur

Akupunktur nyttast også som smertelindring. Akupunkturnåler blir sett inn på ulike stader for å lindre smerta i de ulike fasane i fødselen. Ein viktig effekt synast å vere god avslapping, noko som igjen reduserer behovet for anna smertelindring.


For gjennomføre akupunktur er vi avhengig av at det er ei jordmor på vakt som har utdanning i bruk av akupunktur.


Steriltvasspapler

Sterilt vatn (0,1-0,3 ml per punkt) blir sett rett under huda på smertefulle stader på rygg og nedst på magen. Kan repeterast og brukast saman med annan type smertelindring.


Lystgass

Inhalasjon av opp til 50 % lystgass (N2O) kan nyttast i samband med ri, ved sying og forløysing av morkaka. Ein pustar inn og ut i same slange slik at ikkje lystgass kjem ut i rommet. Ein nytter ikkje lystgass når ein er i trykkefasen.


Epidural

Epidural blir brukt ved uttalt smertereaksjon, ofte kombinert med langvarig fødsel/sein framgang og sliten fødekvinne. Det tek ei stund både å førebu deg og sjølve innlegginga. Deretter tek det om lag 20 minuttar før du kjenner tilfredsstillande effekt.


Pudendal

Pudendal (lokalbedøving i skjeden) er eit smertelindringsalternativ i fødselens utdrivingsfase, og har også god effekt som bedøving ved sying. Bedøvinga har verknad på heile mellomkjøttet.


Pudendal kan også setjast der det er «tidleg trykketrang», det vil seie før mormunnen er 10 cm og hovudet ikkje er heilt nede på bekkenbotnen. Dette for å dempe trykkjetrongen.

Keis​​​​​arsnitt

Det er ulike årsaker til at ei kvinne blir forløyst med keisarsnitt. For eksempel kan keisarsnitt bli gjort av omsyn til barnet eller mora si helse. Når keisarsnitt blir planlagt vil kvinna bli forløyst før termin, satt ved ultralyd. Det kan også oppstå situasjonar i løpet av eit svangerskap eller under ein fødsel der det blir nødvendig å gjere keisarsnitt umiddelbart, av og til innan få minutt.


Les meir om keisarsnitt


Ved Haugesund sjukehus blir om lag 10 % av dei gravide forløyst ved hjelp av keisarsnitt. Avgjersla om keisarsnitt skal vere medisinsk grunna, og må gjerast av lege. Du har ingen lovmessig rett til å bli forløyst med keisarsnitt, med dersom du har behov for det vil du kunne få ein samtale med lege for å få informasjon og moglegheit å diskutere alternative forløysingsmetodar.

Igangse​ttin​​g av ​​fødsel

Uansett kva grunn til at fødsel vert satt i gang, eller kva metode som blir brukt, er det ikkje garantert at fødselen kjem i gang på dagen for behandling.

Ofte må fleire igangsettingsmetodar, og kanskje fleire dagar, brukast for å oppnå modning av livmorhalsen og gjere kvinna og fosteret klar for fødsel.

Kva for ein metode som blir nytta for å setje i gang fødselen avgjer legen ut frå dei undersøkingar som blir gjort. Kor moden livmorhalsen er blir ein avgjerande faktor når metoden for igangsetting skal bestemmast.

Når fødselen har kome i gang vil den gå som ein fødsel som kjem i gang av seg sjølv. Både kvinna og barnet blir følgt opp av jordmor og lege.

Overtidig svang​erskap

Kva som er årsaka til at fødselen ikkje startar innan dei 42 vekene er ikkje klart. 

Hos nokre kvinner er morkakas funksjon etter 42 vekers svangerskap noko redusert, og dette kan gi barnet mindre gunstige forhold i form av at barnet ikkje legg på seg eller ikkje produserer normalt med fostervatn.


Derfor skal overtidige svangerskap kontrollerast nøye, og vi har derfor faste rutinar, i tråd med nasjonale retningslinjer, for kva måte overtidige svangerskap skal følgjast opp.


Kva skjer med deg som går over tida

Går du over termin ta kontakt med fastlege eller jordmor og bli tilvist til sukehuset. Her får du tilbod om undersøking 4-7 dagar etter termin. Her møter du jordmor og fødselslege.


Etter å ha snakka med dei om korleis du har det og korleis svangerskapet ditt har vore, blir du og barnet undersøkt.


Barnet

Magen din blir undersøkt for å finne ut korleis barnet ligg, og for å vurdere storleiken på magen/ barnet.


Fosterlyd blir kontrollert og vurdert. Denne gir viktig informasjon om tilstanden til barnet.


Ultralydundersøking blir gjort med tanke på korleis barnet veks og kor mykje fostervatn som blir produsert.


Kvinna

Lege og jordmor må få vite korleis du har det. Dei fleste er trøytte, litt slitne og lei av å vente når termindato er passert med mange dagar. Det er heilt normalt. Dersom det er andre faktorar som verkar inn på din og barnet sin tilstand ut over dette må legen få vite om det.


Legen vil ofte gjere ei gynekologisk undersøking. Livmorhalsen/livmormunnen blir då vurdert med tanke på modning. Denne undersøkinga kan vere avgjerande i vurderinga av om fødselen kan settast i gang og kva for ein metode for igangsetting som er aktuell for deg.


Etter alle undersøkingane vil legen gjere ei total vurdering med tanke på kva som vil vere best for deg og barnet ditt vidare. Du vil få anledning å diskutere dette og stille spørsmål til legen.


Ut frå dei undersøkingar som blir gjennomført kan fleire alternativ bli aktuelle. Om alt ser fint ut med barnet og deg, blir de sendt heim medan de ventar på spontan fødsel. 

Før du reiser heim vil du ha fått ein avtale om kor tid du skal til fødeavdelinga for å setja fødsel i gang om ikkje fødselen startar av seg sjølv.​​

Bli med på guida tur i fødeavdelinga

Kvar skal du gå? Korleis ser det ut?
Sjå video
Jordmor som ser i kamera.

Barsel

Om lag to timar etter fødselen blir du flytta frå fødestova over til eit barselrom. Barsel- og føderom er i same avdeling. Vi har fire familierom og elles 1-sengs og 2-sengs barselrom.


Ved barselavdelinga arbeidar det jordmødre, sjukepleiere, gynekologar, assistentar og barnepleiarar.

Tida etter fødselen kallast barseltid. Desse første dagane etter fødselen er viktige for forholdet mellom mor og barn. Barnet treng mykje nærkontakt med både mor og far/medmor, og de skal læra å kjenna barnet sine uttrykksmåtar og behov.

Varigheita på barselopphaldet blir tilpassa den enkelte. Etter ein normal fødsel er opphaldet 1-3 dagar, men kan vare lengre om spesielle behov hos mor eller barn krev det. Dei med keisarsnitt har normalt eit opphald på 2-4 dagar etter fødselen.

Om barnet skulle trenge observasjon eller behandling på nyfødt intensiv etter fødselen, vil mor normalt vere i barseleininga 1-3 dagar etter fødselen. Mor får deretter rom i tilknyting til nyfødt intensiv.

Vårt bidrag til deg vil være hjelp og støtte, rettleiing, rådgiving og undervisning i forbindelse med barnestell, amming, din helse og elles alt om tida etter ein fødsel.

Mor/barn-vennleg

Føde-barseleininga har vore godkjend som mor/barn-vennleg sidan april 2006. Det inneber at avdelinga tilfredstiller krava til WHO/UNICEF. Initiativ for å fremme amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn er dei viktigaste elementa.

Ved barseleininga arbeidar det jordmødrer og barnepleiarar. Vi er tilgjengelig heile døgnet. På kvar vakt vil det alltid være ein fast pleiar som har ansvar for deg og barnet ditt. Vedkommande vil ta kontakt med deg etter kvart vaktskifte.

Vi håper at opphaldet kan bidra til at du reiser heim med den nyfødde så godt forberedt og trygg som mogleg. Vi ønskjer deg, den nyfødde og din familie eit trivelig opphald.

Mobilbruk

Vi oppmodar om at alle mobiltelefonar er satt på lydlaus. Ro og kvile er to viktige faktorar for ei god barseltid. Erfaringane våre viser at mange mobilsamtaler, eigne og andre sine, kan vere forstyrrande.

Rutineundersøkingar av barnet

Det gjennomføres en rekke rutineundersøkingar av det nyfødte barnet. 


Barnelegeundersøkinga

Barnet kan tidligast undersøkast av barnelege 6 timar etter fødsel.

Les om underøksinga

Nyføddscreening

Blodprøve blir tatt av barnet 48 timar etter fødselen. Reiser du heim før prøven kan bli tatt, får du avtale om å komme tilbake til sjukehuset for poliklinisk prøvetaking. Av omsyn til den nyfødde, oppfordrar vi mor til å være med på blodprøvetakinga. Det at mor er med, og amming etter prøvetaking, gir kos, trøst og smertelindring. Pass på at barnets føter er varme før prøvetaking.

Vi gir litt sukkervatn som avleiiing ved blodprøvetaking. Morsmelk kan også brukast.

Les meir om nyføddscreening

Vekt av barnet

Vi veg barnet før heimreise. Barnet blir vegd naken. Det er normalt at vekta går ned etter fødsel.

Er amminga godt i gong og barnet får nok melk?

Test av hørsel

Alle nyfødde får tilbod om hørselstest.


Oksygenmetting

Vi måler oksygenmetting i blodet når barnet er om lag 2-6 timar.

Les meir om oksygenmetting

RS-virus og gulsott - viktige tilstandar å vere merksam på

Les meir om desse:

GulsottRS-virus

Det vi kan tilby før heimreise

  • Stell og bading av barnet: Vi viser korleis de steller barnet, deretter kan de få individuell rettleiing. De kan bli tilbydd rettleiing i bad av barnet, om behov for det.Sjå video om bading av barn
  • Jordmorsamtale: Samtale om og gjennomgang av fødselen. Vert gjort fortrinnsvis av jordmor du har hatt under fødselen. Om ikkje du får treffe ”di” jordmor, får ein samtalen med ei anna jordmor.
  • Utreisesamtale er generell samtale om fødsel og barselstid før du reiser heim.
  • Legesamtale om du har hatt keisarsnitt, anna operativt inngrep eller komplikasjonar i forbindelse med fødsel eller barseltid. Samtalen skjer helst med legen som var til stede, men kan også gjerast av anna lege  

Sjå også desse

Helsestasjon/helsesjukepleiar/jordmor

Du får besøk av jordmor eller helsesjukepleiar få dagar etter fødsel. Helsestasjonen ringer deg for avtale. Det er ulikt opplegg i dei ulike kommunane.  Gi beskjed til helsestasjonen om du ikkje reiser heim til di adresse. Sei alltid ifrå om ny adresse og endring i telefonnummer. Dersom du ikkje høyrer frå helsestasjonen i løpet av nokre få dagar etter fødselen, ber vi deg om å ta direkte kontakt. Før utreise får du vite kva helsestasjon du høyrer til. Vi sender melding om fødselen til helsestasjonen elektronisk. 

Dersom du har spesielle behov eller ønske om tidlig heimebesøk, kan vi i samråd med deg, orientere helsestasjon per telefon.

Alle er velkommen til også å ringe helsestasjonen for rettleiing. Det er open helsestasjon ved alle stasjonane en gang i veka. Vennligast ring din helsestasjon for informasjon.



Kontakt etter heimreise

Barselpolklinikken er eit tilbod første veka etter fødsel. Etter ei veke kan Helsestasjonen kontaktast. 

Ved gulsott (bilirubin) gjeld dette dei to første vekene. 

Det nyfødde barnet

Stell

  • Eit nyfødd barn treng ikkje eit bad kvar dag. Om barnet ikkje blir bada, anbefaler vi kroppsvask og skifte av kler ein gong dagleg.
  • Såpe er ikkje naudsynt fordi det tørker ut huda.
  • Tørk godt, spesielt i faldar med hud.
  • Om barnet ikkje blir bada, anbefalar vi kroppsvask og skifte av kler ein gong dagleg.
  • Underlivet til jenter vaskast forfra og baktil for å unngå bakteriar til urinvegane.
  • Forhuda til gutar skal ikkje trekkast tilbake ved vask.

Hugs: Gå aldri frå barn på stellebordet!


Sjå video

Bade Baby

Etter fødsel - Babyen fra topp til tå

Hud

  • Barnet si hud er rosa, men av og til er hendene og føtene noko bleikare eller lett blå - dette er spesielt synleg om barnet er kaldt.
  • Det er normalt ikkje nødvendig med hudpleieprodukt - om barnet ditt treng ekstra hudpleie, finnast det ulike produkt å få kjøpt, spør gjerne apoteket om råd og rettleiing.
  • Nyføddutslett: Røde nuppar med talg, mest i ansiktet, hals, bryst, armer, og gjerne som raudflamma hud. Utslettet skuldast hormonpåverknad frå mor, treng ikkje behandling og forsvinner raskt.
  • Varmeutslett: Raudt utslett som opptrer når barnet har det for varmt og forsvinn ved avkjøling.
  • Ved iltert grønt utslett eller pussblemmer - snakk med helsesjukepleiar.
  • Storkebitt: Raude merker/flekkar i nakke,  på augelokk eller panne. Blir svakare eller forsvinn som regel i løpet av første leveår.
  • Milier: Små kvite prikkar (talgkjertlar) i ansiktet, mest på nasen. Forsvinn etter nokre veker.
  • Gulsott: Normalt hos nyfødde. Gul hud og gul på øyets kvite. Opptrer nokre dagar etter fødsel. I nokre tilfeller må det behandlast.

Navlestell

  • Navlestumpen bør vere rein og tørr, slik at den får tørke. Ved behov kan den vaskast rundt navlefestet med  NaCl 0,9% (dette kjøper du på apotek). Lufttørr etter vask.
  • Unngå gnaging på navlen med bleia.
  • Dersom det er rødt rundt huda eller væskande gul, vask med Klorhexidin. Dette får ein kjøpt på apoteket. Dersom det ikkje er betring eller andre problem oppstår med navlen, kontaktast helsesjukepleiar. 
  • Det tek 5-10 dagar før navlen faller av.

Hugs: God handhygiene (vask) ved stell av navlen!


Bek/avføring

  • Svart seig avføring etter fødselen som etter kvart skifter farge til brun mot gul når matmengda aukar.
  • Morsmelksbarn kan ha avføring fleire gonger dagleg, men det kan også gå dagar eller ei veke i mellom når amminga er veletablert.
  • Dei første vekene bør avføringa vere dagleg, og dagleg gode våte bleier (teikn på nok mat).

Raudfarge på urin

Årsaka er mineral som blir skilt ut frå nyrene. Sjåast særleg om urinen er konsentrert dei første dagane. Forsvinn når barnet får auka mengde mjølk på grunn av gjennomskylling av nyrene.

Minimens

Forbigåande blodig slim kan komme frå skjeden hos jentbabyar etter 5- 6 dagar. Skuldast hormonpåverknad og er ufarleg.

  

Heksemelk
Hovne brystkjertlar som kan væske. Skuldast at barnet har hormon frå under svangerskapet. Kjem hos både jenter og gutar. Går vanlegvis tilbake i løpet av få veker.

  

Negler

Kan vere lange og skape og barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene riv du forsiktig av, ikkje bruk saks.

  

Auge

  • Vaskast frå ytterkanten og inn mot nasen. Auge som væskar, dryppas med saltvatn. Ved gult puss i auga, kontakt lege.
  • Lett bløding på kviten kan forekomme etter fødselen. Forsvinn etter noen dagar. Ufarleg.
  • Den nyfødde er nærsynt og ser klarast på 20 cm avstand.

Øyrer

Ikkje bruk bomullspinne/Q-tips inn i øyrene. Vask bare ytre del av øyra, det som er synleg.


Klede

Tilpass kleda etter temperaturen. Ta gjerne med ull til det nyfødde barnet. Ull regulerer temperaturen godt.


Når kan barnet bli tatt med ut?

  • Ingen regel for første turen ut. Tilpass etter vær og vind.
  • Barnet bør ikkje sove ute om det er under minus 10 grader (følt temperatur).
  • Hugs nett over vogna for å beskytte mot for eksempel katt og insekt.
  • Unngå tildekking av vognas opning med tepper. Barnet må få frisk luft.
  • Unngå overoppheting, tilpass påkleding etter barnet sin temperatur, kjenn etter i nakken.

Soverommet

  • La barnet sove med vindauget på gløtt, men ikkje stå i trekk under eit vindauge.
  • Hald romtemperaturen på 16-18 grader. Bruk den temperaturen de har til vanleg på soverommet.

Sovestilling

  • La barnet sove på ryggen!
  • Unngå mageleie eller sideleie når barnet skal sove. Ryggleie reduserar risiko for plutselig uventa spedbarnsdød ("krybbedød").
  • Andre viktige råd for å førebygge krybbedød er at barnet ikkje skal utsettast for tobakksrøyk, unngå at barnet blir for varmt og unngå at det ligg for trongt nedpakka i vogn, bag eller seng (barnet må kunne røre seg fritt).

Samsoving

  • Samsoving vil seie å ha babyen i senga med seg om natta. Det er positivt for amminga og kontakten mellom mor og barn og kan i tillegg gi ei roligare natt.
  • Nokre forholdsreglar for at samsoving skal være tryggast mogleg: Unngå samsoving om du har røykt i svangerskapet, du/din partner røyker, etter inntak av alkohol, andre rusmidlar eller sløvande medisinar.
  • Unngå overoppheting eller tildekking av barnets hovud. La barnet sove med si eiga lette dyne.
  • La barnet sove på ryggen
  • Unngå samsoving når barnet er sjuk, eller har feber.
  • Unngå for mjuk seng - ha ei fast madrass.
  • Ha ei brei nok seng som gir nok plass til barnet, og unngå at barnet ramlar på golvet.
  • Ikkje samsov på sofa eller i lenestol.
  • Frisk luft i rommet, og 16-18 grader romtemperatur.

Sjå også

Søskensjalusi

Eldre søsken treng mykje merksemd, særlig den første tida. La dei ta del i til dømes stell, bading og kos.


Lydar

Lev som før med moderat støy. Ha på musikk, støvsuger og så vidare.


Kos

Vær tett og nært til barnet. Ein baby kan ikkje bli bortskjemd. Kontakt og kos er viktig.

Amming

Det beste barnet ditt kan få er brystmjølk. Mjølka kjem oftast i gang frå tredje dag etter fødsel. Hos enkelte tek det lengre tid. Det beste er at barnet får suge så ofte det vil. Om der berre er nokre dråpar er dette nok i starten.


Første døgnet kan barnet sove ein del og ha færre måltid. Så vaknar det til og vil suge oftare, opp til 14 måltid per døgn kan være vanleg. Etterkvert finn barnet sin eigen rytme med 6-8 måltider pr døgn. Ofte vil nyfødde ha nattmåltid, men dette varierer.


Dette er viktig for å få til god amming

  • At du tilbringer så mye tid som mulig saman med barnet ditt.
  • At du får kvilepausar og ro. Unngå for mange besøkande.
  • Riktig ammeteknikk og god ammestilling. Personalet er der for å rettleie deg.

Barnets tidlege teikn på svolt

  • Smattar, gaper, tunga slikker leppene.
  • Sikler, søker.
  • Barnet fører handa til munnen.

Ved slike teikn, bør du tilby barnet brystet. Gråt kan vere eit seint teikn på svolt, og det kan vere vanskeleg å roe barnet.


Det å amme gjer ofte

  • At barnet tidleg får den verdifulle råmjølka som blir produsert i starten av mjølke-produksjonen.
  • At mjølkeproduksjonen blir stimulert og kjem i gang.
  • At du minskar problem med brystspreng.
  • At livmora trekkjer seg saman.

Når du har funnet ei god stilling for deg og barnet

  • Stryk brystknoppen mot barnets lepper slik at barnet gapar
  • Vent til barnet gapar høgt.
  • Barnet blir tatt godt inntil din kropp slik at det får ein munnfull bryst.

Teikn på at barnet har rett ammeteknikk

  • Det gaper høyt.
  • Munnen er fylt med bryst.
  • Leppene er bretta utover.
  • Haka ligg inn mot ditt bryst.
  • Barnets hode er flektert litt bakover og barnets nase blir dermed fri.
  • Barnet sug effektivt og du høyrer at barnet svelger.
  • Kjevemuskulaturen arbeider rytmisk heilt bak til øyrene.
  • Med unntak av dei første sugetaka, skal det ikke kjennast vondt for deg.

Teikn på feil ammeteknikk

  • "Hol" i barnets kinn.
  • "Klikkelydar".
Når barnet har godt tak - la det suge til det sjølv slepp taket. Klem ut litt mjølk, og la brystet lufttørre for å førebygge sårheit.

Når barnet sug på brystknoppen, blir ein nerveimpuls i hjernen utløyst som utskil eit hormon som får mjølkekjertlane i brystet til å trekke seg saman. Mjølka strøymer gjennom mjølkegangane til brystknoppen og barnet får mjølk. Dette kallar vi utdrivningsrefleksen. Denne mekanismen blir lett påverka av stress og trøttheit, og det er derfor viktig å prøve å finne stunder for å kvile. Ro i ein ammesituasjon er også viktig. Nattamming er viktig allereie frå første natt.

Prolaktin, hormonet som gjør at mjølk blir danna, har høgast verdi om natta. Derfir er det viktig å amme om natta for å få mjølka til å komme raskare. Prolaktin gjør dessutan at du blir meir trøtt, og derfor sovnar lettare etter amming.

Både før amming og barnestell er det viktig med god hygiene for å førebyggje infeksjonar. Det viktigaste du kan gjere er å være nøye med handvask.

  

Røyking og amming

Du bør ikkje røyke eller snuse. Nikotin går over i morsmjølk og er ikkje bra for barnet. Konsentrasjonen av nikotin er 3 gangar høgare i morsmjølk enn i blodet ditt. Barn bør aldri utsettast for passiv røyking. Dette gir økt risiko for forkjølelsar og lungebetennelsar. Kva skader det gir på lengre sikt, veit ein mindre om.

Bruk av smokk/tutt

Ved bruk av smokk hindrar ein optimal stimulering av brystet. Dette fører til forseinka og nedsett melkeproduksjon. Derfor bør de vente med smokk til amminga er veletablert og barnet har tilfredsstillande vektauke. Dette kan ta fleire veker. Suging på smokk eller flaske krev ein annan sugeteknikk enn ved brystet. Dette kan føre til "sugeforvirring" hos barnet og kan skapa problem for amminge.

 

Medisin
Medisin kan gå over i morsmjølka. Spør oss, apoteket, lege eller sjekk tryggmammamedisin.no om du er usikker. Sovemedisin bør brukas minst mogleg.


Sjå også


Fødestover, observasjonsstover og barselsstover

Fødestover

Hos oss finn du fem fødestover. Alle fødestover har eige bad med dusj og toalett. Éi av fødestovene har badekar. Du kan, så langt det er mogeleg, fritt få ønskje den fødestova du vil vere på under fødselen.


Observasjonsstover

Av og til er det svangerskap som ikkje utviklar seg heilt normalt. Det kan vere at fødselen startar før termin eller at blodtrykket stig. Då kan det vere at mor i kortare eller lengre periodar blir innlagt på avdelinga til observasjon.


Barselstover

Vi har tomannsrom og nokre få einerom, samt fire familierom. Dei aller fleste barselrom på avdelinga har eige toalett og dusj.

Dessutan brukar vi eineromma og tomannsromma om desse ikkje er i bruk til dei gravide. Vi har dessverre ingen moglegheit for at den som er med deg kan overnatte her. Denne må oftast ordne med overnatting sjølv, men tilbod finst for spesielle tilfelle.


Familierom

Familieromma er eit barseltilbod til deg som er frisk. Her har du moglegheit til å ha ein med deg heile døgnet. Barnet er saman med deg under heile opphaldet. Du kan godt bruke eigne klede til babyen dersom du ønskjer det, men du har tilgang på babytøy som på barsel. Ledsagar betalar for kost og losji. Vi har fire familierom.

Pris for partner/barnefar som overnattar på familierom er kroner 615,10 per døgn, og inkluderer alle måltider.

Våre familierom har toalett og dusj i gangen, som disponeres av både barsel og nyfødt intensiv.


Måltid

Vår kantine ligg i tilknytning til Barneavdeling. Her kan en sitte å spise alle måltider. Ledsagar betalar for overnatting og måltid. Faktura blir tilsendt etter utskriving.


Sist oppdatert 20.09.2023