Vi utgreier og har oppfølging med pasientar som har hatt kirurgiske inngrep, deriblant av pasientar med kreft i mage og tarm.
Det er enkelte behandlingar som ikkje er tilgjengeleg hos oss. Nokre av pasientane våre blir derfor tilvist til andre sjukehus for behandling.
Dei som ha operasjon hos oss vil bli kalla inn til ein poliklinisk dag med ulike forundersøkingar kort tid før innlegging.
Pakkeforløp og forløpskoordinator
Pasientar som blir tilvist til oss i eit pakkeforløp får tildelt eigen forløpskoordinator. Denne personen er pasienten sitt kontaktpunkt. Dette er ein sjukepleiar som tar kontakt med pasienten på telefon, gir råd om kva som skal skje, og følgjer opp pasienten fram til innlegging og operasjon.
Forløpskoordinatoren er også pasienten sin kontaktperson opp mot andre sjukehus viss pasienten skal ha operasjon eller behandling der.
Pakkeforløp kreft - Helse Fonna HF
Overvektspoliklinikk
Vi har lang erfaring med fedmeoperasjonar. Dette er ei behandling som gjeld personar med sjukeleg overvekt og som ønsker å gå ned i vekt, men som ikkje har lykkast etter gjentatte forsøk. Vi tilbyr overvektskirurgi med både gastric bypass og gastric sleeve.
Dei som vel å ta fedmeoperasjon blir tett følgd opp med konsultasjonar, kurs og eigne sjukepleiarar som følgjer dei opp gjennom ein femårig periode. Under opplæringsløpet jobbar vi med vektreduksjon, kosthald og ernæring.
Stomi og inkontinenspoliklinikk
Vi tilbyr informasjon, rettleiing og behandling til pasientar som treng eller har fått utlagt tarm (stomi) og pasientar med inkontinensproblematikk (ufrivillig lekkasje av urin eller avføring).
Les meir om Stomi (utlagt tarm) - Helse Fonna HF
Viktig informasjon om innkalling til time
Du får eit innkallingsbrev med tidspunkt og stad for timen din, og kva undersøkingar du eventuelt skal ha. Det er òg mogleg å ha telefon- og videokonsultasjon istaden for å møte opp fysisk.
Innkallingsbrevet kjem digitalt via helsenorge.no. Der kan du òg sende meldingar til oss om du har spørsmål eller må endre timen. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, får du brevet i postkassen.
NB! Det er viktig at du leser innkallingsbrevet i god tid før timen. Ofte må du ta undersøkingar før du kjem til timen.
Medisinar: ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Denne bør innehalde namn på medisinen, dose, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.