På sjukehuset blir det gjort undersøkingar, og det vil mellom anna bli tatt prøvar frå nase eller hals (som ved koronatesting) for å sjå om RS eller eit anna virus er årsaken til sjukdommen. I nokre tilfelle vil det vere aktuelt å ta blodprøvar for å sjå på nivået av CO2 i blodet, og røntgenbilde av lungene.
Respiratorisk syncytial-virus (RS-virus)
Rs-virus er eit vanleg forkjølingsvirus hos både barn og vaksne om vinteren. Vaksne og store barn får lite symptom, og blir fort friske ved Rs-virus-infeksjonar. Dette gjeld også dei aller fleste små barna. Hos nokre små barn kan sjukdommen gi infeksjon i dei små luftvegane (bronkiane) eller lungebetennelse som gir hoste og pustevanskar. Dette gjeld særleg hos dei yngste under eitt år, og spesielt barn under tre månader. For nokre få er det nødvendig med innlegging i sjukehus, og for nokon vil det også vere nødvendig med ulike typar pustehjelp.
Rs-virus smittar gjennom dropar som blir frigjorde ved at ein person som har infeksjon hostar, nys eller snakkar i nærleiken av deg. Smitte kan også overførast dersom du tar på ein stad ein sjuk har ramma, hosta eller nose på, og du deretter gnir deg i auga eller tar deg i nasen.
Det er derfor viktig å halde oppe god handhygiene også heime og mellom sjuke og friske barn.
Vidare blir det anbefalt
- å halde sjuke barn heime frå barnehagar og sjuke vaksne heime frå jobb
- at store søsken vaskar hender når dei kjem heim frå barnehagen før dei helsar på spedbarn i familien
- at storesøsken som blir sjuke ikkje er for tett på spedbarn i familien, spesielt dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon
- at familiar med nyfødde og spedbarn avgrensar besøk. Dersom familien har behov for støtte, omsorg og avlasting, bør dette likevel varetakast
- at småbarnsfamiliar bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom
- at barnehagebarn som er sjuke skal haldast heime frå barnehagen til allmenntilstanden er betre og barnet har vore feberfri i minst 24 timar
Dei vanlegaste symptoma er som ved forkjøling med hoste, nysing og rennande nase. Hos små barn kan sjukdommen gi hoste, pustevanskar og pipande pust. Pusten blir raskare og barnet bruker mykje krefter på å puste. Barnet kan bli bleikt og få ein blåleg farge rundt leppene. Barnet kan få feber, bli sliten, ete lite og vise mindre interesse for omgivnadene. Dei minste barna under 1-2 månader kan i begynninga ha pustepausar av 5-10 sekunds varigheit som einaste symptom.
Tilvising og vurdering
Dersom fastlegen eller legevakten meiner pasienten kan ha behov for innlegging på sjukehus, vil dei tilvise til oss.
Utredning
Behandling
Det er inga behandling som verkar mot sjølve viruset, det må kroppen kvitte seg med sjølv. Behandlinga er derfor å behandle plagene ved å hjelpe til med å halde nasen og luftvegane opne, tilføre ekstra oksygen dersom det trengst, og hjelpe barna med å ete. I nokre tilfelle får barna mat gjennom ein tynn slange gjennom nasen ned i magesekken (sonde).
Viss barna strevar mykje med pusten får dei ekstra oksygena. Vi kan også gi oksygen med noko auka trykk (highflow eller cpap/bipap), som gir enda meir hjelp til å halde luftvegane opne. Er det mykje seigt slim hender det vi gir inhalasjonar med saltvatn.
Oppfølging
Dei fleste barna vil ha hoste som kan vare ei til to veker etter utskriving. Nokre barn treng nokre dagar etter dei har kome heim før dei er like friske som før dei blei sjuke. Dei fleste blir heilt friske og treng ingen spesiell oppfølging i etterkant.

