Pakkeforløp kreft
Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg baserte og normgivande. Dei skal bidra til at utgreiing og behandling er meir føreseieleg for pasienten og samstundes bidra til auka tryggleik.
Pakkeforløp er ein nasjonal standard for kor lang tid dei ulike elementa i eit utgreiings- og behandlingsforløp skal ta. Det er etablert 28 pakkeforløp for kreft og 31 diagnoserettleiarar for fastlegar.
Diagnoserettleiarar og informasjon om pakkeforløpa for kreft - informasjon frå Helsedirektoratet
Pakkeforløp for kreft - informasjon til pasientar, pårørande og andre på helsenorge.no
Sist oppdatert 06.09.2024