Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk avdeling

Informasjon om operasjon

Før operasjon

Du får samtale med sjukepleiar, lege og anestesipersonell på poliklinikken. Du får også eit informasjonshefte du skal lese og ta med ved innlegging.

Kor lenge du må vere innlagt, kjem an på typen operasjon og kva omsyn vi må ta etterpå.

Oppmøte

  • Du møter på sengeposten dagen før operasjon eller om morgonen same dag.
  • Ved nokre operasjonar møter du direkte på operasjonsavdelinga.
  • Dato, klokkeslett og oppmøtestad står i innkallingsbrevet.

Forberedingar heime

Mosjon

God fysisk form er ein fordel. Vi tilrår daglege spaserturar. Litt mosjon er betre enn ingen.

Røyking

Vi tilrår at du sluttar å røyke så tidleg som mogleg før operasjonen. Dette reduserer risikoen for komplikasjonar, som lungeproblem og dårleg sårtilheling.

Mat og drikke

God ernæring er viktig. Spis sunn og næringsrik mat. Har du dårleg matlyst eller ufrivillig vektnedgang, tilrår vi tre næringsdrikkar dagleg fram til operasjonen, i tillegg til vanleg mat. Du kan også tilsetje næringspulver i mat og drikke.

Næringsdrikkar og pulver får du kjøpt på apoteket, og du får utdelt nokre når du snakkar med sjukepleiar før operasjonen. Har du diabetes, må du bruke næringsdrikkar tilpassa diabetikarar.

Alkohol

Vi tilrår at du sluttar med alkohol fram til operasjonen. Under inga omstende må du drikke alkohol dei siste 48 timane før operasjon.

Sjukdom

Får du feber, infeksjon eller forverring av sjukdom siste veka før operasjonen, må du kontakte avdelinga på telefon 52 73 24 30.

Stomi

Skal du få stomi, bør du lese brosjyren og øve på stomistell med utstyret du har fått.

Stomi (utlagt tarm) - Helse Fonna HF

Opphald på sjukehuset

Vanlegvis er du innlagt 2-7 dagar. Komplikasjonar kan forlenge opphaldet. Har du behov for kommunale tenester, søkjer vi om dette for deg.

Transport

Vi oppmodar om at familie køyrer deg til sjukehuset. Dersom det ikkje er mogleg, kan vi bestille transport via Pasientreiser.

Kontakt Pasientreiser for informasjon om dekking av reiseutgifter på telefon 05515.

Sist oppdatert 04.12.2025