Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forsking og innovasjon

Når mindre er betre (MINUS)

Ikkje all hjelsehjelp gir like stor nytte. I MINUS-prosjektet vil vi finne ut av kva undersøkingar, behandlingar og oppfølgingstiltak som gir liten eller ingen nytte for pasientane. Vi ser også på kvifor dei likevel blir gjennomførte, og korleis vi kan endre praksis på ein trygg måte utan at det går ut over pasienttryggleiken.

Ei gruppe menneske som poserer for eit bilete

Foto: Pernille Osmundsen

På biletet ser du delar av forskargruppa bak MINUS-prosjektet i Helse Fonna. Foto: Pernille Osmundsen.

Tidlegare studiar har anslått at opptil 30 prosent av aktivitetane i helsetenesta har låg verdi eller kan reknast som sløsing. Om lag 10 prosent kan føre til skade. Eit viktig mål med prosjektet er derfor å identifisere tiltak med låg nytteverdi, forstå kvifor dei framleis blir brukte, og finne gode måtar å endre praksis på. 

Forskningssatsinga er retta mot behandling og oppfølging frå sjukehus og består av fleire arbeidspakkar og delprosjekt. 

Prosjektet blir leia frå Helse Fonna, og vi samarbeider også med forskarar ved andre institusjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Delta i studien

Nedanfor finn du informasjon om dei delane av prosjektet som rekrutterer deltakarar no. 

Del 1: Identifisering av tiltak med låg nytteverdi

Vi ønskjer å snakke med deg som har erfaring som pasient i spesialisthelsetenesta. Ta gjerne kontakt med oss dersom du kan vere med på eit intervju. 

Målet er å få betre innsikt i kva du opplevde som nyttig og verdifullt, og kva du opplevde som mindre nyttig. Dette gjer vi gjennom intervju, anten individuelt eller i gruppe. Intervjuet varer i om lag éin time.

For å delta må du ha vore til utgreiing, behandling eller kontroll i spesialisthelsetenesta i løpet av dei siste fem åra for ei av desse tilstandane:

  • Brystkreft
  • Prostatakreft
  • KOLS (kronisk obstruktiv lungesykdom)
  • Ortopediske tilstandar eller operasjonar, til dømes operasjonar i kne eller hofte, alvorlege brot eller liknande.

Fag- og forskingssamarbeid

Vi ønskjer kontakt med brukarorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre som er interesserte i fag- eller forskingssamarbeid. 

Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir om prosjektet eller diskutere moglegheiter for samarbeid. 

Sist oppdatert 21.10.2026