Etter fødselen
Barsel
Tida etter fødselen kallast barseltid. Desse første dagane etter fødselen er viktige for forholdet mellom mor og barn. Barnet treng mykje nærkontakt med både mor og far/medmor, og de skal læra å kjenna barnet sine uttrykksmåtar og behov.
Om lag to timar etter fødselen blir du flytta frå fødestova over til eit barselrom. Barsel- og føderom er i same avdeling. Vi har fire familierom og elles 1-sengs og 2-sengs barselrom.
Ved barselavdelinga arbeidar det jordmødre, sjukepleiere, gynekologar, assistentar og barnepleiarar.
Varigheita på barselopphaldet blir tilpassa den enkelte. Etter ein normal fødsel er opphaldet 1-3 dagar, men kan vare lengre om spesielle behov hos mor eller barn krev det. Dei med keisarsnitt har normalt eit opphald på 2-4 dagar etter fødselen.
Om barnet skulle trenge observasjon eller behandling på nyfødt intensiv etter fødselen, vil mor normalt vere i barseleininga 1-3 dagar etter fødselen. Mor får deretter rom i tilknyting til nyfødt intensiv.
Vårt bidrag til deg vil være hjelp og støtte, rettleiing, rådgiving og undervisning i forbindelse med barnestell, amming, din helse og elles alt om tida etter ein fødsel.
Vi oppmodar om at alle mobiltelefonar er satt på lydlaus. Ro og kvile er to viktige faktorar for ei god barseltid.
Erfaringane våre viser at mange mobilsamtaler, eigne og andre sine, kan vere forstyrrande.
- Eit nyfødd barn treng ikkje eit bad kvar dag. Om barnet ikkje blir bada, anbefaler vi kroppsvask og skifte av kler ein gong dagleg.
- Såpe er ikkje naudsynt fordi det tørker ut huda.
- Tørk godt, spesielt i faldar med hud.
- Om barnet ikkje blir bada, anbefalar vi kroppsvask og skifte av kler ein gong dagleg.
- Underlivet til jenter vaskast forfra og baktil for å unngå bakteriar til urinvegane.
- Forhuda til gutar skal ikkje trekkast tilbake ved vask.
Hugs: Gå aldri frå barn på stellebordet!
Sjå video
- Barnet si hud er rosa, men av og til er hendene og føtene noko bleikare eller lett blå - dette er spesielt synleg om barnet er kaldt.
- Det er normalt ikkje nødvendig med hudpleieprodukt - om barnet ditt treng ekstra hudpleie, finnast det ulike produkt å få kjøpt, spør gjerne apoteket om råd og rettleiing.
- Nyføddutslett: Røde nuppar med talg, mest i ansiktet, hals, bryst, armer, og gjerne som raudflamma hud. Utslettet skuldast hormonpåverknad frå mor, treng ikkje behandling og forsvinner raskt.
- Varmeutslett: Raudt utslett som opptrer når barnet har det for varmt og forsvinn ved avkjøling.
- Ved iltert grønt utslett eller pussblemmer - snakk med helsesjukepleiar.
- Storkebitt: Raude merker/flekkar i nakke, på augelokk eller panne. Blir svakare eller forsvinn som regel i løpet av første leveår.
- Milier: Små kvite prikkar (talgkjertlar) i ansiktet, mest på nasen. Forsvinn etter nokre veker.
- Gulsott: Normalt hos nyfødde. Gul hud og gul på øyets kvite. Opptrer nokre dagar etter fødsel. I nokre tilfeller må det behandlast.
- Navlestumpen bør vere rein og tørr, slik at den får tørke.
- Ved behov kan den vaskast rundt navlefestet med NaCl 0,9% (dette kjøper du på apotek). Lufttørr etter vask.
- Unngå gnaging på navlen med bleia.
- Dersom det er rødt rundt huda eller væskande gul, vask med Klorhexidin. Dette får ein kjøpt på apoteket. Dersom det ikkje er betring eller andre problem oppstår med navlen, kontaktast helsesjukepleiar.
- Det tek 5-10 dagar før navlen faller av.
Hugs: God handhygiene (vask) ved stell av navlen!
- Svart seig avføring etter fødselen som etter kvart skifter farge til brun mot gul når matmengda aukar.
- Barn som brukar morsmelk kan ha avføring fleire gonger dagleg, men det kan også gå dagar eller ei veke i mellom når amminga er veletablert.
- Dei første vekene bør avføringa vere dagleg, og dagleg gode våte bleier (teikn på nok mat).
Korleis veit eg om amminga går bra og barnet får nok mjølk?
Årsaka for raudfarge på urin er mineral som blir skilt ut frå nyrene. Dette kan særleg sjåast om urinen er konsentrert dei første dagane. Dette vil forsvinne når barnet får auka mengde mjølk på grunn av gjennomskylling av nyrene.
Forbigåande blodig slim kan komme frå skjeden hos jentbabyar etter 5-6 dagar. Dette skuldast hormonpåverknad og er ikkje farleg.
Dette er hovne brystkjertlar som kan væske. Det skuldast at barnet har hormon frå under svangerskapet. Dette kan skje hos både jenter og gutar, og forsvinner vanlegvis i løpet av få veker.
Neglene til nyfødde kan vere lange og skarpe, og kan føre til at barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene riv du forsiktig av, ikkje bruk saks.
- Vaskast frå ytterkanten og inn mot nasen.
- Auge som væskar, dryppas med saltvatn. Ved gult puss i auga, kontakt lege.
- Lett bløding på det kvite kan forekomme etter fødselen. Det forsvinner etter nokre dagar og er ikkje farleg.
- Den nyfødde er nærsynt og ser klarast på 20 cm avstand.
Ikkje bruk bomullspinne/Q-tips inn i øyrene til barnet. Vask berre ytre del av øyra, det som er synleg.
Tilpass kleda etter temperaturen. Ta gjerne med ull til det nyfødde barnet. Ull regulerer temperaturen godt.
- Det er ingen regel for første turen ut. Tilpass etter vær og vind.
- Barnet bør ikkje sove ute om det er under minus 10 grader (følt temperatur).
- Hugs å ha eit nett over vogna for å beskytte mot for eksempel katt og insekt.
- Unngå tildekking av vognas opning med tepper. Barnet må få frisk luft.
- Unngå overoppheting, tilpass påkleding etter barnet sin temperatur, kjenn etter i nakken.
- La barnet sove med vindauget på gløtt, men ikkje la barnesenga stå i trekk under eit vindauge.
- Hald romtemperaturen på 16-18 grader. Bruk den temperaturen de har til vanleg på soverommet.
- La barnet sove på ryggen!
- Unngå mageleie eller sideleie når barnet skal sove. Ryggleie reduserar risiko for plutselig uventa spedbarnsdød ("krybbedød").
- Andre viktige råd for å førebygge krybbedød er at barnet ikkje skal utsettast for tobakksrøyk, unngå at barnet blir for varmt og unngå at det ligg for trongt nedpakka i vogn, bag eller seng (barnet må kunne røre seg fritt).
- Samsoving vil seie å ha babyen i senga med seg om natta. Det er positivt for amminga og kontakten mellom mor og barn og kan i tillegg gi ei roligare natt.
- Nokre forholdsreglar for at samsoving skal være tryggast mogleg: Unngå samsoving om du har røykt i svangerskapet, du/din partner røyker, etter inntak av alkohol, andre rusmidlar eller sløvande medisinar.
- Unngå overoppheting eller tildekking av barnets hovud. La barnet sove med si eiga lette dyne.
- La barnet sove på ryggen.
- Unngå samsoving når barnet er sjuk, eller har feber.
- Unngå for mjuk seng - ha ei fast madrass.
- Ha ei brei nok seng som gir nok plass til barnet, og unngå at barnet ramlar på golvet.
- Ikkje samsov på sofa eller i lenestol.
- Frisk luft i rommet, og 16-18 grader romtemperatur.
Sjå også
Eldre søsken treng mykje merksemd, særlig den første tida. La dei ta del i for eksempel stell, bading og kos.
Vær tett og nært til barnet. Ein baby kan ikkje bli bortskjemd. Kontakt og kos er viktig.
Lev som før med moderat støy. Ha på musikk, støvsuger og så vidare.
Etter fødselen gjennomfører vi ein rekke rutineundersøkingar av det nyfødte barnet.
- Barnelegeundersøkinga
Barnet kan tidligast undersøkast av barnelege seks timar etter fødsel.
- Nyføddscreening
Det blir tatt blodprøve av barnet 48 timar etter fødselen. Reiser du heim før prøven kan bli tatt, får du avtale om å komme tilbake til sjukehuset for poliklinisk prøvetaking.
Av omsyn til den nyfødde, oppfordrar vi mor til å være med på blodprøvetakinga. Det at mor er med, ammer etter prøvetaking, gir kos, trøst og smertelindring. Pass på at barnets føter er varme før prøvetaking.
Vi gir litt sukkervatn som avleiiing ved blodprøvetaking. Morsmelk kan også brukast.
- Veging av barnet
Vi veg barnet før heimreise. Barnet blir vegd naken. Det er normalt at vekta går ned etter fødselen.
Er amminga godt i gong og barnet får nok melk?
- Test av hørsel
Alle nyfødde får tilbod om hørselstest.
- Oksygenmetting
Vi måler oksygenmetting i blodet når barnet er om lag 2-6 timar.
- RS-virus og gulsott - viktige tilstandar å vere merksam på
Les meir om Gulsott og RS-virus
Før heimreise tilbyr vi
- stell og bading av barnet: Vi viser korleis de steller barnet, deretter kan de få individuell rettleiing. De kan bli tilbydd rettleiing i bad av barnet, om behov for det. Sjå video om bading av barn
- jordmorsamtale. Dette er ein samtale om og gjennomgang av fødselen. Vert gjort fortrinnsvis av jordmora du har hatt under fødselen. Om ikkje du får treffe ”di” jordmor, får ein samtalen med ei anna jordmor.
- utreisesamtale, som er ein generell samtale om fødsel og barselstid før du reiser heim.
- du får legesamtale viss du har hatt keisarsnitt, anna operativt inngrep eller komplikasjonar i forbindelse med fødsel eller barseltid. Samtalen skjer helst med legen som var til stede, men kan også gjerast av anna lege.
Sjå også desse
- Etter fødsel - Mors kropp
- Bekkenbunnstrening etter fødsel
- Fra pappa til pappa. En informasjonsfilm til nybakte fedre
- Gråt og trøst
- Hvordan du ammer ditt barn – Noen råd den første tiden
- Amming - Helsenorge
- Mat og måltider for spedbarn - Helsedirektoratet
- Vitamintilskudd til spedbarn - Helsenorge
- Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på ulike språk
Du kan kontakte barselpoliklinikken den første veka etter utskrivning. Vi kan nås på telefon 52 73 23 20 / 52 73 23 25.
Ei veke etter utskrivning kan du kontakte din helsestasjon.
Dei som har barn med gulsott (bilirubin) kan kontakte barselpoliklinikken i to veker etter dei har blitt utskriven frå sjukehuset.
Du får besøk av jordmor eller helsesjukepleiar få dagar etter fødsel. Helsestasjonen ringer deg for avtale. Det er ulikt opplegg i dei ulike kommunane.
Gi beskjed til helsestasjonen om du ikkje reiser heim til di adresse. Sei alltid ifrå om ny adresse og endring i telefonnummer. Dersom du ikkje høyrer frå helsestasjonen i løpet av nokre få dagar etter fødselen, ber vi deg om å ta direkte kontakt.
Før utreise får du vite kva helsestasjon du høyrer til. Vi sender melding om fødselen til helsestasjonen elektronisk.
Dersom du har spesielle behov eller ønske om tidlig heimebesøk, kan vi i samråd med deg, orientere helsestasjon per telefon.
Alle er velkommen til også å ringe helsestasjonen for rettleiing. Det er open helsestasjon ved alle stasjonane en gang i veka. Vennligast ring din helsestasjon for informasjon.
- Bokn: Samarbeid om jordmorteneste med Karmøy kommune - Bokn kommune
- Bømlo: Jordmortenesta - Bømlo kommune (bomlo.kommune.no)
- Etne: Etne kommune
- Fitjar: Jordmortenesta - Fitjar Kommune
- Haugesund: https://www.haugesund.kommune.no/helse-omsorg-og-sosiale-tjenester/barn-unge-og-familie/barn/helsestasjon-0-5-ar/
- Karmøy: https://www.karmoy.kommune.no/tjeneste/helsestasjon/
- Kvinnherad: Jordmorteneste og svangerskapsomsorg - Kvinnherad kommune
- Sauda: Jordmor - Sauda kommune
- Stord: Jordmorteneste og svangerskapsomsorg - Stord kommune
- Suldal: Helsestasjon og jordmor - Suldal kommune heimeside
- Sveio: https://www.sveio.kommune.no/helse-og-omsorg/helsestasjon/
- Tysnes: Jordmortenesta - Tysnes kommune
- Tysvær: https://www.tysver.kommune.no/helse-og-omsorg/barn-og-familie/helsestasjon-og-skolehelsetjenesten/
- Ullensvang: Helsestasjonstenesta – Ullensvang kommune
- Utsira: Helsestasjon — Utsira kommune
- Vindafjord: https://www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/barn-ungdom-og-familie/helsestasjon/
Amming
Det beste barnet ditt kan få er brystmjølk. Mjølka kjem oftast i gang frå tredje dag etter fødsel. Hos enkelte tek det lengre tid. Det beste er at barnet får suge så ofte det vil. Om der berre er nokre dråpar er dette nok i starten.
Første døgnet kan barnet sove ein del og ha færre måltid. Så vaknar det til og vil suge oftare, opp til 14 måltid per døgn kan være vanleg. Etterkvert finn barnet sin eigen rytme med 6-8 måltider pr døgn. Ofte vil nyfødde ha nattmåltid, men dette varierer.
- At du tilbringer så mye tid som mulig saman med barnet ditt.
- At du får kvilepausar og ro. Unngå for mange besøkande.
- Riktig ammeteknikk og god ammestilling. Personalet er der for å rettleie deg.
- Smattar, gaper, tunga slikker leppene.
- Sikler, søker.
- Barnet fører handa til munnen.
Ved slike teikn, bør du tilby barnet brystet.
Gråt kan vere eit seint teikn på svolt, og det kan vere vanskeleg å roe barnet.
- At barnet tidleg får den verdifulle råmjølka som blir produsert i starten av mjølke-produksjonen.
- At mjølkeproduksjonen blir stimulert og kjem i gang.
- At du minskar problem med brystspreng.
- At livmora trekkjer seg saman.
Når du har funne ei god stilling for deg og barnet:
- Stryk brystknoppen mot barnets lepper slik at barnet gapar
- Vent til barnet gapar høgt.
- Barnet blir tatt godt inntil din kropp slik at det får ein munnfull bryst.
- Barnet gaper høgt.
- Munnen er fylt med bryst.
- Leppene er bretta utover.
- Haka ligg inn mot brystet ditt.
- Hovudet til barnet er bøyd litt bakover (nasen til barnet blir dermed fri).
- Barnet sug effektivt og du høyrer at barnet svelger.
- Kjevemuskulaturen arbeider rytmisk heilt bak til øyrene.
- Med unntak av dei første sugetaka, skal det ikke kjennast vondt for deg.
- "Hol" i barnets kinn.
- "Klikkelydar".
Når barnet har godt tak - la det suge til det sjølv slepp taket. Klem ut litt mjølk, og la brystet lufttørre for å førebygge sårheit.
Når barnet sug på brystknoppen, blir ein nerveimpuls i hjernen utløyst som utskil eit hormon som får mjølkekjertlane i brystet til å trekke seg saman. Mjølka strøymer gjennom mjølkegangane til brystknoppen og barnet får mjølk. Dette kallar vi utdrivningsrefleksen. Denne mekanismen blir lett påverka av stress og trøttheit, og det er derfor viktig å prøve å finne stunder for å kvile. Ro i ein ammesituasjon er også viktig. Nattamming er viktig allereie frå første natt.
Prolaktin, hormonet som gjør at mjølk blir danna, har høgast verdi om natta. Derfir er det viktig å amme om natta for å få mjølka til å komme raskare. Prolaktin gjør dessutan at du blir meir trøtt, og derfor sovnar lettare etter amming.
Både før amming og barnestell er det viktig med god hygiene for å førebyggje infeksjonar. Det viktigaste du kan gjere er å være nøye med handvask.
Du bør ikkje røyke eller snuse. Nikotin går over i morsmjølk og er ikkje bra for barnet.
Konsentrasjonen av nikotin er 3 gangar høgare i morsmjølk enn i blodet ditt. Barn bør aldri utsettast for passiv røyking. Dette gir økt risiko for forkjølelsar og lungebetennelsar.
Kva skader det gir på lengre sikt, veit ein mindre om.
Ved bruk av smokk hindrar ein optimal stimulering av brystet. Dette fører til forsinka og nedsett melkeproduksjon. Derfor bør de vente med smokk til amminga er veletablert og barnet har tilfredsstillande vektauke. Dette kan ta fleire veker.
Suging på smokk eller flaske krev ein annan sugeteknikk enn ved brystet. Dette kan føre til "sugeforvirring" hos barnet og kan skape problem for amminga.
Medisin kan gå over i morsmjølka. Spør oss, apoteket, lege eller sjekk tryggmammamedisin.no om du er usikker. Sovemedisin bør brukas minst mogleg.
Sjå også
- Hvordan du ammer ditt barn – Noen råd den første tiden
- Amming - Helsenorge
- Mat og måltider for spedbarn
- Ammehjelpen - Norges største kilde til informasjon om amming og morsmelk
- Bryst er best
- Ammestillinger
Korleis veit eg om amminga går bra og barnet får nok mjølk?